Norsk

Summaren er ei tid der det er herleg å være ute på sjøen. Det er gøy å prøve fiskelykka og for min det gjer det ikkje noko om eg ikkje får napp i det heile tatt. Og eg finn nok ikkje dei rette plassane heller, og har nok også ikkje lyst til å finne dei med all slags nymoderne teknikk. Det er også herleg å berre være der så lenge det ikkje er for mykje skodde til å finne vegen heim att. Eg er ute for å slappe av og for å ha det litt gøy.

Verre er det med dei som fisker for å tene pengar til livets brød.

Livet blir aldri det same igjen. Dette kan eg sei etter dei tre barnefødslane som eg fekk lov til å være. Eg kunne aldri tenkje meg å være utan borna mine igjen. Men både livet etterpå og fødslane sjølv er krevjande. Dei er krevjande både mentalt og kroppsleg, for menn kanskje mest mentalt. Men barnefødsler er ein del av livet. Det høyrer med til livet at nye menneske blir født og at andre forlatar denne jorda. De fleste av dykk har vel sjølv født barn eller har vert med på det.

Men er det nokon som har vært med på når ein voksen vert født? Ikkje eg i alle fall. Eit menneske blir født som barn. "Korleis kan ein som er gamal, verta fødd? Han kan då vel ikkje koma inn i morslivet andre gongen og verta fødd?"

Hei,

Har de allereie planlagd ferietida? Kor skal de?

Eg syns at det er godt har ha ferieplanlegginga klare men likevel litt fleksibelt. No skal eg prøve å underhalde dykk ein liten grand. Er de klare for ein liten vits om ferieplanlegging - det er ein vits og ingenting mot bestemødrane mine eller andre katoliker?

Ok.

Gud fader, Gud son og Den heilage er i gang ferieplanlegginga.

Gud fader er først ute med forslaget sitt: ”Korleis hadde vært om vi reiste til Las Vegas, slik som i fjor.

”Dette er litt for kjedeleg , der er vi no nesten kvart år” svarer Den heilage ande. ”Kunne vi ikkje prøve noko nytt? Kanskje Jerusalem?”

Dette vekker ein del vonde minner hos Jesus, Gud son: ”Ikkje denne byen, eg fekk nok av den sist eg var der – Men kva er med Roma?”

”Fint der har eg aldri vært før” svarer Den heilage ande begeistra.

 

 

Preiketekst: Ef 3:14-21

Eg bøyer mine kne for Faderen, han som har gjeve namn til alt som heiter far og born i himmel og på jord….

Nå var det sist du gjekk ned på kne for nokon? Ver det på konfirmasjonsdagen, var det då du fridde eller då du gifta deg? Eller har du kanskje vært  til nattverd?

Eg går av og til på kne når eg ber. Eg har ikkje blitt katolikk, dei gjer det vel mykje oftare i gudstenestene sine enn ein gjer det i Den Norske Kyrkja. Eg går ned på kne når eg for noko som verkeleg tynger meg, noko som engasjerar meg, noko som er eksistensielt for meg, noko som ligg utanfor kreftane mine. Eg går på kne for gud.

Han er ein fange. Han sitt ikkje i fengsel, men i ein liten leilegheit, men han er ein fange. Det er ein soldat som står framfor døra hans. Og dei følgjer nøye med alt han gjer. Det er allereie ei god stund at han lever som fange. Han er i ferd med å bli vante med det.

Men han minner framleis ei anna tid. Han har reist mykje. Han har vært mange plassar i Europa og Asia og han kunne godt tenkje seg ei tur til Nord-Afrika, men det blir det nok ikkje noko av.

Unterkategorien