Beitragsseiten

Norsk utkast av: Helmut Hanisch:  Johann Amos Comenius - „Stationen seines Lebens“

 

Livsstasjonane

 

 

Barndommen

Om barndomsåra til Johann Amos Comenius er det lite som er klart. Det som står fast er at han blei født den 28. mars 1592. Etter sine eigne utsegn var det i bygda at han fekk sjå lyset i verda.  Nivnice ligg langt søraust i det som kallast det mæhriske Slovakia. Familien hans var ei viktig familie i Brøruniteten(Unitas Fratrum), eit kyrkjesamfunnet som relaterer seg til den tsjekkiske  reformatoren Jan Hus som blei brent som på konsilet i Konstans for sine ”ketserske” ord. Familien til Johan Amos Comenius kom frå byda Komna. Det er der det tsjekkiske etternamnet  ”Komenský” (latinsk Comenius) har sitt opphav.

Det såg ut som om guten skulle få ein lykkeleg barndom. Foreldra var velståande. Dei eigde  fleire hus ved marknadsplassen i byen Uherský Brod, ein bondegard, fleire vinberg og ei mølle. Men snart fell ulykka over guten. Foreldra hans døyr då han er 12 år gamal. Flyttinga til Strážnice blir berre mellombels. Stedet blir øydelagd av krigen. Også over tida att i Nivnice kastar krigen sine skyggar: Bondegarden brenn ned i 1605.

Det er uklart om verja hans tvinger han til å lære møller som handverksyrket. Eit hint i hans seinare verk legg opp til denne tanken. I 1605 byrjar han på Latinskulen til Brørunitetet i Přerov (Prerau). Etter tre år er den ivrige eleven kome  så langt at han kan ta tak i studiar på eit universitet. Det ser ut som om han ikkje gjorde dei beste erfaringane i studietida:

Men kvifor treng oss ennå fleire vitne? Er det ikkje nok som kjem ut frå skular og universitet som knapt nok har blitt rørt av ein skygge av vitskapeleg utdanning? Av mange tusen er også eg eit stakkars menneskebarn, som har fått den herlege våren i livet, dei blomstrande ungdomsåra  øydelagd med scholastiske fraser? Ak kor ofte gjekk det eit sukk frå brystet mitt, tårer å augo mine og sorg i hjartet mitt blei kalla frem, enn at eg fekk skode noko betre i minna om denne fortapte tida. Ak kor ofte fekk smerta meg til rope: Kunne ikkje Jupiter kome att med dei åra som gjekk.”[1]

Det er vanleg at brørne sender sine talenterte ungdomar til Tyskland på eit calvinistisk universitet. Det er brørbiskopen Johann Lacenius som gjer dette mogleg for Comenius.

 


Studietida i Herborn og Heidelberg (1611-1614)

Comenius reiser til det calvinistiske universitetet i Herborn. Med iver byrjar han med studiane sine.  Viktig for han som eit skjebne blir møtet med to professorar. For det eine må ein nemne Johann Heinrich Alsted. Det encyklopediske interesse og dei pansofistiske mål til denne professoren etterlet stort inntrykk hos den unge studenten. For det andre så må ein nemne Johann Fischer-Piscator, ein ”fortreffeleg bibelmann, med særleg strekt eskatologisk, jo kiliastisk  interesse ”.[2] Detter meinar at han lever i forventninga om at Kristus snart kjem att og i håpet om at guds rike bryter fram her på jorda.[3] Denne holdninga i trua går nært inn på den unge mannen frå Mæhren.

Det ser ut som om Comenius i tida i Herborn også blei kjent med den nye undervisningsmetoden til pedagogen Wolfgang Ratke. Han går ut ifrå at undervisningskunsten er meir nyttig for kunsten til å regjere enn alle andre kunster. Han krev at under visninga må skje etter den naturlege framgang i tinga, slik som alt anna.[4] For Comenius med sine eigne erfaringar frå skulen er dette heilt nye tankar som ikkje slepp han resten av livet.

I studietida vandrar Comenius frå Herborn til Holland. Det har vel ikkje skjedd utan grunn: Holland var heimlandet til ”brørne av det fellesskapelege livet, som allereie i tida før reformasjonen [i Tyskland] stå i kontakt med dei bøhmiske brørne”[5].

Etter noko tid forlét Comenius universitetet i Herborn og flytter til Heidelberg, der han fortsetter studiane sine. Ein milepæl der blir for han først og fremst David Pareus, ”ein lidenskapeleg ireniker, som prøvde å kome over stridane mellom lutheranarane og dei reformerte.”[6] Det er ein alvorleg sjukdom som tvinger han til avbrekk i studiane sine. Legane han tilrår at han reiser att til heimlandet.

 


 

Engasjement i Přerov (1614-1618)

Han får eit engasjement som lærar i Přerov, der han sjølv var elev før han byrja med studiane sine. Jobben gir han nok tid til å jobbe vitskapeleg. Inspirert av Johann Heinrich Alsted  ynskjer han å samle kunnskapen av heile den nåtidige vitskapen i ei omfatande avhandling med eit kristen grunn lag. Denne encyklopedien skal få namnet ”Theatrum universitatis rerum” (teatret av heilskapen til tinga). Her skal ein ikkje forstå encyklopedi slik, som om Comenius ville  samle og strukturere kunnskapen, slik som det var vanleg på 1700tallet. Målet hans er å ”sentrere” kunnskapen slik at Gud  blir synleg som opphav og mål av all kunnskap. I  boka ”Centrum securitatis” (Tryggleikens midtpunkt) gjer han denne tanken tydelege og bruker hjulet som eksempel:

”Slik er også hjulet for verda: midtpunktet for det er den usynlege Gud, som frå æve til æve består i seg sjølv. Men då han ynskja å gjere seg synleg, laga han ein synleg ring rundt seg sjølv ut av seg sjølv …”[7]

Når mennesket blir kjent med verda, så blir han også vist til opphavet for verda. For å snakke i bilete hans: spilane går ut frå midtpunktet og blir vendt att til den. Slik er det også med menneskeleg kunnskap. Den har opphavet sitt i gud og viser att til gud. Parallelt til dette tenkjer han skapinga. Strukturelt svarer måten å få kunnskap på, på  omfanget og målet til skapinga.

Tragikken i livet til Comenius er, at han alltid blei hindra i å fullføre denne boka, ungdomskjærleika hans.

Ved sidan av sine vitskaplege studiar bruker Comenius tida si også som kartograf. Han teiknar eit kart over Mæhren. Det er stor nøyaktigheit som kjenneteiknar dette kartet sjølv om han ikkje hadde tilgang til nøyaktige målingar og kalkulasjonar.

 


Som predikant i Fulnek (1618-1621)

I ein alder på 24 år blir Comenius ordinert til predikant i brørunitetet. To år seinare får han ansvaret for kyrkjelyden i Fulnek. Denne landsbyen ligg nordaust i Mæhren, nord frå Přerov. Han får ei vankeleg oppgåve i Fulnek. Sidan det både er folk med tsjekkisk og med tysk som morsmål  må han både preike, undervise og utøve sjelesorg på begge språk. Ved sidan av  språkproblemet er også strid mellom bystyre som er medlem av brøruniteten og klosteret til augustinarane som  ligg i byen. Comenius prøve å formidle og å løyse konfliktane.

Med hengjeving tar han vare på ungdomen. Som predikant underviser han på skulen i Fulnek der Brørunitetet har eit godt rykte. Om og om igjen bruker han som lærar mogleiken til å undervise borna ikkje berre i klasseromet men også i den frie naturen. Dei sosiale konfliktane som han møter som prest, får han til tenkje på problematikken om fattig og rik. Desse tankane får han til å skrive den sosial engasjerte avhandlinga: ”Brev til Himmelen”. Fattige og rike vender seg med sine brev til Jesus Kristus. Dei eine klager, mens dei andre prøver å gjer seg rettferdig. Jesus Kristus blir som øvste dommar bedt om å ta stilling. Han svarar offentleg:

”i det viser han begge to, dei fattige og dei rike, det framtidige svaret på striden deira og føreskriver dei korleis dei skal omgås med kvarandre inntil vidare.”[8]

Det trengs vel ikkje å skrive om at Comenius tar parti for dei fattige.

I Tida i Fulnek lever Comenius i stor harmoni og er tilfreds. Han gifter seg med Magdalena Vizovska. Og ektefellen føder ein son for han. Den mangesidige presten prøver seg som birøkter og foredlar trer. Denne kunsten overtar naboane  med takk. Men den lykkelege tida varar ikkje lenge. Den 30årige krigen (1618-1648) byrjar.  I 1620 taper dei protestantske truppane under Friedrich, Kurfürst von der Pfalz, slaget ”am Weißen Berg“ (”ved det kvite fjellet”) i nærleiken av Prag mot den katolske alliansen under leiing av Maximillian von Bayern. Mens slaget gjekk føre seg i berre ein time satt den Friedrich som då også var konge i Böhmen ved eit opulent måltid. Etter nederlaget flyktar han i full fart til Holland.

Frå nå av blir det ei mørke tid for den protestantske befolkninga i Böhmen. I 1621 blir leiarane av det bøhmiske opprøret offentleg avretta på hovudplassen i gamlebyen i Prag.  For å skremme andre blir hovuda deira satt i eit trådkurv og utstilt ved Karlsbrua i Prag. Før etter 10 år blir det lov å hente hovuda ned og å gravleggje dei i Teynkyrkja.  Comenius samla seinare vitnemål om avrettinga den 21. Juni 1621 og gir dei i skrifta ”Hirstorie von den schweren Drangsalen der böhmischen Kirchen“ („Historia om dei tunge kar til den bøhmiske kyrkja”) vidare til etterkomarane.

