Beitragsseiten

4.2. Innvandrarane si røynd

Gjennom eiga erfaring og gjennom å være sjelesørgjar for fleire innvandrar veit eg litt om kva det meiner å flytte til eit anna land: Når du forlatar heimlandet ditt gir du ofte også avkall på det sosiale nettverket ditt. Familien og venner kan plutseleg være opplevast langt unna. Noreg har tatt imot folk frå mange land dei siste åra. Mange av dei er komen for å bli men mange av dei kjenner seg også temmeleg einsame. Dei møter store utfordringar: Ein skal byggje seg eit nytt sosialt nettverk mens ein ikkje beherskar språket, men heller blir beherska av det, særleg når språket sett nok så tronge grenser på kva ein klarer å kommunisere. Resultatet blir ofte at ein byggjer det sosiale blant sine eigne, blant innvandrar som kjem frå det same landet eller same regionen som ein sjølv.[25] Denne mekanismen kallast for marginalisering[26] som omskrivar ei situasjon der innvandrar held seg for seg sjølv ved sidan av lokalsamfunnet og kan leie frem til ei segregering, der dei blir mest opptatt av å ta vare på si eiga kultur og der det blir vanskeleg å kome i kontakt med dei. Begge situasjonar gjer det vanskeleg å integrere seg . Integrasjon det meiner at ein kjem til ein prosess, der ein kjenner seg velkommen og går vegen i lag i staden for kvar for seg. Integrasjon må skiljast frå assimilering som meiner at ein velkomen i landet så lenge ein blir slik som folket i landet.

Skal ein som innvandrar bli i landet og leve lukkeleg her, bør ein integrere seg  og slå rot her, og byggje seg eit sosialt nettverk som også omfattar etniske nordmenn. Det er viktig å knyte kontaktar med det landet ein lever i og samstundes å ta vare på sin eigen identitet og å bli akseptert som den ein er. Sjølv om det er forskjell mellom forskjellige innvandrargrupper og innvandrarar som er gifte med norske ektefellar eller som kjem frå vestlege land ofte har ei betre utgangsposisjon så er det å byggje seg eit sosialt  blant nordmenn ei ufordring for nesten alle.  Mange nordmenn har eit sosialt nettverk som består av familie og venner frå barndomen og ungdomsåra som er stort nok, slik at ofte ikkje har det store behovet for å suplere det med fleire.  Bjørn Gabrielsen omskriver denne opplevinga nok så treffande ”Her er en sannhet om nordmenn som vi sjelden ser eller diskuterer: Vi er et klansamfunn, å få innpass hos oss er minst like vanskelig som å komme utenfra og bli godtatt av mafiafamilien i ‹‹Sopranos››[27].”

Innvandrar har ofte andre forventningar til kyrkja. Når et etterlysast ”meir folkekyrkje” er dette eit uttrykk for at ein i mindre grand enn mange nordmenn har behov som kyrkja som ei institusjon og i større grad som eit fellesskap, ei arena for å danne eit sosialt nettverk og det bør kyrkja leggje til rette for både for eksempel med å senke tersklane som språket skapar dvs. med informasjon og arrangement på fleire språk.