Beitragsseiten

Livets slutt i Amsterdam (1656-1670)

Comenius er nå 64 år gamal. Han har ingen heim, ingen sted å være. På flukta får han eit brev frå Laurentius de Geer. Han er sonen til hans tidlegare arbeidsgivar, som framleis var eit barn den gangen han møte Comenius. De Geer ber han til Amsterdam, her skal han få fullføre livsverket sitt. Comenius takker ja til innbydinga og reiser til Amsterdam. Han skal få stille og fredlege år der.

Rådsherrane møter han som ein verdskjent vitskapsmann. Han får nøkklene til biblioteket i byen. Han har tilgang til bøkane som han trenger for sit vitskapelege arbeid. Han får også tilbod om å trykke sine alle sine pedagogiske skrifter på nytt i byens trykkeri. Slik skapast det i 1657 dei fire bind av ”Opera didactica omnia” (Samlinga av alle didaktiske verk). I dei finner seg den programmatiske settninga: ”Omnia sponte fluant, absit violentia rebus” (Alt skal flyte av seg sjølv, maktbruk må være fjern frå alle ting).

Sjølv i sin høge alder og etter mange forsøk utan hel gir ikkje Comenius opp iden sin om ein Pansofi. Men i løpet av tida blei det klart for han at det ikkje er nok å reformere berre vitskapen, heile samfunnet må reformerast. Comenius krevjar  ein ny politikk, ein ny pedagogikk, ein ny rett, einskap av kyrkjene, ei internasjonal organisasjon for alle statar og eit felles språk. Desse tankane formulerar Comenius i ”Consultatio catholica e emendatione rerum humanum” (Allmenn rådgjeving om forbetringa av dei menneskeleg ting).

Planen til verket om ei allmenn forbetring av dei menneskelege ting er delt inn i sju delar. Skissa til dette verket blei eit offer av brannen i Lissa. Nå prøver han å fornye og å fordjupe dette prosjektet. Men han klarer ikkje å fullføre det før døden når han. Berre to delar blir publisert. Dei andre manuskripta blei det sett på som tapt. Dette gjeld frem til 1935 då dei blir funnet i arkivet til ”Waisenhaus”  (Hus for foreldrelause born) in Halle, der Agust Hermann Francke hadde tatt vare på dei.

Til tross for den store geografiske avstanden mellom kyrkjelydane i Børuniteten og Amsterdam: Comenius er trufast med dei. Han følgjer med i skjebnen deira med stor merksemd. Han gir ut fleire teologiske skrifter og er forfattar av historiske avhandlingar om livet til Brøruniteten. Det viktigaste verket for dei er nok ein songbok, som han får trykka opp for kyrkjelydane. In denne finns det meir enn 30 songar som han sjølv har dikta og komponert.  For å gjer opphavet til Brøruniteten kjent i den protestantske offentlegheita publiserar han ”Ecclesiae slavonicae brevis historella” (Kort slavisk kyrkjehistorie).

I sin høge alder er Comenius framleis opptatt av profetiane, som han møte blant anna hos den polske adelskvinna  Kristina Poniatowska og sin tidlegare medstudent Nikolaus Drabník. Han kjem frem til oppfatninga om at ein profet slik som Elia kome. Han sal kalle alle dei forkasteleg tilstander i vitskapen, politikken og religionen men namn og samle men rundt seg som kunne gi verda ei ny ordning. Han er i kamp med seg sjølv om ”mogleiken til at han sjølv kunne være den tredje Elia i oppfyllinga av Matt. 17,11”[27].

I skrifta ”Den siste trombona over Tyskland” (Die letzte Posaun über Deutschland), kallar han seg sjølv for Jeremia som har oppgåva til å åtvare medlemmane av riksdagen mot tyrkarane. Dei kjem til å bryte inn over Europa om ein ikkje klarer å finne nåde hos gud i bot og bøn. Slik skal ein klare å møte tyrkane i lag.

Coemius sett seg som  prosjekt å presentere eit perpetuum mobile på eit konsil for heile verda som skal arrangerast i Ulm. Med dette ynskjer han å bevise at mennesket klarer å setje  død materie i evig rørsle.[28]

Han publiserar ei omhyggeleg dokumentasjon av alle dei profetiane under titelen ”Lux e tenebris” (Lyset frå mørkret).

Den vitskaplege verda reagerer på dette med øydeleggande kritikk som dei lutherske prestane sluttar seg til. Polemikkane som oppstår gjer dei siste leveår litt mørkare for den rastlause manne frå Böhmen. Han sjølv skriver om det:

”Utanom dette blei eg  etter guds vilje leia inn i eit uvanleg labyrint i det at eg publiserte dei openberringane som skjer under titelen ”Lux e tenebris” (lyset i eller ut av mørkret). Denne saka er sjølv om den var årsak til mykje strev og arbeid også skapa mykje redsel, missunning og fare. Til dels skjedde det pga. spott mot naiviteten og til dels med truslar pga. mistru  mistrekk som blanda seg i.”[29]

I 1667 prøver Comenius for siste gang å gripe inn i politikken. Det går om avslutninga av krigen mellom Holland og England. Comenius elskar begge protestantiske land, som spelte ei viktig rolle i livet hans. Han klarer ikkje å forstå kvifor dei kunne føre krig mot kvarandre av økonomiske grunner.  Men hans fredsstrev som han prøvde å uttrykke med skrifta ”Angelus pacis” (Fredens engel) og med personleg frammøte på ei forsamling med delegater frå begge dei krigsførande partia i Breda mislykkast. Ingen er interessert i å lytte på presten.

Til tross for alle utviklingar i motsatt retning og i  håpet om at Brøruniteten likevel klarer å overleve  vigslar han frå Holland fleire biskopar. Historisk sett klarer han med dette å byggje brua fram til Brøruniteten blir fornya i Herrnhut i 1722.

Comenius takker for seg i dette livet med ei skrift som viser den bøhmiske biskop som eit menneske med djup og oppriktig tru. Den får titelen ”Unum necessarium” (Det eine som er naudsynt) og er skrevet i 1668.

Den 15. november 1670 døyr Johann Amos Comenius i Amsterdam. Han blir gravlagd i den walloniske kyrkja i Narden. Grava blir gløymd sidan kyrkja blir avvigsla og brukt som lager. Det er først 1900tallet at grava blir oppdaga på nytt. Kyrkja blei restaurert og den bøhmiske gudsmannen får ei verdig sted for evig ro og minne her på jorda.

Det som den bøhmiske biskopen etterlet finnast i hans siste skrift ”Unum necessarium”:

”Eg etterlet ingen anna arvegods til dykk enn det eine som er naudsynt: at de frykter gud og held bodorda hans for dette er hovud summa og svarer seg for mennesket (Pred. 12,13). Der dei gjer det kjem gud til å være deira arv (5 Mos 18,2), skjold og veldig stor lønn (1 Mos 5,1).

Likeeins seier eg til … dykk: Elsk Herren og ten han av heile hjartet og skam dykk ikkje for korset som de har bæra hittil og som de kjem til å bære vidare om de er kloke. Eg reklamerer alvorleg for Jesu arvegods: Fattigdom og kors. Dei skal være dykk ein veg til evig rikdom og herligdom , slik at de kjem til å leve etter Kristus frem til slutten (1 Kor 2; Luk 22,38)”[30]