Beitragsseiten

 

7. Prest i Den norske kyrkja

”Ved utgangen av 2011 var det tilsatt 1,335 prester i bispedømmene”[81] og det er staten ved bispedøma i Den norske kyrkja som er arbeidsgivar for dei. Utover det finst det fleire prestar som er tilsette i fellesråda, i institusjonar og hos andre arbeidsgivarar. Dei langt fleste som jobbar som prestar, er tilsette i eit av dei 11 bispedøma. Den situasjonen som eg legg til grunn her, er mine eigne erfaringar og to intervju med ein kollega og eit aktivt medlem i kyrkjelyden hans.  

7.1. Presten og prestefamilien

Begge prestefruene er i jobb og prestane har 3 barn kvar. Det er ikkje alltid at prestefruene jobbar 100%, i alle fall ikkje så lenge borna er små. Som årsak for dette nemnast den høge arbeidsbelastninga for prestane, uregelmessig arbeidstid og mykje jobbing i helgane. Det er eit mål at presten skal ha tilnærma normal arbeidstid med 37,5 timer i veka, men det er dei færraste som klarer dette. Det er nok heller normalt med 40 til 50 timer i veka. Det er også vanskeleg å skilje kva som er arbeidstid og kva som er frivillig engasjement. Ein går ut ifrå at prestane har ei særleg sjølvstendig stilling og dei er difor unntatt frå arbeidstidreglane i arbeidsmiljølova. Dei har ikkje regulert arbeidstid men regulert fritid. Dei skal ha fri 2 dagar i veka. Ein av desse dagane kan flyttast og takast ut på eit seinare tidspunkt. Dette gjeld for opp til 24 dagar for året. Minst ein gang i månaden skal presten ha frihelg, dvs. fri sundag og laurdag. Dette er sikra gjennom ein avtale med fagforeininga til prestane og kyrkjedepartementet.[82] Prestane har også fått ei vaktordning som sikrar at dei stort sett kan sove trygt om natta.

Norske prestar har etter det forholdsvis gode moglegheiter til å vere til stades i familien sin. Rammene er der, men det er nok eit ansvar for den enkelte prest å bruke dei. Eg sjølv måtte lære meg å få arbeidstida frå 60 timer i veka til litt over 40 timer som eg opplever som eit behageleg nivå.

7.2. Prestebustaden

Det er eit krav om at prestekontoret skal vere utanfor prestebustaden, slik at presten skal ha høve til å vere  heime når han/ho er heime og på jobb når han/ho er på jobb. Å ha eit forsamlingslokale for kyrkjelyden i prestebustaden, slik som det er vanleg i Tsjekkia og Tyskland, har blitt nærmast utenkeleg i Noreg. Det blir fleire og fleire prester som bur i eigen bustad. Det er ikkje kyrkjelydane som eig prestebustadane, men ei stifting, OVF, og kommunane som er pålagte å stille prestebustad til disposisjon. Presteforeininga har ei meir fleksibel ordning som mål: ”Der hvor ordningen anses å fungere rekrutterende beholdes flere tjenesteboliger enn i andre deler av landet.[83]. Det er også den største fagforeininga til prestane som har formulert standardkrav for prestebustadane[84] som bispedøma, OVF og kommunane orienterer seg mot.  Som ei utfordring med prestebustadane  opplevast ein fråverande eller passiv eigar. Dette fører til at bustadane ver nedslitne og kontinuerleg vedlikehald opplevast som eit framandord.  Det blir ofte større oppussingar ved presteskifte.

7.3. Kyrkjelydane

Presten er som hovudregel sokneprest i eit eller to sokn. Der sit han i soknerådet og har ansvar for kyrkjebokføringa. Dei fleste prestane jobbar etter kvart i eit presteteam og presten har teneste i fleire sokn enn dei han er sokneprest for. Hovudtyngda skal likevel ligge der, der han har denne funksjonen. Ein prest har til vanleg ansvar for 2000 til 3000 innbyggarar, der ein kan gå ut i frå at over 80 % av dei er medlem i kyrkjesamfunnet. Etter geografien kan dette talet variere frå 1500 og opp til sirka 4500.

Kyrkjelydane har uttalerett når ein ny prest skal tilsetjast men ikkje meir enn det. Det er også lite dei skulle ha sagt når det gjeld prestane sin arbeidsplan. Til gjengjeld er presten berre ein av fleire medlemmer i soknerådet og berre ein av prestane i kommunen sit i det kyrkjelege fellesrådet. Der er det ikkje sjølvsagt for alle at presten ikkje berre har uttalerett, men også stemmerett. Soknerådet vedtek planane for kyrkjelyden som presten skal jobbe med, men kan ikkje tvinge presten til å gjere dette. Det kan også opplevast ein kultur der ein er veldig nøye med at den tidlegare så mektige presten ikkje skal få for mykje å bestemme. Samstundes ser dei fleste medlemmene i kyrkjelyden framleis på presten som den fremste representanten for den lokale kyrkja og er nok ikkje alltid klar over kor lite fullmakter han faktisk har. Vi har ”en ‘samvirkemodell’ hvor presteembete og råd ses som ‘selvstendige men ikke uavhengige’ organer[85].

