Beitragsseiten

7. Konklusjon

Herren sa til Abram: «Far ut or landet ditt, bort frå folket og farshuset ditt, til det landet som eg vil syna deg! (1Mos 12:1) Det er i dag fleire som reiser frå heimlandet sitt til eit anna land. Mange av dei som finn vegen til Noreg. Få av dei finn vegen inn i Den norske kyrkja, sjølv om kyrkja kunne være eit godt utgangspunkt for å byggje eit nytt sosialt nettverk i det nye landet. Kyrkja som er present i by og bygd kunne være ein port inn i det norske samfunnet, men innvandrarane opplever kyrkja ikkje slik.

Den norske kyrkja skal være folkekyrkje både for ”dei norske” og alle dei som bur i landet. Ho er trussamfunnet for dei fleste nordmenn. Men av innvandrarar opplevast den ofte som ”berre for dei norske”. Ut frå samtalane og mine eigne erfaringar ser eg utfordringar som vi i Den norske kyrkja bør jobbe med. 

Namnet bør ikkje forandrast av den grunn og statskyrkjesystemet er allereie i forandring, men både sentralt og på det lokale planet bør ein jobbe med å byggje ned tersklane:

Det viktigaste som må til er sikkert å bli bevisste på utfordringane. Skal kyrkja være ei folkekyrkje for heile kyrkja må ho i sterkare grad stå frem som eit trusfellesskap og prøve tone ned institusjonsaspektet. Ein bør vurdere korleis kyrkja og kyrkjelyden kan bli eit møtepunkt både innvandrarane seg i mellom og mellom innvandrarar og nordmenn. Det trengs både møtepunkt der innvandrarar seg i mellom kan snakke om utfordringane med livet i Noreg og møtepunkt med nordmenn. Kyrkja kan bli ei familie for dei i det nye lande og danne eit utgangspunkt for å byggje eit nytt sosialt nettverk. Kva er med fellesskapskveldar, undringsgrupper, forskjellige feiringar av høgtidene?  Vi kan ikkje forvente at innvandrarane kjem til kyrkja av seg sjølv. Vi må gå dei i møte. Dette startar med at ein får eit tilbod om kontakt med kyrkja når ein flytter til Noreg. Og så bør denne kontakten følgjast opp. Gudsteneste og møter på andre språk og med anna kultur er ingen trussel, men eit supplement. Skal ein finne vegen inn i kyrkja må ein bli møt utan maktforskjellen som språket dannar. Ein bør satse på fleire utanlandske medarbeidarar og bruke ikkje berre deira fag, men også deira kulturelle kompetanse.

Eg ventar spent på kyrkjemøtet i november 2009 som blant anna skal setje fokus på dei kristne innvandrar. Eg håper at den ikkje berre snakkar om innvandrar men også med innvandrar.