Beitragsseiten

Intervju K

Kor gamal er du? 31

Er du mann eller kvinne? kvinne

Kva land er du født i? Polen

Kva land er den du lever saman med født i? Polen

Kor lenge lever du i Noreg? 11 månader

Kva statsborgarskap har du? Polsk

Korleis vil du omskrive din nasjonale identitet? Polsk

Korleis vil du omskrive din religiøse identitet? Vi er katolikkar, men det er langt til den nærmaste katolske kyrkje i byen. Og det er heller ikkje polsk prest der. Borna min likte å og gå på gudsteneste for å syngje. 

Korleis vil du omskrive Den Norske Kyrkja frå ditt perspektiv?

  • Kva er den?

Ukjent for meg

  • Korleis er den?

Protestantsk og luthersk

  • Kven er den for?

Eg har ingen erfaring med Den Norske Kyrkja. Ein gon ville vi gå i ei kyrkje, men den var stengt. Katolske kyrkjer er neste alltid opne.

Deltar du i kyrkjelivet i Den Norske Kyrkja?

Nei. Men vi har planer om å gå når borna skal få 4årsboka.

Kva må / måtte til for at du skulle delta i kyrkjelivet i Den Norske Kyrkja?

Språk. Eg er i gang med å lære bokmål, men mange polakkar snakkar dårleg norsk og berre engelsk. Dei går ofte til kyrkja i polen, men her forstår dei ingenting. Kanskje om det fants gudsteneste på engelsk… 

Kunne du tenkje deg å melde deg inn i Den Norske Kyrkja? Kvifor Ja eller nei? Kva trur du måtte til for at du skulle bli med i Den Norske Kyrkja?

Vi er katolikkar og nokre trur til og med at det er ein anna tru.