Beitragsseiten


1. Innleiing

Det er onsdag kl. 9.00 på eit kyrkjekontor ute i distriktet i Den norske kyrkja. Det er stabsmøte. Rundt bordet sitt det ei kyrkjeverje, ein prosjektleiar, ein prest og ein kyrkjetenar. Kyrkjeverja er den einaste av dei som er vakst opp i Noreg.  Ingen av dei andre har norsk som morsmål. Dei snakkar om ein tyskar som etter over 10 år har fått med seg at han kan melde seg inn i Den norske kyrkja. Dei diskuterar korleis ein kunne få betre kontakt med dei polske innvandrarane og sjølvsagt også mange andre ting.

Dette er ennå ingen vanlig situasjon i Noreg, men den kan bli meir og meir vanleg.  Den norske kyrkja ynskjer å være ”ei vedkjennande, misjonerande, tenande og open folkekyrkje”.[1] Men kven er dette folket som ho skal være folkekyrkje for?

 

 

”I dag er det 508 000 personer bosatt i Norge som enten har innvandret selv eller er født i Norge med innvandrerforeldre. Til samme utgjør disse gruppene 10,6 prosent av befolkningen. Om lag 233 000 personer har bakgrunn fra Europa. Av disse er det 60 500 fra land i Europa utenom EU/EØS. Det er 186 000 personer med bakgrunn fra Asia, 61 000 med bakgrunn fra Afrika og 17 000 med bakgrunn fra Sør- og Mellom-Amerika. I tillegg er det 10 500 personer med bakgrunn fra Nord-Amerika og Oseania.”[2]

Om lag 10 % av den norske befolkninga har bakgrunn i eit anna land, minst halvparten av dei har røtene sine i land som er prega av den  kristne kulturen. Om lag ” 40% av innvandrerne til landet kommer fra en kristen kulturbakgrunn.”[3] Mange kjem til og med frå kyrkjesamfunn som Den norske kyrkja har fellesskap med, enten gjennom Det lutherske verdensforbund, Leuenbergkonkordien eller Porvoo-avtalen. Men det er få av dei som finn vegen til Den norske kyrkja. Slik opnar seg eit stort felt og ikkje alt kan belysast ei eit essay. Eg skal difor konsentrere meg på spørsmålet: Kva er forholdet og forventningane til den nye delen av ”folket” til Den norske kyrkja? Gjennom dette håper eg også å kunne peike ut nokre moment for at kyrkja skal kunne være folkekyrkja for heile folket i den nye ”folkevandringstidalderen”.