Beitragsseiten


1. Innleiing

Det er onsdag kl. 9.00 på eit kyrkjekontor ute i distriktet i Den norske kyrkja. Det er stabsmøte. Rundt bordet sitt det ei kyrkjeverje, ein prosjektleiar, ein prest og ein kyrkjetenar. Kyrkjeverja er den einaste av dei som er vakst opp i Noreg.  Ingen av dei andre har norsk som morsmål. Dei snakkar om ein tyskar som etter over 10 år har fått med seg at han kan melde seg inn i Den norske kyrkja. Dei diskuterar korleis ein kunne få betre kontakt med dei polske innvandrarane og sjølvsagt også mange andre ting.

Dette er ennå ingen vanlig situasjon i Noreg, men den kan bli meir og meir vanleg.  Den norske kyrkja ynskjer å være ”ei vedkjennande, misjonerande, tenande og open folkekyrkje”.[1] Men kven er dette folket som ho skal være folkekyrkje for?

 

 

”I dag er det 508 000 personer bosatt i Norge som enten har innvandret selv eller er født i Norge med innvandrerforeldre. Til samme utgjør disse gruppene 10,6 prosent av befolkningen. Om lag 233 000 personer har bakgrunn fra Europa. Av disse er det 60 500 fra land i Europa utenom EU/EØS. Det er 186 000 personer med bakgrunn fra Asia, 61 000 med bakgrunn fra Afrika og 17 000 med bakgrunn fra Sør- og Mellom-Amerika. I tillegg er det 10 500 personer med bakgrunn fra Nord-Amerika og Oseania.”[2]

Om lag 10 % av den norske befolkninga har bakgrunn i eit anna land, minst halvparten av dei har røtene sine i land som er prega av den  kristne kulturen. Om lag ” 40% av innvandrerne til landet kommer fra en kristen kulturbakgrunn.”[3] Mange kjem til og med frå kyrkjesamfunn som Den norske kyrkja har fellesskap med, enten gjennom Det lutherske verdensforbund, Leuenbergkonkordien eller Porvoo-avtalen. Men det er få av dei som finn vegen til Den norske kyrkja. Slik opnar seg eit stort felt og ikkje alt kan belysast ei eit essay. Eg skal difor konsentrere meg på spørsmålet: Kva er forholdet og forventningane til den nye delen av ”folket” til Den norske kyrkja? Gjennom dette håper eg også å kunne peike ut nokre moment for at kyrkja skal kunne være folkekyrkja for heile folket i den nye ”folkevandringstidalderen”.

 

2. Metodar

2.1. Kjelder

Når eg skal sjå på forholdet mellom innvandrarar og Den norske kyrkja så eg sjå på begge to. Eg skal starte ved kyrkja og korleis ho står frem gjennom utillingsvindauge sitt: kirken.no . I tillegg til dette skal eg sjå på kyrkjelova som det formelle grunnlaget og det eg oppfattar som holdning blant medlemmane i kyrkjelydane mine. 

Gjennom 2 strukturerte intervju med utlendingar og gjennom mine eigne erfaringar som prest med utanlandsk bakgrunn i Den norske kyrkja ynskjer eg å skape meir innsikt i erfaringane og forventningane til innvandrarar. Eg skal analysere desse intervju og mine eigne erfaringar ved hjelp av litteratur. Særleg bøkane til Thomas Hylland Eriksen, ”Flerkulturell forståelse” og ”Kultur forskjeller i praksis”, skal danne bakgrunnen for analysen.
Folkekyrkjeomgrepet skal danne bakteppet refleksjonen. Her skal eg bruke mine erfaringar i møte med etnisk norske medlemmer av kyrkjelydane mine, forskjellige leksikonartiklar og ”Ei vedkjennande folkekyrkje” av Olav Fykse Tveit, og materialet frå Bakkevikutvalet. Artikkelen til Ingrid Vad Nilsen[4] skal danne eit ugangspunkt for å peike på moglege utviklingar i framtida.

Det er farleg å snakke generaliserande om ”dei innvandrarane” og ”dei norske”. Eg kjenner meg som ein del av begge gruppene. Men eg ser også at dei norske som er medlem av folkekyrkja sidan dei blei født har andre behov enn dei innvandrarane som har klart vegen  inn i kyrkja eller som kunne være på vei ditt.


2.2. Omgrep

Før eg sett i gang er det viktig å avklare nokre omgrep:

  • Norsk: ”Ordet «norsk» kan […] ha to ganske forskjellige typer av betydninger: det kan vise til det politiske territoriet Norge (staten Norge), eller det kan vise til den etniske gruppen som kalles nordmenn ”[5]
  • Innvandrarar: ”Begrepet innvandrer benyttes som en felles betegnelse på personer med utenlandsk bakgrunn, uansett opprinelig årsak til innvandringen. Likevel er dette utvilsomt et begrep der det knyttes klare assosiasjoner til personer med mørkere utseende en etnisk norske og som kulturelt sett gjerne hevdes å være svært annerledes.”[6]
  • Utlending: Er ein person frå utlandet eller nærmare bestemt ein person som oppheld seg i eit land der den ikkje er statsborgar. I dette essayet skal eg bruke utlending om omgrep for personar frå andre land som oppheld seg i Noreg over eit lengre tidsrom.
  • ”Folkekyrkje” har opphavet sitt i det tyske ”Volkskirche”. Dette kjem frå den tyske protestantismen og finns for første gong hjå F.D.F. Schleiermacher tidleg på 1800talet. Folkekyrkja er for han kyrkja si framtid og eit alternativ til statskyrkja som ei  kyrkje ”som ikkje står under staten sitt tilsyn eller formynderiet”[7] Det er prega av Herder som ser på folket som ”Kulturnasjonen” som  er prega av språk og poesi.