Det er framleis ei forventning om at ektefellen til presten engasjerer seg i kyrkjelyden, men nokre er litt tilbakehaldne med engasjementet sitt nettopp fordi dei ikkje ynskjer å bli reduserte til” prestefrua”, men sett som individ.  

7.4. Frivillige og tilsette medarbeidarar

Dei fleste prestar er i dag sokneprestar og difor likestilte i høve til kvarandre. Dei har alle prosten som overordna og det finst nokre sokneprestar som samordnar arbeidsplanane til prestane på vegne av  prosten som koordinerande sokneprestar. Men dei er berre primus inter pares. Det er berre nokre få kapellanar att i byane som har soknepresten som sin nærmaste overordna.

Dei andre kyrkjelege tilsette har fellesrådet som arbeidsgivar. Fellesrådet har med kyrkjeverja ein eigen dagleg leiar. I tillegg skal for eksempel både kateketen, diakonen og organisten vere leiarar for den kateketiske, diakonale og kyrkjemusikalske tenesta i kyrkjelyden. Samanlikna med Tyskland og Tsjekkia kan det opplevast som om vi har forholdsvis mykje administrative stillingar og nok så mange leiarar, men få som blir leia. Presten fungerer ofte som ein prosjektleiar for den enkelte gudstenesta, gravferd eller vigsel med dei ressursane som kyrkjeverja stiller til disposisjon.

Det er stor variasjon i kor mange frivillige medarbeidarar det er i kyrkjelydane. Det er ei forventning om å få ei teneste. Ofte er det få som engasjerer seg direkte i kyrkjelyden og mange slit allereie med å få nok folk til sokneråda. Dei fleste som engasjerer seg, dei engasjerer seg i lag og foreiningar som er tilknytt bedehuset eller kyrkja. Kor godt samarbeidet her er, er avgjerande for kor mykje dei engasjerer seg i kyrkjelyden. Klokkarstillinga er mange stader blitt ei frivillig oppgåve, men utover dette blir grunnforsyninga dekka av løna medarbeidarar, mens det meste på kontinentet blir utført av frivillige utan løn.

Vi har ein tydeleg stats- og folkekyrkjeprofil, der presten skal arbeide og mykje av arbeidet skal utførast av profesjonelle. Det er høge krav på profesjonalitet. Eit slikt krav blir av og til så stort at frivillige ikkje vågar å engasjere seg i kyrkja. Dette har kyrkjesamfunna på kontinentet ikkje råd til. Det er også påfallande at vi ikkje har mange fleire og at det blir utdanna få nye leke gudstenesteleiarar. Eg sjølv har opplevd velsigninga av ein lek gudstenesteleiar og har vanskeleg for å forstå kvifor vi ikkje har fleire av dei.

7.5. Hovudoppgåvene

Det er ”Tjenesteordning for menighetsprester[86] som bestemmer hovudoppgåvene til presten og prioriteringa av dei:

” § 2. Presten skal forvalte Ord og sakrament slik at kristen tro og kristent liv fremmes i menighetene ved å a)               holde forordnede gudstjenester og forrette kirkelige handlinger,
b)           utføre dåps- og konfirmasjonsopplæring,
c)            utøve sjelesorg og veiledning, gå med dødsbud, reise i soknebud og også ellers besøke syke og
d)           utføre forkynnerarbeid og i samråd med menighetsrådet annet menighetsbyggende arbeid.
        Presten skal også utføre andre gjøremål som er eller måtte bli pålagt ved lov eller bestemmelse av Kongen eller departementet.
        Presten skal forberede ovennevnte gjøremål og sette av nødvendig tid til studium og personlig fornyelse.
[87]

Gudstenestene og kyrkjelege handlingar har klart den største prioritet. Så kjem dåps- og særleg konfirmantopplæring før ein kjem til sjelesorg, anna forkynnararbeid og oppbyggande arbeid i kyrkjelyden. Det er også her vi finn stats- og folkekyrkjeprofilen: Presten skal sikre tenesta for kyrkjelyden og vere der ved livets kriser og markeringar, men elles ikkje forstyrre kvardagen. Det er ved ritane i livet ein har bruk for presten.

Norske prestar harnok så mange gravferder og vigslar. Det er ikkje uvanleg med 40 gravferder og 10-15 vigslar per prest per år. Det er også mange dåp, der presten har ansvar for dåpssamtalane i førevegen. Mange gudstenester og kyrkjelege handlingar kan ofte føre til at det blir lite tid til sjelesorg og anna oppbyggande arbeid der presten kan utfalde seg litt med sine eigne gåver.  Ofte har prestane difor organisert tenesteveker der ein prest har ansvar for kyrkjelege handlingar i eit større område i ei veke og rom for andre oppgåver i dei andre vekene. Noreg er også det einaste landet der prestane er vigselmenn, slik at folk slepp å gifte seg både borgarleg og i kyrkja.

