Beitragsseiten

Norsk utkast av: Helmut Hanisch:  Johann Amos Comenius - „Stationen seines Lebens“

 

Livsstasjonane

 

 

Barndommen

Om barndomsåra til Johann Amos Comenius er det lite som er klart. Det som står fast er at han blei født den 28. mars 1592. Etter sine eigne utsegn var det i bygda at han fekk sjå lyset i verda.  Nivnice ligg langt søraust i det som kallast det mæhriske Slovakia. Familien hans var ei viktig familie i Brøruniteten(Unitas Fratrum), eit kyrkjesamfunnet som relaterer seg til den tsjekkiske  reformatoren Jan Hus som blei brent som på konsilet i Konstans for sine ”ketserske” ord. Familien til Johan Amos Comenius kom frå byda Komna. Det er der det tsjekkiske etternamnet  ”Komenský” (latinsk Comenius) har sitt opphav.

Det såg ut som om guten skulle få ein lykkeleg barndom. Foreldra var velståande. Dei eigde  fleire hus ved marknadsplassen i byen Uherský Brod, ein bondegard, fleire vinberg og ei mølle. Men snart fell ulykka over guten. Foreldra hans døyr då han er 12 år gamal. Flyttinga til Strážnice blir berre mellombels. Stedet blir øydelagd av krigen. Også over tida att i Nivnice kastar krigen sine skyggar: Bondegarden brenn ned i 1605.

Det er uklart om verja hans tvinger han til å lære møller som handverksyrket. Eit hint i hans seinare verk legg opp til denne tanken. I 1605 byrjar han på Latinskulen til Brørunitetet i Přerov (Prerau). Etter tre år er den ivrige eleven kome  så langt at han kan ta tak i studiar på eit universitet. Det ser ut som om han ikkje gjorde dei beste erfaringane i studietida:

Men kvifor treng oss ennå fleire vitne? Er det ikkje nok som kjem ut frå skular og universitet som knapt nok har blitt rørt av ein skygge av vitskapeleg utdanning? Av mange tusen er også eg eit stakkars menneskebarn, som har fått den herlege våren i livet, dei blomstrande ungdomsåra  øydelagd med scholastiske fraser? Ak kor ofte gjekk det eit sukk frå brystet mitt, tårer å augo mine og sorg i hjartet mitt blei kalla frem, enn at eg fekk skode noko betre i minna om denne fortapte tida. Ak kor ofte fekk smerta meg til rope: Kunne ikkje Jupiter kome att med dei åra som gjekk.”[1]

Det er vanleg at brørne sender sine talenterte ungdomar til Tyskland på eit calvinistisk universitet. Det er brørbiskopen Johann Lacenius som gjer dette mogleg for Comenius.