Dei nye makthavarane frå huset Habsburg eksproprierer den protestantske adelen og tileignar seg alt dei eigde. Jesuittane blir henta inn i landet  for å gjennomføre motreformasjonen med sverdet.  Alle protestantar som motsetjar seg mot å konvertere til katolisismen, må forlate landet eller blir avretta. Særleg dei protestantske prestane lider under forfylginga.

 


 

På flykt (1621-1628)

Comenius må flykte frå Fulnek. Han forlatar Familien og klarer å gøyme seg hos forskjellege protestantske herrar (adelege).  Men ingen stad får han være lenge utan å kome i fare for å bli oppdaga. I denne tida skriver ei trøystebok („Trostbüchlein“) han til kona si som ventar deira andre barn og sonen sin. Det er ukjent om den vesle boka nokon gong nådde frem til dei. Både kona, sonen og det nyfødde døyr av svartedauden. For andre gong mister Comenius familien sin etter at han som barn mista både far, mor og syskena. Han skriver over dette skjebne:

”Det kom slik som om eit skrekkeleg torever med tore, lyn og hagle. Alle rømma frå kvarandre bortsett frå dei som var bundne til meg, og då eg flykta med dei i ein liten krok tok pilane til døden også mine tre kjære. Slik visste eg, lamma av skrekk og gråtande einsam ikkje kva eg skulle gjera av meg.”[9]

Den vonde skjebnen er nesten ikkje til å bære for Comenius. Han lider forferdeleg av tapet til kyrkjelyden, familien og undergangen av kyrkja hans, Brøruniteten, i Böhmen. Han detter ned i djupe depresjonar. Berre gjennom å bruke alle sine krefter og gjennom å skrive kommer han seg ut av det. Han forfattar ei allegorisk skrift med tittelen: ”Verda sin Labyrint og hjartet sitt paradis” (Labyrinth der Welt und Paradies des Herzens). Ein pilegrim vandrar gjennom verda og finn seg to følgjesveinar ”Allvitaren” og ”Blendaren”. Dei set ei brille på han som viser verda med dei finaste fargar. Men under randen av brilla kjenner han at verda er nok så forskjelleg frå dette bilete: Den presenterar seg som eit sted fulle av avskyelege ting og bommer. Pilegrimen fortvilar. Og i sin store naud oppdagar pilegrim Jesus Kristus i hjartet sitt. Han vender seg til han, han trøystar han, gir han kraft og oppfordrar han til å gå att i verda:

”Berre gå min kjære, og blir i kallet ditt fram til ditt farvel, og nyt den trøyst som eg leia deg til med stor glede.”[10]

Kven kunne være pilegrimen om ikkje Comenius sjølv?

Dette skulle bli programmet for livet hans. Comenius ser det nå som sin viktigaste oppgåve å trøyste og å støtte predikantfamiliane i Brandys. Samsundes er han intenst i gang med sitt pedagogisk og pansofisk arbeid. Ved sidan av ”Verda sin Labyrint og hjartet sitt paradis” blir han forfattar av fleire trøystebøker som han overskriver med :  ”Ei borg som ikkje er til å erobre – Guds namn ” (Eine uneinnehmbare Burg – der Name Gottes), „Guds presse” (Gottes presse) , ”Den sørgjande” (Der Trauernde) ”Om å være åleine” (Das Verwaistsein). Den viktigaste skrifta hans er „Centrum securitatis“ (Midtpunktet av tryggleiken), ”der det allereie visast grunntankane  til hans pedagogikk og Pansofien hans: Gud er av all eksistens. Frå han strauma verda ut. Men verda snudde seg bort frå og har difor leia seg sjølv i si eiget elendet. Oppdraget til mennesket er å leia vera att til opphavet sitt, til gud, med all si gjerning.”[11]

For dei familiane i Brøruniteten som mista sine tsjekkiske, Kralitzer biblar i krigen lagar han utdrag og publiserar dei under titelen ”Manualnik” som tydar så mykje som ”Handbok”.

Etter at han mista sin første kone og begge barna finner han nå i Brandys ei ny kvinne i livet sitt. Han gifter seg med Dorothea Cyrill, dottera  til biskopen i Brøruniteten. Sidan trusselen om fleire forfølgingar reisar seg er det ikkje klokt å bli i Brandys. Med familien sin flytter han til Bílá Třemešna. Sted ligg rett at ved eit fjellmassiv som blir kalla for ”Riesengebirge”. Ikkje langt unna ligg slottet i Horní Branná. Der møter han Kristina Poniatowska. Ho fortel Comenius om merkeleg visjonar, der Kristus syner seg for ho og openberrar  framtida for ho. I starten er det uklart for Comenius om dette er berre teikn til eit sjukdom eller om det verkeleg er gudommeleg profeti. Han dokumenterer visjonane han og tar vare på dei. Han skal også har tatt kontakt med ein schlesisk  garvar, Christoph Kotter frå Sprottau, som mange av protestantane frå Böhmen, Mæhren og Schlesien  snakka om pga. aningane hans om framtida.[12] Rasjonalitet er likevel typisk  for Comenius. Men ved sidan den har han også ein djup tru om at Jesus snart kjem att. Dette leier han til å tru at gud snakka til menneska ikkje berre i tida til det gamle testamentet, men også nå gjennom profeti. Comenius skriver ned profetiane og håper at dei blir oppfylla nok så raskt.

Men heller ikkje i Bílá Třemešna får familien Comenius bli. På slottet Horní Branná samlar deg seg ei gruppe av brør på flukt. I 1628 legg ei gruppe av 30 prester med familiane sine i veg til Polen. Det er Comenius som leiar dei og den polske delen av Brøruniteten tar dei godt imot.

 


Opphald i Lissa (1628-1641)

Sidan det er nok prester i Brøruniteten i Lissa, får Comenius ei stilling som lærar ved det evangeliske gymnaset. Han er driven av håpet om at den politiske situasjonen i heimlandet kommer til å forandre seg raskt, slik at flyktningane får returnere. Med iver lager han pedagogiske skrifter på tsjekkisk. Målet er å kvalifisere tsjekkiske lærarar og prester slik at dei i framtida klarer å gjennomføre ei effektiv oppdraging i skulen og kyrkjelyden.  Ein må i denne samanhengen nemne eit verk av forfattarskapet hans: ”Didactica česka” som blei kjent som den ”Den Bøhmiske didaktikken”. Med utgangspunkt i teologiske tankar viser den vegen til ein ny skule og ei undervisning som er nær elevane.  Her formuler presten og hyrdingen i Brøruniteten treklangen av kunnskapstileigninga som er grunnleggjande for han. Frå tre kjelder  skal mennesket ause kunnskapen sin og få den til å klinge saman: frå boka til naturen, frå boka til den fornuftige anden og frå den heilage skrifta, bibelen[13]. Eller formulert på ei anna måte: Våre sansar, respektive lynne og forstanden og trua på visdomen i bibelen er tre måtar av menneskeleg erkjenning. Mennesket skal respektere dei og sjå dei som einskap. [14]

Ut av den ”Den Bøhmiske Didaktikken” utviklar Comenius seinare ”Didactica magna” eller ”Den store didaktikken”. Comenius-forskaren J.M. Lochmann skriver om den:

”Her finn vi allereie eit omfattande grunnlagd og gjennomført oppdragingskonsept.  Tilsvarande til den firedobblete erkjenningsemna til mennesket, skal også utdanninga vår skje i fire avsnitt. I morsskulen  … skal barnet utdanne sine ytre sansar. Så følgjar <Morsmålsskulen> frå det 6. til det 12. livsåret, her skal det utdannast dei indre sansar til mennesket, særleg imaginasjonsemna og minnet hans. Det tredje trinnet blir representert av Latinskulen. Den strever etter å perfeksjonere kreftane til den menneskeleg forstanden. Den høgaste forma av oppdraginga representerer universitetet. Der skal det fullstendig utfoldast viljen og intellektet i ein alder frå det 18. til det 24. livsåret.[15]

For den bøhmiske kunnskapsmannen er det sjølvsagt at ein må utdanne kvart barn utan å sjå på kor det kjem i frå. Det er verken kjønnet eller tilhøyring til ein del av samfunnet som skal få bestemme over utdanninga. For dei øvre trinn er einast emna føresetnad for utdanninga. Denne oppfatninga grunngir Comenius med det at alle menneska er skapa av gud og framfor gud er det ikkje forskjell på personen. [16]

”Didactica mangna” skulle bli eit standartverk for den moderne pedagogikken, som fram til i dag fortener merksemd ikkje berre av vitskapsfolk men av alle som har oppdraging som i oppgåve.

I Lissa skriver Comenius også ein liten bok med titelen ”Informatorium der Mutterschul” (Informatorium av morsskula), som er opptatt av oppdraginga til føreskulebarn, det første trinnet i oppdraginga. Boka inneheld mykje konkret inspirasjon og mange forslag også for den religiøse oppdraginga i småbarnsalderen. Comenius gjer det tydeleg der, att oppdraginga ikkje kan starte tidleg nok og at den til og med kan starte før barnet blir født, når mora førebyr seg på fødselen. Dette er ein tanke som den moderne barnepsykologien har oppdaga på nytt.