Etterkvart blir det eit kjenneteikn for folkekyrkja det at ein også aksepterer eit distansert medlemskap som legitimt. Slik er Den norske kyrkja ”folkekyrkja med vekt på å være ei kyrkje for alle som brukar ho ved livets store høgtider og markeringar”[8]
Folkekyrkjeomgrepet i Noreg i dag blir ikkje brukt som alternativ til statskyrkja, statskyrkja blir heller sett som garant for folkekyrkja:
Folkekirke er både en beskrivende karakteristikk av en historisk gitt  sosialform av kirken og en ansporende målbestemmelse: kirken sikter med sin forkynnelse og diakoni mot å omslutte en så stor del av folket som mulig”[9]

For meg er ”folket” ikkje primært etnisk bestemt, men fellesskapet av dei som identifiserar seg staten Noreg. Eg opplever ”Folkekyrkja” i eit spenningsfelt mellom å være kyrkje for det dei etnisk norske, dagens norske folk og befolkninga i Noreg.


3. Intervju

3.1. Utval av personane

Det finns kristne innvandrarar frå mange land. Bortsett frå katolikkar frå Filipinane kjem dei største gruppene av kristne innvandrarar frå europeiske land. Dei langt fleste innvandrarar i 2008 kom frå Polen etterfølgd av Tyskland, Sverige og Litauen. Desse innvandrarane er ””usynlige” de fleste av oss [nordmenn] tenker kanskje ikke engang på dem som innvandrere.”[10] Likevel er dei innvandrarar, dei finns i så sagt alle sokn, og dei fleste av de er ikkje medlem i nokon trus- eller livsynssamfunn.

Eg har gjennomført 2 intervju i tillegg til å svare på spørsmåla sjølv. Eg bestemte meg for samle inn innspel i lokalt på Sunnmøre. Dei eg ville spørje skulle være utlendingar som kunne være ei relevant målgruppe for Den norske kyrkja. Dei skulle difor være kristne eller kome frå land med kristen kultur. Opphaldet deira i landet skulle være lagd opp til å ha ei viss varigheit. Begge kjønn skulle være representerte. Dette er ikkje enkelt å få til. Eg enda til slutt med ei polsk kvinne med barn i barnehagealderen som er gift med ein polsk ektefelle og ein mann med bakgrunn frå ei protestantsk kyrkje i Tyskland som er gift med ei norsk dame og har barn i ungdomsskulen. I tillegg kjem eg sjølv som prest og trebarnsfar i småbarnsfasen med ektefelle frå Tyskland. Det kan være uheldig at eg bruker meg sjølv med mine erfaringar inn i dette, men samstundes var denne informasjonen det var enklast å få tak i. I tillegg ville dette være eit innspel frå ein innvandrar som står trygd i Den norske kyrkja.


3.2. Ein inngift med protestantsk bakgrunn

T er ein man frå Tyskland som har vært foreldrekontakt då den eldste sonen hans var konfirmant. Denne oppgåva tokk han på seg til tross for at han sjølv ikkje var medlem i kyrkja på dette tidspunktet. Til tross for at kona hans er norsk er borna hans døypte i Tyskland. Då vi trengte dåpsattesten til sonen hans kom vi inn i ein samtale, der han oppdaga at ein ikkje trengte å være norsk statsborgar for å kunne være medlem i Den norske kyrkja, slik som han trudde fram til då. Etter denne samtalen meldte han seg inn i kyrkja ”for å gjer den meir folkeleg”. Gjennom dette mista han ikkje sin sovande medlemsskap i den tyske kyrkja.[11] Han er flytande på norsk nærmast utan aksent. Han deltar i det kyrkjelege livet minst like mykje som dei norske naboane hans. Når han er heime er han ofte med på høgtidsgudstenestene.

Ei kyrkje som gjennom media står fram som prega av strukturar og hierarki. Den har mange representantar med mange meiningar og for tette band til staten.” Dette er ein av dei viktigaste grunnane for han for at Den norske kyrkja for han lenge stod frem som ei kyrkje berre for dei norske. Sjølv om han nå er medlem av Den norske kyrkja opplever han ho framleis som ei veldig norsk statskyrkje og ikkje som ei folkekyrkje. Han seier: ”Ynskjer ho å være ei folkekyrkje må ho opne seg meir for innvandrarar.” og ”Kyrkja må bli meir folke- og mindre statskyrkje.”  


