Beitragsseiten

 

Besøk i England (1641-1642)

Nokre av dei som skriv om Comenius går ut i frå at konseptet av ”Allvitskapen” ,leia frem til innbydinga.[19] Andre trur at han blei henta til landet pga. av hans pedagogiske skriftar[20]. Ein kan krangle om det om ein vill. Eit faktum er at Samuel Hartlib, som er utvandrar frå Elbing i Sverige, som inviterar Comenius til London. Hartlib fekk høyre om Comenius gjennom mæhriske  studentar.[21] Han er del av eit hemmeleg selskap som har kontaktar heilt frem til det engelske parlamentet. Gjennom Hartlib og vennane hans håper den bøhmiske presten å få tilhengarar for ideen om Pansofien (”Allvitskapen”) i England. Han nøler litt med å kome, men til slutt tar han imot innbydinga. Etter ei farleg sjøreise kjem han til England hausten i 1641. Hans engelske venner tar han vennleg og ærefull  imot.  Dei får sydd ei kvit prestekjole til han slik at han kan opptre slik som ein anglikansk prest tilsvarande standen hans.

Tar ein med at han kom til England for å realisere tanken sin om ei Pansofi i lag med engelske og andre vitskapsmenn, blir denne planen raskt øydelagd. Revolusjonen til Oliver Cromwell gjer realiseringa av denne planen umogleg. Det er derfor Comenius bestemmer seg for å reise frå England. I denne tida får han tre tilbod: Kardinal Richelieu spør han frå Frankrike om han kunne tenkje seg å realisere Pansofien der.  Frå det fjerne Amerika får han tilbodet om å bli rektor i Havard. Den hollandske industrikapteinen Ludwig de Geer ber han om å forbetre det svenske skulesystemet. Avgjeringa er ikkje vanskeleg for Comenius. Det er mykje i han som motset seg mot å gå som prest i Brøruniteten til det katolske Frankrike. Også reisa til Amerika er ikkje noko spørsmål for han. Tilbodet frå Sverige derimot freistar han. Sidan det svenske kongehuset også kjemper mot keisaren håper han også at den svenske hæren kunne gjer det mogleg å returnere til heimlandet for dei bøhmiske  børene. Han tar difor tilbodet frå de Geer til følgje og reiser Sverige sumaren 1642. Då er han 50 år gamal.