”Du kan noko! Du er flink! Du har talent!” Gjer ikkje det godt når nokon seier det til deg? Og sant er det: Du kan noko! Du er flink! Du har talent! Det er sant det! Du har ei gåve. Du kan noko. Då du blei født fekk du spesielle emnar med deg. Kanskje er det lett å leggje merke til kva du er flinke på. Men om ein må sjå litt nærmare på det for å kunne sjå det, så meiner ikkje det at det du kan er mindre viktig. Du kan noko og det er behov for det du kan!

Gud har skapt oss. Han har skapt oss til å vere borna hans. Han har gitt oss gåver, emnar, ting som vi kan vere flinke på. Det er nok ikkje alltid like enkelt å oppdage kva ein duger til. Men Gud har bruk for alle. Og så er det nok ikkje alle som ynskjer å bruke det dei kan. Dei ynskjer ikkje å bruke dei, i alle fall ikkje for Gud.

Gud har gitt oss gåver. Han har gitt oss gåvene våre til å forvalte dei. Og kva er den beste måten å forvalte gåvene på?

Matt 25:14-18

Det er som då ein mann skulle fara utanlands. Han kalla til seg tenarane sine og overlét dei alt han åtte. Ein gav han fem talentar, ein annan to og den tredje ein talent ­ etter som kvar dugde til. Så drog han ut or landet.

Han som hadde fått fem talentar, tok straks til å handla med dei og tente fem til. Han som hadde fått to, gjorde det same og tente to til. Men han som hadde fått ein talent, gjekk bort og grov eit hol i jorda og gøymde pengane åt husbonden sin.

Då husbonden kom att vart han sint på han som hadde gøymd gåva si og tok den frå han, mens han feira i lag med dei to andre. Vi skal bruke det vi har fått. Vi skal bruke det ikkje berre for oss sjølve, men for Gud og for medmenneska våre. Og det er ingen som ikkje kan noko: Nokre kan snakke eller måle eit hus. Andre kan lage mat. Dei fleste kan gå, for eksempel til gudsteneste eller på besøk. Og berre det å kunne vere der kan ver ei gåve. Sjølv dei som ikkje kan gå kan bruke telefonen og dei kan be. ”Du kan noko! Du er flink! Du har talent!” Bruk det! Bruk det for Gud!