3.3. Ei nyinnvandra kvinne med katolsk bakgrunn

K er ei kvinne frå Polen ho er tidleg i 30åra og flytta til Noreg for 11 månader sidan etter at mannen henna jobba ei stund i ein lokal bedrift. Dei har tvillingar som blir fire år i år. K snakkar betre norsk enn dei fleste polakkar i bygda Dei definerar seg som polske katolikkar sjølv om dei ikkje er innmeldt i den katolske kyrkja her i landet. Ho peikar på at den nærmaste katolske kyrkja er eit godt stykke unna og ”det er heller ikkje polsk prest der”. Dei er i utgangspunkt vante med kyrkjegong. Ho seier at ” Borna min likte å og gå på gudsteneste for å syngje.” Den norske kyrkja i nærmiljøet opplever som nær men avstengt og utilgjengeleg for dei: ”Ein gon ville vi gå i ei kyrkje, men den var stengt. Katolske kyrkjer er neste alltid opne.” Språket er ei stor utfordring ho snakkar bra norsk sjølv om vi av og til har behov for avklaringar på engelsk eller polsk og tsjekkisk. Når ho seier: ”Eg er i gang med å lære bokmål, men mange polakkar snakkar dårleg norsk og berre engelsk. Dei går ofte til kyrkja i polen, men her forstår dei ingenting. Kanskje om det fants gudsteneste på engelsk…”  Er også det eit uttrykk for at ho opplever Den norske kyrkja som norske og lite opne for kristne frå andre land og med andre morsmål?


3.4. Presten frå utlandet

Det var i slutten av 2001 at eg og kona mi flytta til Noreg.. Sidan eg sikta mot å bli prest i Noreg oppdaga eg at eg då måtte melde meg inn i kyrkja. Eg hadde lest at Den norske kyrkja skulle være ei luthersk kyrkje så eg tvila aldri på at dette skulle gå an å melde seg inn i det, sjølv om eg eigentleg hadde antatt at det skjedde automatisk, då eg meldte flytting til Noreg. Då eg ikkje blei spurt om mykje og mangt ved flyttinga men ikkje om eg var medlem eller ynskja kontakt med eit trus- eller livssynssamfunn. Da vi hadde funne vegen innom eit kyrkjekontor, men innmelding verka ikkje som ei kjent sak for dei.  Til slutt fekk vi innmeldingsattest og eit halvt år seinare var eg ordinert prest. Likevel er det noko som må har gått gale: Seinare som sokneprest måtte eg melde meg inn ein gong til.

Sidan denne gangen har eg stått for fleire innmeldingar i Den norske kyrkja. Mange av dei er utlendingar som i utgangspunktet ikkje trudde at det var plass for  dei i kyrkja. 

Eg har besteforeldre som er født i 3 forskjellige land og i fleire generasjonar har nærmast vert ei tradisjon i familien min å ha minst to statsborgarskap i løpet av livet.

I byrginga var det rart for meg å be for ”kongen og hans hus, vårt folk og fedreland og våre landsmenn på havet og i framande land”[12] ennå meir rart var det for å skulle halde gudsteneste den 17. mai 2003, den første nasjonaldagen eg var i Noreg. I dag er eg sjølv norsk statsborgar.

Som prest møter eg ofte ei forventning om at eg ta vare både på den bevisste og den ubevisste norske kriste kulturen. Mykje av det er ubevisst. ”Det er slik det skal gjøres” eller ”Det er sånn det er” gir uttrykk for en kulturell innlæring som går dypere enn det bevisste, reflekterte plan.”[13] Når eg i tillegg prøver å ta vare på min eigen identitet kan det skape uro rundt meg. Eg blir aldri heilt norsk, sjølv om eg opplever at det er menneske som forventar det. Likevel er det sårande å møte dei andre som gang på gang kjenner eit behov for å undervise meg i at ”slik er det her” og ”slik skal du oppføre deg som sokneprest”, sjølv etter 7 år i stillinga. Ikkje minst det at eg møter desse holdningane også i staben gjer at også eg opplever den norske kyrkja som ei kyrkje særleg for dei norske og av og til meir norsk enn kyrkje.


4. Kulturell refleksjon

4.1.Den norske kyrkja som ei norsk folkekyrkje

4.1.1. Kirken.no som utstillingsvindauge til kyrkja

kirken.no består av to delar. For den sentrale delen  er det kyrkjerådet ved ansvarleg redaktør Trude Evenshaug har ansvar. For dei mange subdomain er det dei lokale kyrkjelydane, fellesråda, bispedømma og andre råd og einingar i kyrkja står ansvarleg for.

I den sentrale delen finns det slik eg opplever det eit stort tilbod på bokmål, ei litt tilfeldig  utval av informasjon på nynorsk og ein kort presentasjon på engelsk, der eg opplever medlemmer i økumeniske bevegelsen ute i verda som målgruppe. På lokalt plan finns det ennå mindre informasjon på andre språk.
Informasjonen på kirken.no er tydleg retta mot etniske nordmenn, og tenkt til å gi dei informasjon om kyrkja og deira struktur. Den har lite for innvandrarar som ynskjer informasjon om og kontakt med kyrkja. Dette blir også synleg gjennom sjølv presentasjonen av kyrkja der:

”Om Den norske kirke

Den norske kirke er et evangelisk luthersk kirkesamfunn.

