Beitragsseiten

2.2. Omgrep

Før eg sett i gang er det viktig å avklare nokre omgrep:

  • Norsk: ”Ordet «norsk» kan […] ha to ganske forskjellige typer av betydninger: det kan vise til det politiske territoriet Norge (staten Norge), eller det kan vise til den etniske gruppen som kalles nordmenn ”[5]
  • Innvandrarar: ”Begrepet innvandrer benyttes som en felles betegnelse på personer med utenlandsk bakgrunn, uansett opprinelig årsak til innvandringen. Likevel er dette utvilsomt et begrep der det knyttes klare assosiasjoner til personer med mørkere utseende en etnisk norske og som kulturelt sett gjerne hevdes å være svært annerledes.”[6]
  • Utlending: Er ein person frå utlandet eller nærmare bestemt ein person som oppheld seg i eit land der den ikkje er statsborgar. I dette essayet skal eg bruke utlending om omgrep for personar frå andre land som oppheld seg i Noreg over eit lengre tidsrom.
  • ”Folkekyrkje” har opphavet sitt i det tyske ”Volkskirche”. Dette kjem frå den tyske protestantismen og finns for første gong hjå F.D.F. Schleiermacher tidleg på 1800talet. Folkekyrkja er for han kyrkja si framtid og eit alternativ til statskyrkja som ei  kyrkje ”som ikkje står under staten sitt tilsyn eller formynderiet”[7] Det er prega av Herder som ser på folket som ”Kulturnasjonen” som  er prega av språk og poesi.

Etterkvart blir det eit kjenneteikn for folkekyrkja det at ein også aksepterer eit distansert medlemskap som legitimt. Slik er Den norske kyrkja ”folkekyrkja med vekt på å være ei kyrkje for alle som brukar ho ved livets store høgtider og markeringar”[8]
Folkekyrkjeomgrepet i Noreg i dag blir ikkje brukt som alternativ til statskyrkja, statskyrkja blir heller sett som garant for folkekyrkja:
Folkekirke er både en beskrivende karakteristikk av en historisk gitt  sosialform av kirken og en ansporende målbestemmelse: kirken sikter med sin forkynnelse og diakoni mot å omslutte en så stor del av folket som mulig”[9]

For meg er ”folket” ikkje primært etnisk bestemt, men fellesskapet av dei som identifiserar seg staten Noreg. Eg opplever ”Folkekyrkja” i eit spenningsfelt mellom å være kyrkje for det dei etnisk norske, dagens norske folk og befolkninga i Noreg.