Beviset for at Comenius ved sidan av det teoretiske fundamentet alltid ser den daglegdagse praksisen er ein voggesong i ”Informatorium der Mutterschul”  som han sjølv har laga. Han anbefaler foreldra til å syngje denne songen med borna sine kvar kveld før dei sovnar. [17]

Sjølv om ”Didactica magna” er vidt utbredd frem til i dag er det ikkje dette verket som gjorde Comenius kjent utover grensene til Europa. Det er eit språklærebok som klarte dette. Denne boka har titelen ”Ianua linguarunm reserata” (Opne dører til språka). Med bakgrunn i sine eine erfraingar med Latinundervisninga utviklar han i denne læreboka ein ny tilgang til å tileigne seg det latinske språket. Ved sidan av den funksjonen til språket som kan omskrivast med kommunikasjon legg han vekt på samanhengen mellom språk og sak. Det er ein historieskrivar som skriver flutt av begeistring:

”Boka fant elskarar alle plassar, slik at det ikkje berre blei trykka opp utallege gongar, berre i løpet av få år har det blitt oversatt til 11 europeiske  språk, nemleg på Tysk, Polsk, Bøhmisk, Engelsk, Fransk, Italiensk, Spansk, Hollandsk, Gresk, Svensk og Ungarsk, ja til og med til nokre asiatiske språk særleg på Arabisk, Tyrkisk, Persisk og Mongolsk .”[18]

Håpet om å kunne vende att blei øydelagd i 1631. Vel hadde Kong Gustav Adolf  av Sverige i lag med Sachsen lukka med å invadere Böhmen. Saksiske soldatar hadde til og med klart å erobre Prag, men heile toktet strandar då den svenske kongen døyr i slaget ved Lützen ved Leipzig. Også ”Vinterkongen” Fredrik frå Pfalz døyr dette året. Han hadde nok mista makta men blei framleis sett på som den rette bøhmiske kongen. For dei tsjekkiske medlemmane av Brøruniteten tyder dette at dei må bli i eksilet i Lissa utan å kunne sjå noko ende på det. For Comenius sjølv er dette ei djup skuffing. Var det ikkje kjærleiken til heimlandet som fekk han til å engasjere seg pedagogisk? Han ville hjelpe sine landsmenn med deira pedagogisk arbeid. Det er ein tøyst for han at hans pedagogiske skrifter snart blei spreidd til heile Europa. Dei fekk tene alle som var opne for nye formar av skulevesenet og undervisningsarbeid.  Men det er ikkje rett å sjå på Comenius berre som reformator av skulevesenet. Det pedagogiske arbeidet hans må sjåast som ein del av hans pansofiske tankar. Målet deira er å knyte all menneskeleg kunnskap til visdomen til gud.  Pedagogikk er for han praktisk teologi. Det er der den har sitt opphav og det er ditt den leiar.

I Lissa engasjerer Comenius seg ikkje berre som lærar men også som ansvarsfull teolog og kristen. Han skriver ”Eit kort notat om svartedauden i det polske Lissa” (Kurze Nachricht von über die Pestseuche im polnischen Lissa), då det blir ville tilstander i byen under epidemien: Sjuke medborgarar blir jaga ut av byen eller husa blir tennt over hovudet deira for å hindre smitte.

Det at han blir valt til senior (biskop) i Brøruniteten i 1632 gjer det sannsynleg at han må har vært ein av dei mest kjente og viktigaste personleikane. Ved sidan av embetet som senior får han også oppgåva som skrivar.  På oppdrag frå kyrkjelyden må han nå skrive og publisere teologiske og kyrkjelege skrifter. I denne samanhengen må det særleg nemnast tre av skriftene hans:  For det eine er han forfattar av boka ”Nokre spørsmål om Brøruniteten” (Einige Fragen über die Brüderunität). Her forklarar prinsippa av trua og livet til brørne. For det andre gir han ut ”Ratio discilinae” (Ordninga til Brøruniteten). Her utfoldar den historiske framveksten av livsmåten til Brøruniteten og deira sikk, bruk, reglar og oppgåver . Særleg for Herrnhutarane  blei denne boka veldig viktig. Ved hjelp av den oppdaga Zinzendorf i 1727 kort tett brørne i Herrnhut er knyta til den opphavlege Brøruniteten. Med skrifta ”Historia persecutiorum” (Forfølginga si historie / på tysk Historie von den schweren Drangsalen der böhmischen Kirche) ynskjer Comenius å gjer oppmerksam på den lidingsfulle skjebnen til dei bøhmisk protestantane sidan den hussitiske rørsla.

Ved sidan av det han skriver for Brøruniteten ser Comenius også kritisk på tida si. Han ser ”under brilleranden ” og lider av rotet og mangelen på tukt i samfunnet og framgangen i strid og krig mellom statane. Han kjem frem til konklusjonen om at ein få alle desse problema nærmar til ei løysning på ein vitskapleg  veg. Til dette trengte ein ei vitskap som var tufta på kristen grunn og som leia til gjensidig toleranse og respekt og dermed også til fred. Den vitskapen som skal møte denne oppgåva kallar han for ”Allvitskapen” (Pansophia / Pansofi)

 


 

Besøk i England (1641-1642)

Nokre av dei som skriv om Comenius går ut i frå at konseptet av ”Allvitskapen” ,leia frem til innbydinga.[19] Andre trur at han blei henta til landet pga. av hans pedagogiske skriftar[20]. Ein kan krangle om det om ein vill. Eit faktum er at Samuel Hartlib, som er utvandrar frå Elbing i Sverige, som inviterar Comenius til London. Hartlib fekk høyre om Comenius gjennom mæhriske  studentar.[21] Han er del av eit hemmeleg selskap som har kontaktar heilt frem til det engelske parlamentet. Gjennom Hartlib og vennane hans håper den bøhmiske presten å få tilhengarar for ideen om Pansofien (”Allvitskapen”) i England. Han nøler litt med å kome, men til slutt tar han imot innbydinga. Etter ei farleg sjøreise kjem han til England hausten i 1641. Hans engelske venner tar han vennleg og ærefull  imot.  Dei får sydd ei kvit prestekjole til han slik at han kan opptre slik som ein anglikansk prest tilsvarande standen hans.

Tar ein med at han kom til England for å realisere tanken sin om ei Pansofi i lag med engelske og andre vitskapsmenn, blir denne planen raskt øydelagd. Revolusjonen til Oliver Cromwell gjer realiseringa av denne planen umogleg. Det er derfor Comenius bestemmer seg for å reise frå England. I denne tida får han tre tilbod: Kardinal Richelieu spør han frå Frankrike om han kunne tenkje seg å realisere Pansofien der.  Frå det fjerne Amerika får han tilbodet om å bli rektor i Havard. Den hollandske industrikapteinen Ludwig de Geer ber han om å forbetre det svenske skulesystemet. Avgjeringa er ikkje vanskeleg for Comenius. Det er mykje i han som motset seg mot å gå som prest i Brøruniteten til det katolske Frankrike. Også reisa til Amerika er ikkje noko spørsmål for han. Tilbodet frå Sverige derimot freistar han. Sidan det svenske kongehuset også kjemper mot keisaren håper han også at den svenske hæren kunne gjer det mogleg å returnere til heimlandet for dei bøhmiske  børene. Han tar difor tilbodet frå de Geer til følgje og reiser Sverige sumaren 1642. Då er han 50 år gamal.

 


Oppdragsarbeid i Elbing (1642-1648)

Reisa til Sverige leiar han først til Holland. Her blir det eit møte med René Descartes. Descartes hadde lest skriftene til Comenius nøye. Begge vitskapsmenn utvekslar tankar om vesenet til den menneskelege erkjenning. Sjølv om oppfattingane deira er grunnleggjande forskjellig, så møter dei kvarandre med stor respekt. Ved slutten av livet sitt mange år seinare tar Comenius eit kritisk oppgjør med Descartes:

”Denne meinte nok å har funnet ein behageleg veg ut dei evige feiltakingar. Han tilrår at man legg alle fordommar om den sanninga som ein alt har til side, at man  undersøkjar alt på nytt og ikkje tar imot anna enn det som er så openbart sant at ein ikkje kan røre ved det. I dette fant han mange som støttar han. Berre det er farleg å trekke alle guddommelege og menneskelege  ting i tvil. Og det er umogleg å bære arbeidet med å undersøkje alt på nytt. Det er difor dei fleste beklagar at ikkje gjorde noko anna enn å opprette eit labyrint. Og det er eit slikt labyrint at sjølv Dædalus ikkje hadde klart å kome seg ut og han hadde heller ikkje kunne vise til ein raus tråd ut.”[22]

Etter framkomsten i Sverige får Comenius ei konkretisering av oppgåva frå den svenske kanslaren Axel Oxenstierna. Om Comenius håpa i det stille på at det svenske kongehuset ville støtte arbeidet hans med å utarbeide Pansofien, så blir han skuffa av den svenske kanslaren. Målet for Sverige er at mannen frå Böhmen skriver lærebøker for det svenske skulesystemet. Sjølv om Comenius har lite lyst til å returnere til ”støvet i skula” takkar han ja , sølv om det meinar at han på nytt må avbryte planen om å jobbe med Pansofien sin. Grunnen til det er vel at Oxenstierna lover å parti for dei tsjekkiske flyktningane i framtidige fredsforhandlingar. Han vil møte keisaren med kravet om at dei tsjekkiske brørne får returnere i heimlandet sitt. Comenius får ein god lønn og kan busetje   seg  i Elbing for å utføre det svenske oppdraget.

