Norsk

Dagane blir kortare. Det blir mørkt ute. I tankane mine er det framleis eit vers frå ”No livnar det i lundar som” heng igjen: ” Du vår med ljose dagar, med lengting, liv og song, du spår at Gud oss lagar ein betre vår ein gong”. Ja eg lengtar etter summaren allereie nå, sjølv om det framleis er 2 månader att til jul.

Det er av og til at ein kan kjenne det i halsen. Ein veit ikkje kva det er for noko. Og ein veit ikkje kva ein skal gjera med det heller. Det liknar litt på ei forkjøling, en er det er nok ikkje det. Det er heller ikkje nokon skikkeleg klump i halsen eller kanskje litt meir ein klump i magen. Resultatet er uansett det same: Ein blir mållause. Ein blir mållause når det blir mogleg å vitne om trua si. Er ein redde for at nokon tenkjer ”Har han ikkje noko anna å snakke om?” Ein kjenner seg kanskje ikkje skikka til å snakke om trua. Ein er redde for at den andre kjenner seg utsett for misjon. Eller det berre ikkje høver der og då. Og det finns sikkert mange gode grunner for å ikkje snakke om trua si, sjølv vi veit at vi har eit  oppdrag til det.

Tenk deg! Tenk deg at har opplevd noko som har fått deg til å bli mållause. Eller tenk på noko som ville gjer det mållause om du ville oppleve det? Eg veit ikkje kva du tenkjer på, men ville du teie om dette ?  Ville du teie om dette eller ville du heller fortelje andre om dette? Ville du leggje det ut på Facebook ? Ville du ringe rundt til familie og  venner om det?

Kvar sundag har eg ein tekst frå bibelen som eg skal snakke om

Matt 15:32-38

Jesus kalla læresveinane til seg og sa: «Eg synest inderleg synd på folket. No har dei alt vore hos meg i tre dagar, og dei har ikkje noko å eta. Eg vil ikkje la dei fara svoltne heim, for då kunne dei bli heilt utmatta på vegen.» Læresveinane svara: «Kvar kan vi få tak i brød her i øydemarka til å metta så mykje folk?»  «Kor mange brød har de?» spurde Jesus. «Sju,» svara dei, «og nokre småfiskar.» Då bad han folket setja seg på marka. Så tok han dei sju brøda og fiskane, bad takkebøna, braut dei og gav til læresveinane, og læresveinane gav til folket. Alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp dei brødbitane som var til overs, sju store korger. Dei som hadde ete, var fire tusen mann, forutan kvinner og born.

Slik lyder Herrens ord.

Nå er det ein ting eg lurer på. Kva hadde skjedd om eg nå skulle snakke om Jesus  lengre i 2 timer eller lengre – og om dette var så spennande at ingen ville gå heim att før vi var ferdig?  Er det nokon her som då hadde blitt svolten? Kva skulle vi gjøre då?

Går du på grøn eller raudt? Kva er du kjenner når du ser dette skiltet? Kjenner du deg heilt trygge?

Eg er vakst opp i grensetraktene mellom to land. Det var ingen mangel på uniformerte og etter kvart kunne vi godt skilje mellom dei forskjellige uniformene. Det første som fants var vanleg politi, bygdepolitimannen på sin moped. Så var det grensepolitiet som vanlegvis var på tur med motorsyklar og seinare med bil. Så var det tollvesenet i gråe uniformer og dei hadde alltid bil. Det vanlege politiet sorterte inn under innanriksministaren først i republikken og seinare i delstaten. Grensepolitiet sorterte først inn under forsvarsdepartementet og seinare under innariksministaren i Berlin. Berre tollarane, dei hørte alltid inn under finansdepartementet. Tollarane, det er finanspolitiet.

Unterkategorien