De fleste nordmenn (ca. 83 %) tilhører Den norske kirke, og mange uttrykker sitt religiøse liv gjennom Kirkens ritualer og høytider. Hvert år holdes 70000 gudstjenester i 1600 kirker i de 1285 menighetene.”[14]


4.1.2. Kyrkjelova

Det er kyrkjelova som definerar kyrkja som ein del av statsadministrasjonen. Den definerar Den norske kyrkja som ei ”evangelisk-luthersk folkekirke i Norge”[15], strukturen, kompetansane og ansvarsforhold, stemmeretten og medlemsskapet. Om kven som kven være medlem står det der: ”Bare en person som er bosatt i riket og norsk statsborger bosatt i utlandet kan være medlem av Den norske kirke.”[16] Slik definerast kyrkja som norsk i begge tydingar: Som kyrkja både for dei etnisk norske og for dei som bur i kongeriket Noreg. Det opnar for at innvandrarar kan bli medlem i kyrkja, sjølv om eg etter mine erfaringar framleis lurar på kor velkomne dei er.


4.1.3. Den norske kyrkja som ei lokal folkekyrkje

Statskyrkja er staten sitt religionsvesen som formidlar og ritualiserer kontakten med det heilage. Når ein blir født inn i dette samfunnet blir ein også ein del av eit religiøst fellesskap.”[17]
 I motsetning til for eksempel Polen og Irland der det å være katolikk og det å tilhøyre nasjonen hører fast samen, blir det ”å være protestantsk kristen […] ikkje oppfatta som særleg viktig for å være norsk. ”[18]

I den norske folkekyrkja skal staten garantere for at det blir kyrkjeleg betening på by og bygd, i sentrale strøk og på den yttarste øy. For folk flest er kyrkja den kyrkja dei har lokalt og som blir representert av bygningen.”Den sterke betydningen av kirkehuset har kommet til uttrykk gjennom folks reaksjoner etter de kirkebranner vi har hatt mange steder de siste årene.”[19]

”Et aspekt ved kirkens rolle i det sivile samfunn er dens rolle som kultur institusjon”[20] Denne rolla gjer at den lokale kyrkja etter mi oppleving gjerne blir veldig bunden av tradisjonar. Den skal ta vare på tradisjonane, den skal forsyne med kjente seremoniar og ritual og den skal være der i livet sine krisetider. Den opplevast i større grad ei institusjon og i mindre grad som eit fellesskap. Likevel er det på grunn av den demokratiske strukturen vanskeleg som samanlikne denne forståinga som institusjon med modellen som Dulles skisserer i ”The Church as an institution”[21], sjølv om det også i den norske kyrkja er viktig ”that all of the tests of membership be visible, that is to say, juridically applicable.”[22]

Innvandrarar som kjem til kyrkja kan ha andre behov: ”Å ha et fargerikt fellesskap ville være å jobbe mot kulturen og det er vanskelig i en menighet.”[23] Dette kan irritere og utfordre både dei lokale kyrkjelydane og kyrkja sentralt. Ein må bestemme seg: Skal kyrkja være ei kyrkje for heile befolkninga kan ho ikkje overlate innvandrarane til den katolske kyrkja eller frikyrkjene: ” jeg skjønner godt at de går i pinsemenigheten. Jeg har opplevd afrikansk gudstjeneste, det er en annen spiritualitet. Samholdet rundt troen oppleves sterkere – enheten. Det ville vært en rikdom for menigheten hvis afrikanerne hadde fått prege den mer. Flere hadde kommet til.”[24]


4.2. Innvandrarane si røynd

Gjennom eiga erfaring og gjennom å være sjelesørgjar for fleire innvandrar veit eg litt om kva det meiner å flytte til eit anna land: Når du forlatar heimlandet ditt gir du ofte også avkall på det sosiale nettverket ditt. Familien og venner kan plutseleg være opplevast langt unna. Noreg har tatt imot folk frå mange land dei siste åra. Mange av dei er komen for å bli men mange av dei kjenner seg også temmeleg einsame. Dei møter store utfordringar: Ein skal byggje seg eit nytt sosialt nettverk mens ein ikkje beherskar språket, men heller blir beherska av det, særleg når språket sett nok så tronge grenser på kva ein klarer å kommunisere. Resultatet blir ofte at ein byggjer det sosiale blant sine eigne, blant innvandrar som kjem frå det same landet eller same regionen som ein sjølv.[25] Denne mekanismen kallast for marginalisering[26] som omskrivar ei situasjon der innvandrar held seg for seg sjølv ved sidan av lokalsamfunnet og kan leie frem til ei segregering, der dei blir mest opptatt av å ta vare på si eiga kultur og der det blir vanskeleg å kome i kontakt med dei. Begge situasjonar gjer det vanskeleg å integrere seg . Integrasjon det meiner at ein kjem til ein prosess, der ein kjenner seg velkommen og går vegen i lag i staden for kvar for seg. Integrasjon må skiljast frå assimilering som meiner at ein velkomen i landet så lenge ein blir slik som folket i landet.