Sjølv om Comenius ikkje lider av materiell naud, så er arbeidet ikkje noko stor glede for han. I tillegg kjem det krangel med de Geer som opptrer nesten som verja hans og som nektar å betale den lønninga som dei vart einige om. Dei bebreider Comenius for at han engasjerer seg i dei kyrkjelege foreiningsforhandlingane i Thorn i Polen. Forhandlingane står under vernet av den polske kongen. Målet med dei er å formidle mellom dei lutherske, dei kalvinistiske og dei katolske for å få slutt på krigen som for lege sidan slutta å være ein religionskrig. Men det blir ikkje noko utlikning av interessene med dei to protestantske gruppene og katolikkane. Måle om å gjenforeine kyrkjene  blir unåeleg fjern. Opprørt og irritert forlatar Comenius Thorn. Det gjer kanskje ikkje minst fordi han som formidlar til trekker sinne frå alle parter på seg.

Til tross for all krangel med de Geer klarer Comenius å levere oppdraget etter avtalen: ”methodus linguarum novissima” (Nyaste språkmetode). Med dette presenterer han ei språkdidaktikk som er mykje meir omfattande om grundig enn hans ” Ianua linguarum reserata”.

Sjølv om endeleg kjem fred i sikte etter  tre tiår med krig, blir det ei ulykkeleg tid for Comenius og Brøruniteten. Det blir nok fredsforhandlingar, som gjer slutt på skrekken til krigen. Men sidan Sverige mista politisk tyngde, klarar dei ikkje å forhandle frem eit betre skjebne for dei tsjekkiske flyktingane.

 


 

Returen til Lissa (1648-1650)

Ved sidan av dei politiske problema møter Comenius også ei rekke med personlege skjebneslag. Kona hans blir alvorleg sjuk. Det er difor han bestemmer seg for å returnere til Lissa. Han avbryt oppgåva som han hadde byrja på i Sverige. Kort tid etter døyr hans andre kone og han er åleine med to barn. Han gifter seg for tredje gong. Ektefellen hans er nå Johanna Gajus frå Thorn. Også døden til eit anna menneske legg skygger på livet hans. Justinus, den første av biskopane i Brøruniteten, døyr. Comenius blir valt til etterfølgjaren hans. Som ansvarleg overhovudet for Brøruniteten prøver han å forbetre skjebnen deira. Han skriver fortvila brev til Oxenstierna, der han ber han om å ta seg av den tsjekkiske Brøruniteten slik at den kan overleve. Men alt det biskop Comenius prøver er forgjeves. Den Westfalske fred er underteikna. Der er det ingen klausul om vern av konfesjonelle minoritetar. Dei bøhmiske brørne blir unemnt i det Westfalske fredsdokumentet. Mens keisar Ferdinand III.  Lover protestantane i Sleska toleranse, sikkarar han seg retten til å råda i dei bøhmiske land slik som han finner det  for godt og at han ”held fast på forbodet mot den evangeliske vedkjenning”[23] der. Comenius er realist nok til å skjønne at dette ikkje berre er slutten for den tsjekkiske delen av Brøruniteten, men for Brøruniteten som heilskap. Gjennom den Westfalske fred er den blitt heimlaus. R. Riemeck skriv om dette:

”Sidan dei ikkje blei godkjent som konfesjon kunne kvar landsfyrste  vise dei bort frå landet etter behag. Fordi det var berre Lutheranarane, Kalvinistane og Katolikkar som hadde fått tilsagt eksistensgrunnlaget  som ”kyrkje”.  Brørne hadde ingen plass lengre der eit hadde ein rett på kyrkjeleg eksistens, dei var utlevert til nåden av framande  herrar og returen til dei bøhmiske landa blir nekta dei for alltid.”[24]

I møte med denne erkjenninga skriver Comenius det kjente ”Testamentet av den døyande mor Brørunitet”. I dette testamentet takker ”mora”:

”først sin dotter, den polske uniteten. Den vender seg til sine kristne søsterkyrkjer, den ”romerske  unitet”, den tyske og den helvetiske (sveitsiske) unitet for så å tale til den økumeniske heilskapen av alle kristne med ropet om einskap og fred”[25]

Etter det snur ah seg mot sitt kjære folk, tsjekkarane. Dei sender han si spesiell velsigningshelsing, som har sit høgdepunkt i ynsket om at dei må ta vare på kjærleiken til guds sanning og den tsjekkiske kulturen.  Her knyter han utan tvil band til Jan Hus som rett før døden sin oppfordra til kjærleiken til sanninga. Endeleg så ynskjer han ungdommen ei betre oppdraging, enn den det eingong var.

 


Pedagogiske oppgåver i Ungarn (1650-1654)

Rastelaus jagar Comenius gjennom Europa. Han finn ikkje ro og fred. Han finn det ikkje eingong i den tunge stunda der ”Mor Brørunitet” er prisgitt til undergangen. Det er Sigmund Rákóczi ein ungarsk adelsmann som ber han til Sáros Patak. Der skal han skaffe eit moderne skulevesen. Comenius ynskjer eigentleg ikkje å møte den oppgåva, men brørne legg litt press på han: Det er fleire kyrkjelydar frå Brøruniteten som ligg der Rákóczi er herre. Og dei trenger han velvilje. På reisa til Ungarn besøker biskop Comenius fleire kyrkjelydar langs vegen. Han ordinerar prester og vigslar ein biskop.

I Sáros Patak venter ei vanskeleg oppgåve på han. Lærarne viser seg til å være utan særleg utdanning og stiv i holdningane sine. Elevane er late. Comenius klarer ikkje å få innverknad på dei. Alle forsøk til å forbetre den pedagogiske situasjonen mislykker. Ikkje ein gong språklæreboka, som har suksess over heile verda, slår inn. Dei pedagogiske vanskar tvingar til å utvikle ny metodar. Han illustrerar sin opphavlege språklærebok.  Slik lagar han ein lærebok som skulle bli verdskjent:  ”Orbis sensualium pictus” (Verda i bilete). Med denne boka er det mogleg å møte forskjellige didaktiske omsyn.   For det eine så kan ein bruke det som Fibel (Leselærebok for 1. klasse). For det andre kan det brukast som sakbok for å gi borna eit begreip av den verda  dei lever i. Endeleg er det også eigna til undervisninga i fremmendspråk. Mange kjente  personar lærer med denne læreboka for eksempel Tsar Peter den Store i Russland eller den Tyske nasjonaldiktaren Johann Wolfgang von Goethe. Sjølv dei erkekatolske Jesuittane er overbevist av den pedagogiske verdien til læreboka. Dei bruker det i dei tsjekkiske landa Böhmen og Mæhren som skulebok, sjølvsagt utan å nemne forfattaren.

Til tross for den store pedagogiske kvaliteten som blei stadfesta frå mange hold: Læreboka nyter ingenting i Sáros Patak. Uviljen til å lære og den manglande motivasjonen til elevane klarer den ikkje å knekke. Comenius leiter etter ennå ei mogleik til vekke læreiveren i elevane. Han husker frå Lissa at teaterframsyningar laga av elevar har vist seg til å være ei god læremetode. Han skriver boka ”Ianua linguarum reserata” om til åtte scener og publiserar dei med titelen ”Schola ludus” (Skulen so m leik). Endeleg får han napp. Denne metodiske tilgangen slår inn. Elevane blir med på å lære og presentere lærestoffet som ”skodespelar”.

 


 

Siste opphald i Lissa (1654-1656)

Til tross for suksessen i Sáros Patak har Comenius bestemt seg for å returnere til Lissa så raskt som råd. Grunnen til dett er vel ikkje minst dei nyheitene han får derifrå. Mange familiar i Brøruniteten har flytta frå Lissa til Ungarn og andre stadar. Kyrkjelyden i Lissa har blitt nok så fattig. I alle år har Comenius om og om igjen prøvd å få finansiell støtte frå det protestantske utlandet.  Også familiar om allereie har reist frå Lissa prøver å støtte kyrkjelyden som blei att. Men den materielle nauda blir ikkje mindre. I tillegg kjem den åndelege. Rekatoliseringa, motreformasjonen kom frem til Lissa og legg hardt press på kyrkjelyden. Kyrkjelyden treng biskopen sin med sitt råd og sin handlekraft.

Då han kjem  til Lissa truer det ennå ein krig. Dronning Kristine av Sverige, dottera til Gustav Adolf,  har gått over til det katolske lageret. Hun tar avskjed  og overlet svenske trona til sin fetter Karl Gustav frå Pfalz-Zweibrücken. Men det er allereie ein anna som krev denne plassen: Katolikken Johan Kasimir, konge av Polen. I 1655 byrjar den svenske arvefølgjekrigen.[26]

Lissa blir eit offer av denne krigen. I 1656 brenner det fullstendig ned. Comenius mister alt han eigde: huset sitt, biblioteka si, kontantar, sine opptrykka verk.  Det som er verst for han er å miste eit ordbok som han hadde lagd lar til trykk: ”Skattekammerset av det tsjekkiske språket” (Schatzkammer der tschechischen  Sprache). Han brukte 40år på og jobbe med denne boka. Også han 7 bind av Pansofien brenner ned. Det er berre nokre få manuskript som han klarer å berge frå flammane.

Etter nedgangen til Lissa spreier resten av Brøruniteten seg i heile verda. Det er ikkje noko felles fluktpunkt, ingen samlingspunkt for dei. Kvar og ein av dei prøver å sleppe unna verknadane frå Krig og forfølging.

 


Livets slutt i Amsterdam (1656-1670)

Comenius er nå 64 år gamal. Han har ingen heim, ingen sted å være. På flukta får han eit brev frå Laurentius de Geer. Han er sonen til hans tidlegare arbeidsgivar, som framleis var eit barn den gangen han møte Comenius. De Geer ber han til Amsterdam, her skal han få fullføre livsverket sitt. Comenius takker ja til innbydinga og reiser til Amsterdam. Han skal få stille og fredlege år der.

