Beitragsseiten

5.2. Folkekyrkja for den nye delen av folket?

Nordmenn og innvandrar er ei kyrkje etter Paulus: ”éin Herre, éi tru, éin dåp” (Ef 4,5), men kulturane og opplevingane deira kan være nok så forskjellige.

Den norske kirke har aldri hatt flere medlemmer enn i dag. Samtidig har aldri en større andel av befolkningen stått utenfor Den norske kirke.”[28] Årsaka til dette kan være at kyrkja ikkje klarer å inkludere ein voksande del av befolkninga: Innvandrarane. Namnet i seg sjølv er ikkje inkluderande og inviterande, men kyrkja bør være det om ho ynskjer å være kyrkje for heile folket ikkje ber dei etnisk norske. Kyrkja bør gå innvandrarane i møte. Vi er vant til at folk kommer til oss om de vil oss noe. Innvandrere må puffes litt mer på. Jeg sender dem sms og da kommer de.”[29] 

Det er tersklar som gjer vegen inn i Den norske kyrkja vanskeleg for innvandrarar. Eg ser fem moment som gjer at kyrkja blir oppfatta av innvandrarar som berre for dei norske: