Beitragsseiten

Som predikant i Fulnek (1618-1621)

I ein alder på 24 år blir Comenius ordinert til predikant i brørunitetet. To år seinare får han ansvaret for kyrkjelyden i Fulnek. Denne landsbyen ligg nordaust i Mæhren, nord frå Přerov. Han får ei vankeleg oppgåve i Fulnek. Sidan det både er folk med tsjekkisk og med tysk som morsmål  må han både preike, undervise og utøve sjelesorg på begge språk. Ved sidan av  språkproblemet er også strid mellom bystyre som er medlem av brøruniteten og klosteret til augustinarane som  ligg i byen. Comenius prøve å formidle og å løyse konfliktane.

Med hengjeving tar han vare på ungdomen. Som predikant underviser han på skulen i Fulnek der Brørunitetet har eit godt rykte. Om og om igjen bruker han som lærar mogleiken til å undervise borna ikkje berre i klasseromet men også i den frie naturen. Dei sosiale konfliktane som han møter som prest, får han til tenkje på problematikken om fattig og rik. Desse tankane får han til å skrive den sosial engasjerte avhandlinga: ”Brev til Himmelen”. Fattige og rike vender seg med sine brev til Jesus Kristus. Dei eine klager, mens dei andre prøver å gjer seg rettferdig. Jesus Kristus blir som øvste dommar bedt om å ta stilling. Han svarar offentleg:

”i det viser han begge to, dei fattige og dei rike, det framtidige svaret på striden deira og føreskriver dei korleis dei skal omgås med kvarandre inntil vidare.”[8]

Det trengs vel ikkje å skrive om at Comenius tar parti for dei fattige.

I Tida i Fulnek lever Comenius i stor harmoni og er tilfreds. Han gifter seg med Magdalena Vizovska. Og ektefellen føder ein son for han. Den mangesidige presten prøver seg som birøkter og foredlar trer. Denne kunsten overtar naboane  med takk. Men den lykkelege tida varar ikkje lenge. Den 30årige krigen (1618-1648) byrjar.  I 1620 taper dei protestantske truppane under Friedrich, Kurfürst von der Pfalz, slaget ”am Weißen Berg“ (”ved det kvite fjellet”) i nærleiken av Prag mot den katolske alliansen under leiing av Maximillian von Bayern. Mens slaget gjekk føre seg i berre ein time satt den Friedrich som då også var konge i Böhmen ved eit opulent måltid. Etter nederlaget flyktar han i full fart til Holland.

Frå nå av blir det ei mørke tid for den protestantske befolkninga i Böhmen. I 1621 blir leiarane av det bøhmiske opprøret offentleg avretta på hovudplassen i gamlebyen i Prag.  For å skremme andre blir hovuda deira satt i eit trådkurv og utstilt ved Karlsbrua i Prag. Før etter 10 år blir det lov å hente hovuda ned og å gravleggje dei i Teynkyrkja.  Comenius samla seinare vitnemål om avrettinga den 21. Juni 1621 og gir dei i skrifta ”Hirstorie von den schweren Drangsalen der böhmischen Kirchen“ („Historia om dei tunge kar til den bøhmiske kyrkja”) vidare til etterkomarane.

Dei nye makthavarane frå huset Habsburg eksproprierer den protestantske adelen og tileignar seg alt dei eigde. Jesuittane blir henta inn i landet  for å gjennomføre motreformasjonen med sverdet.  Alle protestantar som motsetjar seg mot å konvertere til katolisismen, må forlate landet eller blir avretta. Særleg dei protestantske prestane lider under forfylginga.