Rådsherrane møter han som ein verdskjent vitskapsmann. Han får nøkklene til biblioteket i byen. Han har tilgang til bøkane som han trenger for sit vitskapelege arbeid. Han får også tilbod om å trykke sine alle sine pedagogiske skrifter på nytt i byens trykkeri. Slik skapast det i 1657 dei fire bind av ”Opera didactica omnia” (Samlinga av alle didaktiske verk). I dei finner seg den programmatiske settninga: ”Omnia sponte fluant, absit violentia rebus” (Alt skal flyte av seg sjølv, maktbruk må være fjern frå alle ting).

Sjølv i sin høge alder og etter mange forsøk utan hel gir ikkje Comenius opp iden sin om ein Pansofi. Men i løpet av tida blei det klart for han at det ikkje er nok å reformere berre vitskapen, heile samfunnet må reformerast. Comenius krevjar  ein ny politikk, ein ny pedagogikk, ein ny rett, einskap av kyrkjene, ei internasjonal organisasjon for alle statar og eit felles språk. Desse tankane formulerar Comenius i ”Consultatio catholica e emendatione rerum humanum” (Allmenn rådgjeving om forbetringa av dei menneskeleg ting).

Planen til verket om ei allmenn forbetring av dei menneskelege ting er delt inn i sju delar. Skissa til dette verket blei eit offer av brannen i Lissa. Nå prøver han å fornye og å fordjupe dette prosjektet. Men han klarer ikkje å fullføre det før døden når han. Berre to delar blir publisert. Dei andre manuskripta blei det sett på som tapt. Dette gjeld frem til 1935 då dei blir funnet i arkivet til ”Waisenhaus”  (Hus for foreldrelause born) in Halle, der Agust Hermann Francke hadde tatt vare på dei.

Til tross for den store geografiske avstanden mellom kyrkjelydane i Børuniteten og Amsterdam: Comenius er trufast med dei. Han følgjer med i skjebnen deira med stor merksemd. Han gir ut fleire teologiske skrifter og er forfattar av historiske avhandlingar om livet til Brøruniteten. Det viktigaste verket for dei er nok ein songbok, som han får trykka opp for kyrkjelydane. In denne finns det meir enn 30 songar som han sjølv har dikta og komponert.  For å gjer opphavet til Brøruniteten kjent i den protestantske offentlegheita publiserar han ”Ecclesiae slavonicae brevis historella” (Kort slavisk kyrkjehistorie).

I sin høge alder er Comenius framleis opptatt av profetiane, som han møte blant anna hos den polske adelskvinna  Kristina Poniatowska og sin tidlegare medstudent Nikolaus Drabník. Han kjem frem til oppfatninga om at ein profet slik som Elia kome. Han sal kalle alle dei forkasteleg tilstander i vitskapen, politikken og religionen men namn og samle men rundt seg som kunne gi verda ei ny ordning. Han er i kamp med seg sjølv om ”mogleiken til at han sjølv kunne være den tredje Elia i oppfyllinga av Matt. 17,11”[27].

I skrifta ”Den siste trombona over Tyskland” (Die letzte Posaun über Deutschland), kallar han seg sjølv for Jeremia som har oppgåva til å åtvare medlemmane av riksdagen mot tyrkarane. Dei kjem til å bryte inn over Europa om ein ikkje klarer å finne nåde hos gud i bot og bøn. Slik skal ein klare å møte tyrkane i lag.

Coemius sett seg som  prosjekt å presentere eit perpetuum mobile på eit konsil for heile verda som skal arrangerast i Ulm. Med dette ynskjer han å bevise at mennesket klarer å setje  død materie i evig rørsle.[28]

Han publiserar ei omhyggeleg dokumentasjon av alle dei profetiane under titelen ”Lux e tenebris” (Lyset frå mørkret).

Den vitskaplege verda reagerer på dette med øydeleggande kritikk som dei lutherske prestane sluttar seg til. Polemikkane som oppstår gjer dei siste leveår litt mørkare for den rastlause manne frå Böhmen. Han sjølv skriver om det:

”Utanom dette blei eg  etter guds vilje leia inn i eit uvanleg labyrint i det at eg publiserte dei openberringane som skjer under titelen ”Lux e tenebris” (lyset i eller ut av mørkret). Denne saka er sjølv om den var årsak til mykje strev og arbeid også skapa mykje redsel, missunning og fare. Til dels skjedde det pga. spott mot naiviteten og til dels med truslar pga. mistru  mistrekk som blanda seg i.”[29]

I 1667 prøver Comenius for siste gang å gripe inn i politikken. Det går om avslutninga av krigen mellom Holland og England. Comenius elskar begge protestantiske land, som spelte ei viktig rolle i livet hans. Han klarer ikkje å forstå kvifor dei kunne føre krig mot kvarandre av økonomiske grunner.  Men hans fredsstrev som han prøvde å uttrykke med skrifta ”Angelus pacis” (Fredens engel) og med personleg frammøte på ei forsamling med delegater frå begge dei krigsførande partia i Breda mislykkast. Ingen er interessert i å lytte på presten.

Til tross for alle utviklingar i motsatt retning og i  håpet om at Brøruniteten likevel klarer å overleve  vigslar han frå Holland fleire biskopar. Historisk sett klarer han med dette å byggje brua fram til Brøruniteten blir fornya i Herrnhut i 1722.

Comenius takker for seg i dette livet med ei skrift som viser den bøhmiske biskop som eit menneske med djup og oppriktig tru. Den får titelen ”Unum necessarium” (Det eine som er naudsynt) og er skrevet i 1668.

Den 15. november 1670 døyr Johann Amos Comenius i Amsterdam. Han blir gravlagd i den walloniske kyrkja i Narden. Grava blir gløymd sidan kyrkja blir avvigsla og brukt som lager. Det er først 1900tallet at grava blir oppdaga på nytt. Kyrkja blei restaurert og den bøhmiske gudsmannen får ei verdig sted for evig ro og minne her på jorda.

Det som den bøhmiske biskopen etterlet finnast i hans siste skrift ”Unum necessarium”:

”Eg etterlet ingen anna arvegods til dykk enn det eine som er naudsynt: at de frykter gud og held bodorda hans for dette er hovud summa og svarer seg for mennesket (Pred. 12,13). Der dei gjer det kjem gud til å være deira arv (5 Mos 18,2), skjold og veldig stor lønn (1 Mos 5,1).

Likeeins seier eg til … dykk: Elsk Herren og ten han av heile hjartet og skam dykk ikkje for korset som de har bæra hittil og som de kjem til å bære vidare om de er kloke. Eg reklamerer alvorleg for Jesu arvegods: Fattigdom og kors. Dei skal være dykk ein veg til evig rikdom og herligdom , slik at de kjem til å leve etter Kristus frem til slutten (1 Kor 2; Luk 22,38)”[30]

 


 

Verket

Johann Amos Comenius  møter oss i biografien sin blant anna som teolog, pedagog, kartograf, salmediktar, filosof, realfagsmann, vitne dor 30årskrigen og engasjert kjempe for fred. Han var ikkje redde for å henge misstandane av sin tid. Når ein ser desse mange oppgåvene, spørs det om det finnes eit felles punkt som ein kan bruke som utgangspunkt eller mål til å oppsummere verket til den bøhmiske biskopen som heilskap til tross for hans mange nok så forskjellige interesser.

Comenius sjølv gir eit svar på dette spørsmålet. I sitt siste verk ”Unum necessarium” ser han  som 77åring att på alt det han har fått til. Han skriver at hans vitskapeleg og praktisk strev kan samanliknast med Martha som gjekk att og fram og styra for herren og læresveinane. Etter hans ord og vurdering er det likevel tre tyngdepunkt som strevet hans konsentrerer seg på: pedagogisk arbeid, arbeid for fred og arbeid med dei guddommelege openberringane. Han sjølv skriv:

”Slikt strev har jobben å undervise vært, at eg tok den på meg til og med i mange år ut av det begjæret om å leie skula og ungdomen ut av dei tunge labyrintane. Likevel er det mange som såg på dette som noko som ikkje sikka seg for ein teolog, slik som om Kristus ikkje gav oppdrag til sin kjære Peter om å gjæte begge to sauane og lamma (Joh 21,15-16). Men eg takkar Kristus som er min ævelege kjærleik også æveleg takk at han la ei slikt kjærleik til lamma inn i hjerte mitt.”[31]

”Den andre langvarige og tunge labyrinten har var arbeidet for fred hos meg, dvs. å foreine  dei kristne som på forskjelleg, skadeleg og heilt øydeleggjande måte strider mot kvarandre. I alle fall om Gud hadde likt det og det er difor eg har laga meg så mykje bry me det … I mitt begjær gjekk eg så langt at eg byrja å tenkje ut instrumenter og måtar gjennom dei det skulle bli mogleg å foreine den heile menneskeleg slekta som  er ueinig med både seg sjølv og gud…”[32]

”Ved sidan av dette blei eg etter guds vilje også leia inn i ein nok så uvanleg labyrint. Eg blei leia inn i det eg publiserte dei guddommelege openberringane frå vår tid under titelen ”Lux e tenebris” (lyset i eller ut av mørkret) …”[33]

Ikkje utan grunn snakkar Comenius tre gangar om labyrintar som gud leia han inn på, slik at han skulle finne utvegen ut av blindgatene. For å forstå kva som er tanken med desse tre labyrinter er det naudsynt å utfolde nokre grunntrekk i teologien til den store bøhmiske vitskapsmannen. Dei visast allereie i hans tidelge verk ”Centrum securitatis”

 