Skal ein som innvandrar bli i landet og leve lukkeleg her, bør ein integrere seg  og slå rot her, og byggje seg eit sosialt nettverk som også omfattar etniske nordmenn. Det er viktig å knyte kontaktar med det landet ein lever i og samstundes å ta vare på sin eigen identitet og å bli akseptert som den ein er. Sjølv om det er forskjell mellom forskjellige innvandrargrupper og innvandrarar som er gifte med norske ektefellar eller som kjem frå vestlege land ofte har ei betre utgangsposisjon så er det å byggje seg eit sosialt  blant nordmenn ei ufordring for nesten alle.  Mange nordmenn har eit sosialt nettverk som består av familie og venner frå barndomen og ungdomsåra som er stort nok, slik at ofte ikkje har det store behovet for å suplere det med fleire.  Bjørn Gabrielsen omskriver denne opplevinga nok så treffande ”Her er en sannhet om nordmenn som vi sjelden ser eller diskuterer: Vi er et klansamfunn, å få innpass hos oss er minst like vanskelig som å komme utenfra og bli godtatt av mafiafamilien i ‹‹Sopranos››[27].”

Innvandrar har ofte andre forventningar til kyrkja. Når et etterlysast ”meir folkekyrkje” er dette eit uttrykk for at ein i mindre grand enn mange nordmenn har behov som kyrkja som ei institusjon og i større grad som eit fellesskap, ei arena for å danne eit sosialt nettverk og det bør kyrkja leggje til rette for både for eksempel med å senke tersklane som språket skapar dvs. med informasjon og arrangement på fleire språk.


5. Teologisk hermeneutisk refleksjon:

5.1. Sanctam Ecclesiam catholicam

Det står i både den nikenske og den apostoliske truvedkjenninga at vi trur på ”ei heilag allmenn kyrkje”. ”Sanctam Ecclesiam catholicam” står det på latin.  Kyrkja skal være ”allmenn”, ”katolsk”, det vil si at den skal være verdsomfattande og famne menneske frå mange forskjellige land og grupper. Eit trussamfunn med denne vedkjenninga skulle ha eit godt utgangspunkt for å kunne yte eit viktig og stort bidrag til å integrere innvandrar.

Den norske kyrkja brukar denne vedkjenninga  og opplevast av innvandrar ofte som nær, men også som  ”berre for dei norske”. Det er få innvandrar som finn vegen inn i kyrkja, dei fleste av dei melder seg aldri inn i noko som helst trus- eller livssynssamfunn i Noreg og mister ofte  også kontakten med det trus- eller livssynssamfunnet dei voks opp i for eksempel på grunn av dei store avstandane her i landet. Likevel ser dei på seg sjølv som gode katolikkar, protestantar, ateistar osv. Om ikkje Den kyrkja klarer å fange opp i det minste lutheranarar, men også andre kristne frå andre land mister ho noko av si eigenart i forhold til  den tredje trusartikkelen.


5.2. Folkekyrkja for den nye delen av folket?

Nordmenn og innvandrar er ei kyrkje etter Paulus: ”éin Herre, éi tru, éin dåp” (Ef 4,5), men kulturane og opplevingane deira kan være nok så forskjellige.

Den norske kirke har aldri hatt flere medlemmer enn i dag. Samtidig har aldri en større andel av befolkningen stått utenfor Den norske kirke.”[28] Årsaka til dette kan være at kyrkja ikkje klarer å inkludere ein voksande del av befolkninga: Innvandrarane. Namnet i seg sjølv er ikkje inkluderande og inviterande, men kyrkja bør være det om ho ynskjer å være kyrkje for heile folket ikkje ber dei etnisk norske. Kyrkja bør gå innvandrarane i møte. Vi er vant til at folk kommer til oss om de vil oss noe. Innvandrere må puffes litt mer på. Jeg sender dem sms og da kommer de.”[29] 

Det er tersklar som gjer vegen inn i Den norske kyrkja vanskeleg for innvandrarar. Eg ser fem moment som gjer at kyrkja blir oppfatta av innvandrarar som berre for dei norske:


5.2.1. Namn

”Den norske kyrkja” er ”eit sterkt nasjonalt symbollada namn”[30] og ”kunne bli oppfatta som kyrkja for den norske ”stammen” ”[31]  Intervjua mine viser at ho også blir oppfatta slik av innvandrar. Namnet er gamal og det er vanskeleg å forandre på den, men det er viktig å være bevisste på det.

5.2.2. Kontakt

Det ligg ikkje til rette for å kome i kontakt med kyrkja når du flytter til landet, verken frå staten si side eller kyrkja si side. Ein  blir spurt om ein ynskjer kontakt med eit trussamfunn når ein flyttar til Noreg. Kyrkja får vite når nye lutheranarar blir født, men ikkje når dei flyttar til landet.

5.2.3. Språk

”EL MONOLINGUALISMO ES CURABLE”[32] Den norske kyrkja har mykje å vinne på å bruke fleire språk. Vi hadde gode erfaringar med ettermiddagsgudsteneste på tysk. Så sagt alle som kom brukte det som eit supplement til den norske gudstenesta ikkje som ei erstatning. Dei fant eit fellesskap og kunne ta vare på nokre av sine tradisjonar. Det hjelpte dei med  å kjenne seg heime både i landet og i kyrkja. Diverre måt vi avslutte dette prosjektet pga. ressursmangel.