Det er ein særnorsk spesialitet at prestane går med dødsbod til alle uansett om dei er medlem i Den norske kyrkja eller ikkje. Prestane har ei vaktordning med ein vakthavande prest i prostiet i helgane og på kvelds- og nattetid. Dei fleste prestane er med i denne ordninga og den gir ekstra lønn både for vakt og for utrykkingar.

Det er godt at presten blir pålagd studium og åndeleg fornying i arbeidstida, men utan studiepermisjon blir dette ofte ein salderingspost. Difor kan det bli endå meir krevjande når nokre bispedøme ikkje lengre stiller med vikar ved studiepermisjonar.

7.8. Dagane i veka

Her har eg denne gongen ikkje noko konkret observasjonsveke, men relaterer meg til mi eiga teneste og samtalen med ein kollega.

Det er måndagen som er prestesundagen og dette er etter kvart ganske godt akseptert, sjølv om det kan vere ein del kristne møter, der det blir meir eller mindre forventa at han/ho  er med. Utover det er prestane flinke med å ta vare på denne faste fridagen i veka.

Tysdagen og fredagen er i vår region ofte gravferdsdagar og prestane kan ofte ha fleire gravferder på ein dag. Skulle det vere rom til det, bruker eg dei dagane også til å setje meg inn i preiketeksten og gudstenestene for sundagen. Også dåpssamtalar er ikkje uvanleg på slike dagar. Soknerådsmøter er gjerne på tysdagskvelden.

Onsdagen er ofte dagen for stabsmøter som gjerne legg beslag på heile føremiddagen, og for institusjonsandakter. Ofte rekk eg å skrive eit første preikemanus og  å ta ut salmane om ettermiddagen.

Torsdagen blir brukt til institusjonsandakter, prestemøter i prostiet eller anna oppbyggande arbeid: for eksempel barnehagebesøk, skulebesøk eller sjelesorg. I tillegg er det ofte konfirmantundervisning denne dagen.

Fredagen er igjen gravferdsdag.

Laurdagen er i utgangspunktet den andre fridagen i veka for presten. Men i sumarhalvåret er dette dagen for vigslar og det ligg også ein del arrangement i trusopplæringa på denne dagen, der det er venta at presten er med.

Gudstenestene på sundag startar kl. 11 og dette er mykje seinare enn på kontinentet der kl. 10 eller kl. 9 er vanleg. Likevel er også kl. 11 alt for tidleg for mange i kyrkjelydane. To gudstenester på ein dag er heller unntaket enn regelen, men også her må prestane belage seg på ein sundag  med  2 gudsteneste r i løpet av fire til åtte veker.

7.7. Presten i bygda

På bygda er presten framleis ei person som nyt stor respekt, men som også blir observert nøye og som ein held litt på avstand. Årsakene til dette kan vere blanda. Historisk var presten som ”den viktigste embetsmannen i by og bygd[88], ein av dei viktigaste representantane for øvrigheita og det var godt å ha han vennlegsinna, men på litt avstand. ”Embetsstanden selv tenkte seg som et åndsaristokrati eller et embetsaristokrati”[89]. I dag skal presten vere prest for alle. Ein er difor gjerne varsam med å involvere han/ho for mykje i samfunnet og politikken. Samstundes er presten framleis ein del av statsforvaltninga og den som varslar om dødsfall. Det er difor prestane er med i dei kommunale kriseteama.

Prestane skifter også stilling, og før var det vanleg å skifte etter omtrent 7 år. I dag blir prestane ofte verande lengre, men likevel: Dei kjem og dei flyttar. I eit bygdesamfunn er det i tillegg mange som har mange sosiale relasjonar frå før og difor forholdsvis lite behov for å inkludere andre i dei. Vi har også statskyrkjekulturen der kyrkja skal vere tilstades, men ikkje forstyrre kvardagen. Desse tilhøva gjer at presten kan oppleve at han står litt på sidelina også i kyrkjelyden, særleg når ein er prest langt borte frå heimstaden sin. Ein blir lett redusert til yrket sitt ”presten” og må bruke ein god del av fritida til å byggje opp sosiale relasjonar, medan kyrkjelydane i Tsjekkia og Tyskland kan opplevast langt meir familiære og inkluderande.

7.8. Oppsummering

Prestetenesta i Den norske kyrkja har vidareutvikla seg. Den utvikla seg i retning mot å bli ein normal arbeidstakar. Prestane i Noreg har nok best balanse mellom arbeid og fritid.  Det er færre frivillige og fleire tilsette som er involverte i presten sitt arbeid. Vi opplever ein stor grad av profesjonalitet men også ei ”pulverisering av leiarskapet” i kyrkja. Presten har mindre administrasjon enn i dei andre kyrkjesamfunna, men vi har også langt fleire tilsette som er opptatt med administrasjon. Samanlikna med Tyskland og Tsjekkia kan det også opplevast slik at vi har mange kongar på kvar sin haug og få som klarer å sjå heilskapen.

Anhänge:
DateiBeschreibungErstellerDateigröße
Diese Datei herunterladen (120925 Prestebilete og prestekvardag_kom HH.pdf)Prestebilete og prestekvardag Michael Hoffmann1341 KB