Grunntrekk i teologien

Comenius tar utgangspunkt i følgjande tanke: Den ”uendelege, uforanderlege, urørlege og ubegripelege saligaste Gud”[34] er opphavet og grunnlaget for alle ting. Den verda som gud skapa er ”ikkje noko anna enn ein synleg skygge av den usynlege Gud, som bur i eit utilgjengeleg lys, og eit synleg bilete av den  usynlege og i seg sjølv levande sjølvstende som skinner att i spegelen av auga våre”[35]

Konsekvensen av dette er at gud verker i alle ting i verda og at han utfolder sin makt, visdom og godleik i vesenet til alle ting og gir den å kjenne der.[36]

Comenius bruker hjulet på ein spesiell måte for å gjer sine teologsike  tankar synleg. ”Verdas hjul” omskriver han med følgjande ord:

”Slik er også hjulet for verda: midtpunktet for det er den usynlege Gud, som frå æve til æve består i seg sjølv. Men då han ynskja å gjere seg synleg, laga han ein synleg ring rundt seg sjølv ut av seg sjølv nemleg denne verda. Og denne  fulla han med mange slags skapningar, som alle kjem frå han som deira midtpunkt, og som atter fordeler seg, slik at det ser ut som om kvart einaste har si eiga substans og sitt eige vesen.”[37]

Det som blir antyda her i den siste setninga, blir ennå ei oppgåve for oss under omgrepet ”Eigenart”, som vi må sjå nærmare på. Kvar skapning også mennesket har sin plass og sin ordning i den verda som gud skapa. Jo nærmare han er ved midtpunktet, hos Gud, jo meir trygd og stabil får han kjenne seg slik at han kan utforme livet sitt. Men når mennesket gir mogleik til å bli leia bort frå midtpunktet, då vil livet hans går i oppløysning i ufred, tidtrøyte og forvirring. Ansvarleg for om eit menneske er nære eller fjern midtpunktet er sjela: ”som har sitt opphav frå himmelen, dvs. immediate  frå Gud. Fordi av han blei ho pusta inn i mennesket i starten og er … ingenting anna enn eit innpust frå den allerhøgaste. Og difor har den fått eigenskap som tidlegare var i gud , nemleg eit sånt lys i forstanden at den klarer å sjå og å gjere forskjell på alle ting og at den har i seg ein fri vilje til å bestemme seg for noko eller velje noko. ”[38]

Slikt sett er mennesket guds speglebilete som fekk mogleiken til å fjerne seg frå gud eller å bli nær midtpunktet hans. Det som er respektive  midtpunktet og plassen som gud har vist til mennesket, det er å formidle mellom gud og verda. Den oppfyller seg i det at menneska tener gud og skapningane tener menneska. Midten mellom å være underdanig  overfor Gud og å være herre over skapningen stadfester særstillinga til mennesket i kosmos og gir han ein merkeleg verdigheit.

Når ein oppsumerar viser eg guds ordning, der mennesket har sin fast plass, slik: Gud skapa verda. Alt som er skapt er eit speglebilete av gud. Det i relasjonen til gud den får sitt vesen, sin identitet. Menneske er skapa etter guds bilete, og fekk sitt vesen frå Gud slik som alle andre skapningar. Gud har vist han til formidlarrolla mellom skaparen og dei andre skapningane. Men mennesket står heile tida i fare for å miste posisjonen i midten. Fordi han har fridomen til å velje og orienterer seg meir mot skapningane og dermed seg sjølv enn skaparen. Det er det problemet som Comenius ser seg konfrontert med. Han skriver om det: ”Dei fornuftige byrja med den største uordninga med at dei gjekk borte frå midtpunktet og mista den . Det er difor dei nå går att og fram, og skader seg diverre i sitt uordentlege løp nok så mykje sjølv, jo dei riv også med seg andre skapningar når dei støytar dei og renn dei ned”[39]

Det er her labyrintane antydast. Menneska går seg vil i dei sidan dei reiv seg laus frå midtpunktet, frå Gud, og dei ynskjer ikkje lengre å kjenne og å godta den tilværeordninga som gud skapa. Gud er ikkje lengre midtpunktet av den menneskeleg eksistensen, men mennesket sjølv. Det er han som opphøyer seg sjølv til målet for alle ting og slik hamnar han i ei røynd som er  heilt utan subjektivt mål.  Denne mangelen på mål er det som meir og meir bestemmer tankane og handlingane for mennesket. Den uordninga som mennesket er årsak til, og som Comenius omskrivar nok så fargerik i sin ”Verda sin Labyrint og hjartet sitt paradis”  finnast det også bilete av i minna, forstanden, viljen og samvitet til mennesket. [40]

På grunn av at mennesket er sjølv ansvarleg får å ha mista ordninga, er den ”forskyva”, gale. Det er to omgrep som speglar denne ”forskyvinga”, galskapen, til mennesket:  mennesket sin subjektivitet og som resultat av mangelen på ein heimplass. Omgrepet subjektivitet som vi brukar i moderne språk ser Comenius slikt: ”når mennesket kjenner ein ekkel mot å la seg binde av Guds ordningar, når det berre ynskjer å være sin einen rådgivar, sin eigen vegleiar , si eiga verje, sin sjølveigen Herre og som resultat sin eigen gud. Og dette er opphavet av alt det vonde.”[41]

Gjennom at mennesket gir opp plassen som det har blitt vist til av gud og dermed gir opp eigenarten sin, blir vesenet han heimlaus. Eksistensen blir kjenneteiknet av ein ”mangel på ein heimplass”. Tapet av tryggleik og mangelen på den, ufred og varig sorg om å kunne oppretthalde seg sjølv, som utøser seg i å lage ny ”midlar” om og om igjen, det er det fæle resultatet.

I det Comenius gjer oppmerksam på problemstillinga til menneskets eigenart, i det han setjar spørsmålsteikn bak den, i det kjemper han  mot utvikklinga som har kjørt forbi han for lenge sidan i den åndshistoriske utviklinga. Eksemplarisk for dette er disputten med Descartes. For Descartes er mennesket ikkje lengre del av ei guddommeleg  ordning, der det får sin plass og sin tryggleik tilvist av gud. Mennesket finn tryggleik og bevisstheit på alle måtar i mennesket som erkjenner sjølv, i mennesket” som i  all tvil er bevisst på, at det er mennesket sjølv som tenkjer tvilen: Cogito ergo sum”[42] Denne tenkemåten frå Descartes har store følgjar , som Comenius prøver å kome over med sin siste åndelege kraft. For å antyde noko:

-          Det at Mennesket og verda,  subjekt og objekt, skapningen og skaparen,  dett frå kvarandre

-          Utviklinga av dei moderne naturvitskap som fører til ein nådelaus herredømme over og utnytting av naturen

-          Menneskeleg handling som bestandig må grunngi og rettferdiggjer seg av seg sjølv

-          Grenselaus produksjon av midlar som garanterar at ein klarer å oppretthalde seg sjølv[43]

Tankane til biskopen i Brøruniteten er i dag brennande aktuelt særleg med  tanke på alle dei vanskeleg utviklingane som menneska lid av. Dei får  K.-E. Nipkow, religionspedagog i Tübingen, til å få aninga: ”Kanskje er mykje i postmoderniteten ein tilbakevendt lengsel etter ei gamal heilstøypt verd, som gjekk fortapt”[44] og som Comenius prøvde å gjenvinne i ein tidsalder der fornunften gjorde seg sjølvstendig.

Dette seier i innhaldet sitt òg at Comenius ikkje stoppa ved å omskrive den menneskelege utviklinga.  Ikkje ”Verda sin Labyrint”, der det er forfengelegskap og blendverk som råder, men ”hjartet sitt paradis” er staden der mennesket kan finne att til sitt eigentlege vesen. Slikt må ein forstå den oppfordringa programmatisk som  pilegrimen får høre ved slutten av villferda si gjennom verda i ”Verda sin Labyrint og hjartet sitt paradis”: ”Snu! Ein gong og to gongar, og sidan eg ikkje visste kor eg skulle snu meg og blei trist, så ropa stemma for tredje gong: Su deg ditt der du kom ifrå , inn i huset til hjartet ditt og lukk døra bak deg.”[45]

Same ropet sendast til menneska i ”Centrum securitatis”. Comenius kjem frem til den på same måte enkle og retningsvisande konklusjonen:

”Nå har vi sett at ei kvar skapning, i himmelen og på jorda, er i fred og tryggleik, når den står i midtpunktet sitt, fordi det finner seg der i sin fullkomne heilskap og kan more seg der på sin naturlege måte. I motsetning til det er det fortapinga for skapinga når den flytter seg frå midtpunktet sitt, sidan den då møter forvirring som kaster den rundt frem til enden. Slik er det openbar at mot uro, pinsler, frykt og fare er det ikkje ann råd, enn at mennesket må returnere til midtpunktet sitt.”[46]

Korleis kan mennesket klare dette? Må det trekke seg sjølv ut ved sitt eige lugg slik som baronen Karl Friedrich Hieronymus von Münchhausen skal har fortalt om seg sjølv? I følgje Comenius møter Gud mennesket på to måtar for å gjer det mogleg å returnere til midtpunktet. For det eine har den usynlege Gud gjord ”midtpunktet til æva” synleg i Jesus Kristus og samstundes vist ”Kor og korleis vi kan kome til han”[47].