5.2.4 Maktforskjell

Ei anna utfordring ved sidan språket er maktforskjell i kyrkja. For her er det ingen skilnad på jøde og grekar: Alle har dei same Herren, og han er rik nok for alle som kallar på han. (Rom 10,12) Likevel er det makt forskjell mellom innvandrar og etnisk norske i kyrkja:

Som prest med utanlandsk bakgrunn kjenner eg at sitter litt ved begge sider av bordet. Eg veit at det ofte er vanskeleg å få tak i innvandrarane, men samstundes veit eg kor vanskeleg det er å kome inn i kyrkja som utlending og sjølv som prest med norsk statsborgarskap er eg ennå ikkje heilt i hamn. Eg kjenner meg framleis att i sitatet hjå Ingrid Vad Nilsen: ”Vanskelig å komme som utlending – de sier jeg vil gjøre ting på min måte. Konstruktiv kritikk oppfattes sjeldent slik. Gode ideer selges bedre gjennom andre, norske ansatte.”[33] Denne opplevinga kan eg stadfeste. Det er ”en fundamental maktforskjell mellom nordmenn og innvandrere”[34] i samfunnet. Alle ynskjer å bli møt utan denne maktforskjellen og kanskje kyrkja kunne bli ei arena der ein for møte kvarandre på lik augehøgde.

5.2.5 Statskyrkjesystemet

Innvandrarar er ofte skeptiske til alt som heitar statsforvaltning og byråkrati særleg når den i tillegg forgår på eit framand språk. Statskyrkja som staten sitt religionsvesen er noko skjeldent sett i internasjonal samanheng. ”Forestillinger om at ”staten er oss elv” eller at ”staten representerer oss”, er sjeldne i verden som helhet”[35] Kyrkja som ein del av statsadministrasjonen er eit framand element for mange som flytter til Noreg.

Kyrkja er for dei eit fellesskap, ein plass der ein møter kvarandre og der ein møter gud. Dette er særleg viktig når ein flyttar til eit anna land: Styrkja til Den norske kyrkja er at ho er folkekyrkje i heile landet. Sjølv om det finns utanlandske kyrkjelydar eller den katolske kyrkja i byane avstanden ditt er for stort for mange, sjølv om dei har eit behov for fellesskap slik som nordmenn som søkjer sjømannskyrkja når dei er i utlandet. Behovet er størst i den første tida i landet. ”Når egne […] ikke finns i det same lokalsamfunnet, begrenses […] muligheter til omgang med andre …”[36] Her kunne kyrkja kunne kyrkja bidra til integrasjon gjennom å byggje tersklen også overfor staten og dei hjelpetilbod som finns der..


7. Konklusjon

Herren sa til Abram: «Far ut or landet ditt, bort frå folket og farshuset ditt, til det landet som eg vil syna deg! (1Mos 12:1) Det er i dag fleire som reiser frå heimlandet sitt til eit anna land. Mange av dei som finn vegen til Noreg. Få av dei finn vegen inn i Den norske kyrkja, sjølv om kyrkja kunne være eit godt utgangspunkt for å byggje eit nytt sosialt nettverk i det nye landet. Kyrkja som er present i by og bygd kunne være ein port inn i det norske samfunnet, men innvandrarane opplever kyrkja ikkje slik.

Den norske kyrkja skal være folkekyrkje både for ”dei norske” og alle dei som bur i landet. Ho er trussamfunnet for dei fleste nordmenn. Men av innvandrarar opplevast den ofte som ”berre for dei norske”. Ut frå samtalane og mine eigne erfaringar ser eg utfordringar som vi i Den norske kyrkja bør jobbe med. 

Namnet bør ikkje forandrast av den grunn og statskyrkjesystemet er allereie i forandring, men både sentralt og på det lokale planet bør ein jobbe med å byggje ned tersklane:

Det viktigaste som må til er sikkert å bli bevisste på utfordringane. Skal kyrkja være ei folkekyrkje for heile kyrkja må ho i sterkare grad stå frem som eit trusfellesskap og prøve tone ned institusjonsaspektet. Ein bør vurdere korleis kyrkja og kyrkjelyden kan bli eit møtepunkt både innvandrarane seg i mellom og mellom innvandrarar og nordmenn. Det trengs både møtepunkt der innvandrarar seg i mellom kan snakke om utfordringane med livet i Noreg og møtepunkt med nordmenn. Kyrkja kan bli ei familie for dei i det nye lande og danne eit utgangspunkt for å byggje eit nytt sosialt nettverk. Kva er med fellesskapskveldar, undringsgrupper, forskjellige feiringar av høgtidene?  Vi kan ikkje forvente at innvandrarane kjem til kyrkja av seg sjølv. Vi må gå dei i møte. Dette startar med at ein får eit tilbod om kontakt med kyrkja når ein flytter til Noreg. Og så bør denne kontakten følgjast opp. Gudsteneste og møter på andre språk og med anna kultur er ingen trussel, men eit supplement. Skal ein finne vegen inn i kyrkja må ein bli møt utan maktforskjellen som språket dannar. Ein bør satse på fleire utanlandske medarbeidarar og bruke ikkje berre deira fag, men også deira kulturelle kompetanse.

Eg ventar spent på kyrkjemøtet i november 2009 som blant anna skal setje fokus på dei kristne innvandrar. Eg håper at den ikkje berre snakkar om innvandrar men også med innvandrar.  


