Beitragsseiten

 

På flykt (1621-1628)

Comenius må flykte frå Fulnek. Han forlatar Familien og klarer å gøyme seg hos forskjellege protestantske herrar (adelege).  Men ingen stad får han være lenge utan å kome i fare for å bli oppdaga. I denne tida skriver ei trøystebok („Trostbüchlein“) han til kona si som ventar deira andre barn og sonen sin. Det er ukjent om den vesle boka nokon gong nådde frem til dei. Både kona, sonen og det nyfødde døyr av svartedauden. For andre gong mister Comenius familien sin etter at han som barn mista både far, mor og syskena. Han skriver over dette skjebne:

”Det kom slik som om eit skrekkeleg torever med tore, lyn og hagle. Alle rømma frå kvarandre bortsett frå dei som var bundne til meg, og då eg flykta med dei i ein liten krok tok pilane til døden også mine tre kjære. Slik visste eg, lamma av skrekk og gråtande einsam ikkje kva eg skulle gjera av meg.”[9]

Den vonde skjebnen er nesten ikkje til å bære for Comenius. Han lider forferdeleg av tapet til kyrkjelyden, familien og undergangen av kyrkja hans, Brøruniteten, i Böhmen. Han detter ned i djupe depresjonar. Berre gjennom å bruke alle sine krefter og gjennom å skrive kommer han seg ut av det. Han forfattar ei allegorisk skrift med tittelen: ”Verda sin Labyrint og hjartet sitt paradis” (Labyrinth der Welt und Paradies des Herzens). Ein pilegrim vandrar gjennom verda og finn seg to følgjesveinar ”Allvitaren” og ”Blendaren”. Dei set ei brille på han som viser verda med dei finaste fargar. Men under randen av brilla kjenner han at verda er nok så forskjelleg frå dette bilete: Den presenterar seg som eit sted fulle av avskyelege ting og bommer. Pilegrimen fortvilar. Og i sin store naud oppdagar pilegrim Jesus Kristus i hjartet sitt. Han vender seg til han, han trøystar han, gir han kraft og oppfordrar han til å gå att i verda:

”Berre gå min kjære, og blir i kallet ditt fram til ditt farvel, og nyt den trøyst som eg leia deg til med stor glede.”[10]

Kven kunne være pilegrimen om ikkje Comenius sjølv?

Dette skulle bli programmet for livet hans. Comenius ser det nå som sin viktigaste oppgåve å trøyste og å støtte predikantfamiliane i Brandys. Samsundes er han intenst i gang med sitt pedagogisk og pansofisk arbeid. Ved sidan av ”Verda sin Labyrint og hjartet sitt paradis” blir han forfattar av fleire trøystebøker som han overskriver med :  ”Ei borg som ikkje er til å erobre – Guds namn ” (Eine uneinnehmbare Burg – der Name Gottes), „Guds presse” (Gottes presse) , ”Den sørgjande” (Der Trauernde) ”Om å være åleine” (Das Verwaistsein). Den viktigaste skrifta hans er „Centrum securitatis“ (Midtpunktet av tryggleiken), ”der det allereie visast grunntankane  til hans pedagogikk og Pansofien hans: Gud er av all eksistens. Frå han strauma verda ut. Men verda snudde seg bort frå og har difor leia seg sjølv i si eiget elendet. Oppdraget til mennesket er å leia vera att til opphavet sitt, til gud, med all si gjerning.”[11]

For dei familiane i Brøruniteten som mista sine tsjekkiske, Kralitzer biblar i krigen lagar han utdrag og publiserar dei under titelen ”Manualnik” som tydar så mykje som ”Handbok”.

Etter at han mista sin første kone og begge barna finner han nå i Brandys ei ny kvinne i livet sitt. Han gifter seg med Dorothea Cyrill, dottera  til biskopen i Brøruniteten. Sidan trusselen om fleire forfølgingar reisar seg er det ikkje klokt å bli i Brandys. Med familien sin flytter han til Bílá Třemešna. Sted ligg rett at ved eit fjellmassiv som blir kalla for ”Riesengebirge”. Ikkje langt unna ligg slottet i Horní Branná. Der møter han Kristina Poniatowska. Ho fortel Comenius om merkeleg visjonar, der Kristus syner seg for ho og openberrar  framtida for ho. I starten er det uklart for Comenius om dette er berre teikn til eit sjukdom eller om det verkeleg er gudommeleg profeti. Han dokumenterer visjonane han og tar vare på dei. Han skal også har tatt kontakt med ein schlesisk  garvar, Christoph Kotter frå Sprottau, som mange av protestantane frå Böhmen, Mæhren og Schlesien  snakka om pga. aningane hans om framtida.[12] Rasjonalitet er likevel typisk  for Comenius. Men ved sidan den har han også ein djup tru om at Jesus snart kjem att. Dette leier han til å tru at gud snakka til menneska ikkje berre i tida til det gamle testamentet, men også nå gjennom profeti. Comenius skriver ned profetiane og håper at dei blir oppfylla nok så raskt.

Men heller ikkje i Bílá Třemešna får familien Comenius bli. På slottet Horní Branná samlar deg seg ei gruppe av brør på flukt. I 1628 legg ei gruppe av 30 prester med familiane sine i veg til Polen. Det er Comenius som leiar dei og den polske delen av Brøruniteten tar dei godt imot.