I Jesus Kristus openberrar Gud seg  sjølv  og mennesket kan finne att til Gud. Den som finn sonen finner også den himmelske far. Dette er den bibelske forklaringa som Comenius gir. Mennesket kan få att sitt opphavlege vesen gjennom Jesus Kristus og vinne att ro, fred og tryggleik. Men heimreisa til Gud er likevel knyta til ein avgjerdene føresetnad: Mennesket må tru på Jesus Kristus. Kva som ligg i denne trua omskriver Comenius med kraftige og drastiske ord med at han viser til at det ikkje er nok å berre ta Guds son til vitande. Den truande ”må også bli delaktiv av han, må krype til han, realsiere seg heilt i han, slik at vi skulle være i han og han i oss…”[48]

Den føresetnadslause etterfølginga etter Kristus som gir opp seg sjølv og er audmjuke, den er vegen som leiar att til midtpunktet, til gud.  Kristus er den sanne læraren, som er den einaste som kan leie mennesket ut av eigenarten og det heimlause livet, som det sjølv har ansvar for. Kristus er den som leiar ut og den som tar vare på mennesket, oppdragar og pedagogen for mennesket[49] .

 


 

Oppgåva til pedagogikken

Det som er sagt frem til nå gjer det tydeleg at for Comenius finns det ingen pedagogikk som har mål slik som allmennkunnskap eller utfolding og utvikling av alle menneskelege evna og mogleikar, eller sjølvstyre, sjølvrealisering og evna til solidaritet eller nokon anna tidsriktig målsetting.  I følgje Comenius er oppgåva til pedagogikken å gå vegen att til Gud og endeleg å finne att til han. Gud er utgangspunkt og mål  av alle pedagogiske gjøremål . Gjennom dette blir den skapningsordning gjenoppretta  som Gud ville og mennesket vinner att vesenet sitt.

Den pedagogiske vegen som Comenius omskriver i boka si ”Centrum securitatis” (Tryggleikens midtpunkt) er bota si veg, vegen full av anger att til guds armar. Det er Jesus Kristus som leiar frem til omvending. Han viser eksempelvis korleis menneske skal oppføre seg  etter viljen til Gud. Når det var fornufta som framandgjorde mennesket overfor Gud, fordi den bestemma seg å fremje individualiteten, så er det også fornufta som gjer det mogleg å returnere til Gud. Men det er den fornufta som underkaster seg Gud og som prøver lyttande å erkjenne den rette ordninga i alle ting og å vite kva den kan halde seg uforanderleg fast på. [50] Mennesket får visse i handteringa av alle ting, med omsyn til menneska sine pliktane, sit samvit og kjærleikens bod gjennom utforskinga av den bærande grunnen i alt tilvære.  Dette er det avgjerande i alle pedagogiske gjeremål. Ved sidan av det å etterfølgje  Jesus Kristus er det det å trenge  gjennom alt tilvære med fornufta det som viser mennesket vegen til gud. Dette er det fordi den erkjenner Gud som bærande grunn i alle ting. Slikt sett er dei pedagogiske måla som Comenius krevjar i sine seinare pedagogiske skrifter, å være forstandig, fylde av dyd   og fromleik[51] er  tre aspektar av same sak, som ikkje klarer å stå kvar for seg. Dei må være i samklang for å kunne hjelpe menneska til å være eit sant menneske. Dei blir grunnlagd i det tidlege verket  ”Centrum securitatis”[52]. Dei tre ”bøkene”, boka til naturen, boka til forstanden og bibelboka hjelper han til å kome fram dei rette erkjenningane. I ”Unum necessarium” (Det eine som er naudsynt)seier brørbiskopen at ein først og fremst må oppdra ungdomen. I tilknyting  til det levere han i ”Didactica česka” for første gang ei overbevisande forklaring  Comenius krev at ein må oppdra mennesket så tidleg som råd om pedagogikken ynskjer å svare på oppgåva si. Han nemner to grunner for det.

For det eine antar han, ”at Guds frø, som i opphavet blei pusta inn i det menneskeleg hjarte (nemleg frøet til visdom, forstand og heilagdom), er ennå minst kvelt hos dei.”[53] Hos dei vaksne observerar at dei er så mykje fordervet og forvrengt i bruken av fornufta si, i dyd og fromleiken, at det er veldig vanskeleg å jobbe pedagogisk med menneska som er så forherda og forvrengt.

For det andre ser Comenius mogleiken at ein kan bevare ungdomen får feilutviklingar gjennom ei tidleg, ”forstandig og omtenksam” oppdraging . Slik skal dei også styrkjast kreftane deira i motstanden mot tida sine freistingar.[54]

Pedagogikken får oppgåva om å bli kimen av ei ny ording. Ei ordning som er ynskja av gud og der mennesket, særleg den ansvarsfulle pedagogen, er kalla jobbe med i realiseringa. [55] Den nye ordninga bærer trakk av paradiset. Den leier mennesket att till den tilstanden som det var i inne i  paradishagen Eden. Fordi mennesket har gått bort frå hagen Eden, er det mogleg gjennom det å orientere seg i Jesus Kristus og gjennom hans frelsarverk å kome att i hagen Eden. Føresetnaden er at mennesket går med på å monne oppdraget som ligg i skapinga, dvs. at han tar rolla til mellommannen mellom gud og skapinga. Dette har som føresetnad at ein kjenner godt guds ordning av tilværet og dette som eit resultat av gjennomtrenginga av alt tilvære med fornufta . Det skal Pansfoien  klare som har sin systematiske ståstad her.

 


Arbeid for fred

Fleire gongar i livet sitt gikk Comenius  engasjert og utan halde nok att inn for fred. Ein må minnast blant anna formidlingsforsøk i Fulnek og forhandlingane i Thorn og Breda. Det teologiske grunnlaget for fredsarbeidet til den bøhmiske presten finns i skrifta ”Centrum scuritatis” som det er skreve om ovanfor.  Årsaka for ufred i mennesket og mellom menneska er subjektiviteten til mennesket. I det mennesket fjernet seg frå midtpunktet i skapningsordninga, mister han ro og tryggleik dvs. freden sin som gud ynskjer for det. Gjennom sin subjektivitet kjem mennesket seg bort i villferd og i alle slags forviklingar. Comenius beskriver det med følgjande ord:

”Sanneleg ingen veit kor det ligg ein falk på lur, kor det er ein tjuv, ein som sladrar … Ofte viser nokon seg som ein venn og er likevel ein fiende , eller som ein rådgivar og er likevel ein sviktar … Ikkje ein gong ville dyr omgås slikt med kvarandre som mennesket omgår med eit mennesket, som river kvarandre i stykkar deira gods, deira god og ærlege namn, helse og liv, som plager og øydelegg kvarandre  på det mest fæle. Og dette er virvaret av galskap og øyde i samfunnet vårt, som vi lever i.”[56]

Årsaka til ” virvaret av galskap og øyde i samfunnet vårt” er maktmisbruken til mennesket som nektar å erkjenne  kva som er etter den ordning som gud ynskjer og kva som ikkje er det. Mennesket misbruker skapinga for sine eigne mål. Han degraderer den til ei kjelde av ressursar, ”midlar”, for å tilfredsstille meir og meir raffinerte  behov på andres kostnad. Men han råder over denne kjelda berre så lenge som han har makt og styring over den. Mennesket sin makt og herredøme sikrar bruken ressursane, midlane. Tilsvarande står det i ”Unum necessarium”:

”… dei som eingong byrja å tenkje på å herske, dei lar ikkje være å bruke all makt og å finne på all slags lureri for å fortsette og fortsette med å herske. Dette er opphavet til all krig, vold, bedrageri og lureri blant menneska.”[57]

Liknande motiv erkjenner Comenius i striden mellom England og Nederland. Han antar  at havesjuke og mållause hos begge parter er årsaka til den usalige sjøkrigen.[58]

Kva er som leiar mennesket ut av alle disse uendelege forvirringar og denne lidinga som aldri tar slutt, slik at til og med kristne land ikkje blir stoppa frå å slo laus på kvarandre for å underkaste og undertrykke kvarandre? Spør Comenius.

Vegen ut av  labyrinten til ufreden og krigen, er den same som vi allereie har møt: Mennesket finn fred når det utsoner seg med Gud, slik krev brørbiskopen i ”Angelus pacis”[59]. Og dette seier ingenting anna enn det han forklarte allereie 42 år før i ”Centrum securitatis”. Mennesket må vende om til gud for å få fred og det er Jesus Kristus som viser vegen. Fordi berre hos han er fred. Slikt står dette hos Comenius: ”Men kva utover det? I meg [Jesus Kristus] har de fred. Dette meinar hos meg kan de unngå det som skapar all klaging og elende som verda er fullt av, ja også frå Guds sinne, slik at ingenting lengre kan skape uro i dykk.”[60]

Gjennom utsoning med Gud og i det å etterfølje Jesus Kristus i det at man etterlever boda frå bergpreika[61] finn mennesket si eiga fred i sjela. Og dette kallar han til å jobbe for fred i verda med å vise på korleis mennesket, spesielt det kristne menneske, skal t leve i lag med dei andre her på jorda. For å realisere freden er Jesus Kristus som den guddommelege fredsstiftaren er eine tydelege bilete som Comenius jobbar frem. Ti dette kjem det eit til som ein i tankane kan leie seg frem til frå hans tidlege verk ”Centrum securitatis”. Freden på verda er garantert nå mennesket overvinner sin subjektivitet, når han gir opp sitt jag etter makt og den voldsame (i ordets direkte meining) sikringa av kjeldane, midlane, til å tilfredsstille sine mållause behov. Dette er berre mogleg når mennesket finn at til den rette bruken av fornufta. Når ein klarer å få vist skapningsordninga til mennesket og å får det til å forstå den, dvs. at ein klarer å få han til å få utfolda og til å oppleve den guddommeleg harmonien og dei prinsippa som i naturen  og samfunnet ligg til grunn for den, då kjem han til å respektere ordninga og finne plassen sin slik som gud ynskjer det. Comenius ser oppgåva til vitskapen i det å hjelpe mennesket frem til denne erkjenning og i det å konsipere ein allvitskap, som skal brukast som reiskap til å oppheve framandgjeringa  som er mellom Gud og menneska og menneska seg i mellom. Ein klarer å oppheve denne framandgjeringa i same grad som ein klarer  å utfolde opphavet og rota til all eksistens og dei prinsippa som etter guds vilje ligg til grunn i skaparverket hans.  Dette opphavet og disse prinsippa skal plantast leie til harmoni og plantast i hjarta til menneska slik at dei ikkje kan annleis lengre enn å ta vare og å formidle denne harmonien vidare. ¨