Litteratur :

Den norske kirke (2000): Forankring og forandring - Den norske kirke i det norske samfunn Delrapport fra Kirke/stat-utvalget. Oslo: Kirkens  Informasjonstjeneste.

Den norske kirke (2000): Forankring og forandring, Den norske kyrkje i det norske samfunn. Delrapport fra Kirke/stat-utvalget. Oslo: Kirkens  Informasjonstjeneste.;

Den norske kirke (2000): Hva er kirken? En ekklesiologi. Delrapport fra Kirke/stat-utvalget. Oslo: Kirkens  Informasjonstjeneste.;

Dokka, Trond Skaar (2000):  Ekklesiologisk innspill, Notat til Kirkerådets kirke/stat-utvalg. Oslo: Kirkens  Informasjonstjeneste

Dulles, Avery (1987):  Models of the Church, New York : Doubleday

Eriksen, Thomas Hylland (red.) (2007): Flerkulturell forståelse. Oslo: Universitetsforlaget;

Eriksen, Thomas Hylland og Torunn Arntsen Sørheim (2007): Kulturforskjeller i praksis – perspektiver på det  flerkulturelle Norge. Oslo: Gyldendal Akademisk.;

Kirkemøtet 2006: sak 11/06: Innvandring og integrering – Den norske kirkes rolle i et flerkulturelt samfunn.;

Lockertsen, Maren Ninni Arnesdatter (2007): Folkekirke? - momenter til en ekklesiologi for Den norske kyrkje. Mastergradsoppgave i religionsvitenskap,
studieretning teologi. Det samfunnsvitenskapelige fakultet Universitetet i Tromsø

Nilsen, Ingrid Vad (2009) Er integrering av innvandrere mulig?, Menighetsarbeid i spenningen mellom segregering og assimilering. Halvårsskrift for praktisk teologi 1/2009

Skjevesland, Olav (2000): Kirkesyn og kirkereform - et innspill underveis, Notat til Kirkerådets kirke/stat-utvalg. Oslo: Kirkens  Informasjonstjeneste

Swinton, J & H. Mowat, (2006) Practical Theology and Qualitative Research, London

Tveit, Olav Fykse (2004), Ei vedkjennande kyrkje. Hovudforedrag på Kyrkjemøtet 2004

Aagedal, Olav (2000) Den nasjonale dimensjonen i Den Norske Kyrkja, Utgreiing  til kirkerådets stat/kyrkjeutval



Vedlegg

Intervju T

Kor gamal er du?  Født i 62

Er du mann eller kvinne? man

Kva land er du født i? Tyskland

Kva land er den du lever saman med født i? Noreg

Kor lenge lever du i Noreg? 16 år

Kva statsborgarskap har du? Tyskar

Korleis vil du omskrive din nasjonale identitet? Eg kjenner meg som Tyskar pga. erfaring. Det er det som prega meg. 16 år er mykje kortare enn heile barndommen og ungdomen.

Korleis vil du omskrive din religiøse identitet? Kristen! Særleg med tanke på verdiane. Eg kjenner meg open, men tanken om å misjonere er framand for meg. Eg vil heller være eit godt eksempel. Eg er prega av den evangeliske kyrkja i Rhinlandet og den livsglade og opne pietismen der. Den er ikkje lovisk og ikkje hirarkisk slik som den katolisismen som eg opplevde. Tenk på ”broder Johannes ” den fromme forbundspresidenten som likte øl og kortspel.

Religion er ei personleg avgjersle, noko som ein ikkje kan tvinge på nokon.  Men ein kan invitere til det gjennom livsførslen.

Korleis vil du omskrive Den Norske Kyrkja frå ditt perspektiv?

  • Kva er den?

Ei kyrkje som gjennom media stor fram som prega av strukturar og hierarki. Den har mange representantar med mange meiningar og for tette band til staten.

  • Korleis er den?

Den har mange misjonerande grupper, den er hierarkisk, pluralistisk med sterke konservative strømmingar samanlikna med dei andre kyrkjesamfunn som fekk møte.

  • Kven er den for?

Frem til eit møte med konfirmantpresten til sonen min trudde eg at DNK er som ei statskyrkje berre noko for norske statsborgarar.

Ynskjer ho å være ei folkekyrkje må ho opne seg meir for innvandrar.

Deltar du i kyrkjelivet i Den Norske Kyrkja?

På lik linje med naboane mine, men det kunne vært meir.

Kva må / måtte til for at du skulle delta i kyrkjelivet i Den Norske Kyrkja?

Kyrkja må bli meir folke- og mindre statskyrkje.

Kunne du tenkje deg å melde deg inn i Den Norske Kyrkja? Kvifor Ja eller nei? Kva trur du måtte til for at du skulle bli med i Den Norske Kyrkja?

Eg gjorde det i år.


Intervju K

Kor gamal er du? 31

Er du mann eller kvinne? kvinne

Kva land er du født i? Polen

Kva land er den du lever saman med født i? Polen

Kor lenge lever du i Noreg? 11 månader

Kva statsborgarskap har du? Polsk

Korleis vil du omskrive din nasjonale identitet? Polsk

Korleis vil du omskrive din religiøse identitet? Vi er katolikkar, men det er langt til den nærmaste katolske kyrkje i byen. Og det er heller ikkje polsk prest der. Borna min likte å og gå på gudsteneste for å syngje. 