Etter Comenius var eit viktig skritt mot fred i denne samanhengen skrifta: ”Prodomos conanimis pansophici”[62] som blei publisert i England utan samtykket han. I den legg flyktningen frå bøhmen grunnen for sitt pansofiske verk som han jobba med livet ut utan å fullføre det. Ikkje det å utfolde encyklopedisk kunnskap var interessa  hans, men hans arbeid for fred utan kompromissar. Også seinverket hans ”Rådgiving av menneskeslekta med seg sjølv om den moglege forbetringa av menneskelege ting” (Beratung des Menschengeschlechts  mit sich selbst über die mögliche Verbesserung menschlicher Dinge)[63] hadde dette som mål.

Når vi summerar disse to tankane om at fredens veg berre er mogleg, når mennesket på ei side etterfølgjer Kristus og på den andre sida gjennom den rette bruken av fornufta oppdagar dei rette prinsippa som bærer skapinga og så tar plassen  som gud har bestemt for han, då fell pedagogikken og saman med fredsarbeidet som Comenius beskriver. Pedagogikk er i Comenius si forståing som vegen til omvending og til det å gi seg inn i erkjenning av skapingsordninga alltid fredspedagogikk. Og fredspedagogikk er som eit vidt omgrep all pedagogikk.

 


 

Guddommelege openberringar

I nesten 40 år, frå 1616 til 1655, samla Comenius openberringane til Christoph Kotter, Kristina Poniatowska, Nikolaus Drabník og andre. Ha dokumenterar draumane, syna og visjonære tilstandar. Den bøhmiske vitskapsmannen ser i dette guddommelege  openberringar og relaterar til dei kyrkjelege og politiske tistandar i sin tid. Korleis kan ein forklare at eit såpass opplyst menneske som biskopen i Brøruniteten, gir sitt til disse openberringane  og at han ikkje er redde for å trer fram med dei på lyse dagen med skrifta si ”Lux in tenebris”?

Det er ingen tvil om at Comenius trudde på disse openberringane, elles hadde han ikkje nemnt dei i testamentet sitt  som ei av sine tre viktigaste oppgåver.

Det er ikkje i ”Centrum securitatis” men i ”Verda sin Labyrint og hjartet sitt paradis” som kom ut to år før at han skriver litt meir om guddommelege openberringar som fenomen. I hjartet sitt ser han  den ”vesle haugen av dei fromme” som først er utlevert til verda utan vern. Så vernar ”eit forsvarsring av englar” dei få trufaste. Nærmare omskrivar han desse verande englane som ”elskarar til menneska”. Det er til dette målet dei er skapa av gud.[64] Men ved sidan av dette har dei også ei anna oppgåve, ”nemleg at dei ikkje berre er vaktmenn for oss, men også til oss som våre lærarar. I det at dei underviser oss i nokre ting ofte i all  løyndom , ja til og med fortel oss dei djupaste guddommelege løyndomar … Det er derifrå det kjem at både det eine eller det andre som enten allereie har skjedd eller som  skjer nå, eller som skal skje blir synleg inne i tankane deira gjennom draumar og visjonar eller også løynde innskytingar. ”[65]

Comenius prisar profetiens gåve som ”lykkeleg skule av guds barn” som  ofte får ”enkle menneske” til å fortelje vindunderlege løyndomar  og som syner framtidige forandringar i verda og kyrkja.[66]

Kva funksjon syna har blir for eksempel synleg i skriftene ”Angelus pacis” og ”Den siste trombona over Tyskland”. Dei har først og fremst som mål å formane dei politiske maktene i hans tid, for det eine England og Nederland og for det andre  dei tyske fyrstar, adlingane og byane, om å kome til forstanden og til einskap. Denne einskapen krev ei nok så grundig  forandring i tankane: omvending til gud og utsoning med han. I denne samanhengen relaterer den bøhmiske presten seg til profetiane, sjølv om han fastslår resignert:

”Kor mange av disse vindunderlege personane er det nok som hadde likande openberringar eller på andre måtar blei vekka, og som blei beordra til å forkynne Guds sinne og straff som kjem fem i denne siste tida? Berre i Tyskland kunne eg telle 50 stykkar, som (i løpet av 40 år) fekk trykka sine visjonar og innskytingar (, der dei fleste nok var ulærde idiotar, enkle folk men likevel også nokre adelege). Men kva nyttar det sidan ei n berre driv gjer det til narr? ”[67]

Tanken, som møte oss i den teologiske runnlegginga av tankane til Comenius, møter oss igjen.  For å kome frem til fred, for å returnere til det som eigentleg er vesenet til menneska må ein gå bota si veg som har utsoninga med Gud som mål. Profetiane kan tydast slik som Comenius bruker dei for å gjer det tydeleg for verda at ”vegen att”, omvendinga til gud nå er audsynt slik som aldri før. Gud hjelper mennesket gjennom openberringane, til å finne att den plassen som Gud har tiltenkt det i skapingsordninga.

Omvendinga til Gud som Jesus Kristus lærar oss, det er appellen og testamentet frå den bøhmiske biskopen til etterkomarane. Han samlar tankane med følgjande ord:

”Mykje kunnskap blåser opp, berre det å kjenne Kristus rett, er kuntenes kunst, er å kalle kjernen i visdomen”[68]

 


Biografi i stikkord

Barndom (1592-1611)

Fødsel i Nivnice; tidleg tap av foreldra; undervisning på latinskulen, i Přerov, mogleik til å studere ved hjelp av Johannes Lacenius

Studietida i Herborn og Heidelber (1611-1614)

Møte med Johann Heinrich Alsted og Johan Fischer-Piscator; kjennskap med pedagogikken til Wolfgang Radtke, Inspirasjon av dei ireniske ideane til David Pareus

Arbeid i Přerov (1614-1618)

Jobb som lærar ved latinskulen i Přerov

Prest i Fulnek (1618-1621)

Ført ei lykkeleg tid, formidling mellom kyrkjelyden til Brøruniteten og klosteret til augustinarane , sosialt engasjement, undervisning i naturen, giftemål med Magdalena Vizovska; byrjinga  til forfølginga etter slaget ”an weißen Berg “ 1620

På flukt (1621-1628)

Gøymer seg under vern av forskjellige protestantske adlingar; døden av den første kona; Giftemål med Dorothea Cyrill, møte med synske Kristina Poniatowska og  Christoph Kotter

Opphald i Lissa (1628-1641)

Jobb som lærar; blant anna utgiving av ”Didactica česka”, blir gjennom ”Ianua linguarum reserata” kjent langt utover grensene til polen; val til senior og skrivar i Brøruniteten, pansofiske utkast

Besøk i England (1641-1642)

Comenius reiser på invitasjon frå Samuel Hartlib til England, må av politiske grunnar avbryte palane sine til å jobbe vidare med sine pansofiske utkast, takkar ja til invitasjon til Sverige

Oppdragsarbeid i Elbing (1642-1648)

Busett seg i Elbing, lager skulebøker etter oppdrag frå den svenske kanslaren Oxenstierna; finn lite glede i arbeidet, krangel med Ludwig de Geer hans hollandske støttespillar, engasjerer seg i foreiningsforhandlingane  til kyrkjene i Thorn, mislykker og trekjer seg att i resignasjon

Returnering til Lissa (1648-1650)

Kona blir sjuk, Comenis avbryter arbeidet for Sverige og returnerar til Lissa, den andre kona hans døyr, han gifter seg for tredje gong, Johanne Gajus frå Thorn
Bil valt den øvste biskopen i Brøruniteten, må oppleve ferdsforhandlingane utan omsyn til Brøruniteten, ser slutten for trussamfunnet sitt

Pedagogisk arbeid i Ungarn (1650-1654)

Reiser til Sáros Patak til Sigmund Rákóczki, gir ut ”Schola ludus” (Skulen som leik, har etter vansker i starten pedagogisk suksess, returnerar til Lissa på grunn av finansiell naud i kyrkjelyden

Siste opphald i Lissa (1654-1656)

Spør i utlandet om materiell hjelp, opplever i Lissa starten til den svenske arveføljekrigen, kyrkjelyden i Lissa blir hardt ramma og går sakte men sikkert i oppløysning, 1656 brenner byen ned, Comenius mister formuen sin  og mange av sine skrifter, han må reise frå Lissa

Enden til livet i Amsterdam (1656-1670)

Laurentius de Geer inviterar flyktningen til Amsterdam, han finner ein varig stad til å være, prøver å realisere det pansofiske prosjektet sitt, gir ut dei samla pedagogiske skrifter, gir ut ein salmebok, får dårleg rykte pga. skrifta ”Lux e tenebris” (Lyse frå mørkret) , prøver å formidle mellom England og Nederlan i sjøkrigen, forfattar ”Unum necessarium” (Det eine som er naudsynt), blir gravlagd i Naarden