Korleis vil du omskrive Den Norske Kyrkja frå ditt perspektiv?

  • Kva er den?

Ukjent for meg

  • Korleis er den?

Protestantsk og luthersk

  • Kven er den for?

Eg har ingen erfaring med Den Norske Kyrkja. Ein gon ville vi gå i ei kyrkje, men den var stengt. Katolske kyrkjer er neste alltid opne.

Deltar du i kyrkjelivet i Den Norske Kyrkja?

Nei. Men vi har planer om å gå når borna skal få 4årsboka.

Kva må / måtte til for at du skulle delta i kyrkjelivet i Den Norske Kyrkja?

Språk. Eg er i gang med å lære bokmål, men mange polakkar snakkar dårleg norsk og berre engelsk. Dei går ofte til kyrkja i polen, men her forstår dei ingenting. Kanskje om det fants gudsteneste på engelsk… 

Kunne du tenkje deg å melde deg inn i Den Norske Kyrkja? Kvifor Ja eller nei? Kva trur du måtte til for at du skulle bli med i Den Norske Kyrkja?

Vi er katolikkar og nokre trur til og med at det er ein anna tru.


Intervju P

Kor gamal er du? 33

Er du mann eller kvinne? mann

Kva land er du født i? Tyskland

Kva land er den du lever saman med født i? DDR / Tyskland

Kor lenge lever du i Noreg? 8år

Kva statsborgarskap har du? Norsk sidan 20.7.2009

Korleis vil du omskrive din nasjonale identitet?

Eg har besteforeldre som er født i 3 forskjellige land og i fleire generasjonar har nærmast vert ei tradisjon i familien min å ha minst to statsborgarskap i løpet av livet. Eg har tysk som morsmål og nynorsk som hovudmål. Eg er norsk av avgjersle, fordi eg elskar dette landet.

Korleis vil du omskrive din religiøse identitet?

Eg er evangelisk og luthersk. Eg blei døypt som konfirmant, ikkje av tradisjon men av avgjersle.

Korleis vil du omskrive Den Norske Kyrkja frå ditt perspektiv?

  • Kva er den?

Den er eit statsstyrt religionsvesen med kyrkjelege trekk.

  • Korleis er den?

Den er norsk, veldig norsk. Den skal famne alle norske og ta vare på tradisjonane.

  • Kven er den for?

Den skulle være for alle, men den opplevast som å være særleg for Norske. I det sentrale, dvs. Oslo ser dei ut til å være veldig liberale mens dei som eg møter lokalt har mykje fokus på tradisjonar utan å stille spørsmål på dei.

Deltar du i kyrkjelivet i Den Norske Kyrkja?

Eg er ein pådrivar.

Kva må / måtte til for at du skulle delta i kyrkjelivet i Den Norske Kyrkja?

Eg er prest.

Kunne du tenkje deg å melde deg inn i Den Norske Kyrkja? Kvifor Ja eller nei? Kva trur du måtte til for at du skulle bli med i Den Norske Kyrkja?

Det var ikkje enkelt å melde seg inn. Først meldte eg meg inn i Bærum. Dette verka dei lite førebudd på. Ein blir spurt om mykje og mangt når ein flytter til Noreg, men ikkje om ein ynskjer kontakt med eit trussamfunn. Og så er kyrkjelyden lokalt lite førebudd på det. Det verkar nesten som om ein ikkje er velkomen. I tillegg så måtte eg etter 2 år i embete oppdage at eg ikkje stå oppført i medlemsregisteret .




[4] Halvårsskrift for praktisk teologi 1/2009

[5] Flerkulturell s. 25

[6] Flerkulturell  s. 188

[7] TRE 23, s. 249

[8] Fykse Tveidt s.5.

[9] Skjevesland s. 7

[10] Eriksen, Kulturforskjeller s. 27

[12] Forbøn I

[13] Eriksen, Kulturforskjeller s. 43

[16] LOV 1996-06-07 nr 31: Lov om Den norske kirke (kirkeloven) §3.1  http://www.lovdata.no/all/hl-19960607-031.html#3 per. 9.9. 2009

[17] Aagedal s.4

[18] Aagedal S. 16

[19] Forandring og forankring s. 15

[20] Forandring og forankring s. 17

[21] Dulles s. 34-46

[22] Dulles s. 41

[23] Vad Nilsen s. 52

[24] Vad Nilsen s. 51

[25] Sjå intervju med K: ”Og det er heller ikkje polsk prest der.”

[26] Sjå Vad Nilsen s. (1)

[27] Bjørn Gabrielsen i Vårt Land – laurdag 28 februar 2009 – s. 33

[29] Vad Nilsen s. 50-51

[30] Aagedal s. 21

[31] Aagedal s. 22

[32] Eriksen, Flekulturell s. 238  ”Ettspråkligheit kan helbredast ”

[33] Vad Nilsen s. 53

[34] Eriksen, Kulturforskjeller s. 130

[35] Eriksen, Kulturforskjeller s. 248

[36] Eriksen, Kulturforskjeller s. 160