Beitragsseiten

 

4. Kyrkjehistorisk bakgrunn

”Å halde kyrkja i bygda”[50] er eit tysk ordtak. Og med kyrkja følgjer presten.  Men korleis kom presten til bygda? I dag er presten og tenesta hans i alle fall der. Men kva er ein prest og kvifor er han der? Før vi går inn i prestelivet til prestane, skal det skisserast korleis oppgåva og embetet vart til.

4.1. Frå apostlane til prestane

I utgangspunktet er prestar: ”religionsleiarar som skiljast som kultforstandar frå mengda av tilhengarane til ein religion fortrinnsvis gjennom ei spesiell kraft og gjennom  oppgåva som formidlar mellom Gud og menneska.”[51]

I kristendommen er det Kristus som er øvstepresten og mellommannen. I tillegg venta dei første kristne at Jesus skulle kome att nok så fort. Men som tida gjekk kom også behovet for struktur. Etter kvart fekk kyrkja forskjellige embete og embetsstruktur. Allereie i pastoralbreva kan ein legge merke til den etterpaulinske ”samansmeltinga av den paulinske episkopalordninga og den palestinske eldsteordninga”[52] Det er allereie Igantius frå Antiokia som nemner det tredelte hierarkiske embetet: Biskop, eldste og diakon. Det var biskopen som skulle leie kyrkjelyden og gudstenesta. Dei eldste vart rådgivarane hans medan diakonane vart medhjelparane i det sosiale arbeidet. Då distriktet og kyrkjelydane til biskopane vart større og større, fekk dei eldste fullmakt og oppdrag frå biskopen til å utføre mykje av oppgåvene hans. Med synoden i Ancyra i 314 var presteembetet etablert. Prestane fekk i oppdrag å forrette den prestelege liturgien. Allereie denne gongen fekk presteembetet mykje av den gamle prestefunksjonen, men det norske ordet prest skriv seg frå det greske ordet for eldste ”presbyter”, og ikkje frå ”hiereus”, som er det greske ordet for prest.

I middelalderen trekker Petrus Lombardus ei direkte linje frå prestane som mellommenn i det gamle testamentet til det kyrkjelege prestedømet.[53] Nå blir ”presten forstått i analogi til den gammaltestamentlige offerprest, noe som korresponderte med forståelsen av nattverden som en offerhandling.”[54]

4.2. Den tsjekkiske reformasjonen og utviklinga der

Som lutheranarar er vi vane med at reformasjonen i Mellom-Europa starta i 1517 i Wittenberg. Men reformatoren i Wittenberg var ikkje den første reformasjon[55] i Mellom-Europa.

Det var nesten hundre år før Martin Luther blei født i 1483 at forskjellige konfliktar i Bøhmen tilspissa seg. Dette gjeld både konfliktar i kyrkja, i aristokratiet og ikkje minst ved universitetet i Praha. Jan Hus[56], som blei født rund 1371, blei i 1402 predikant og administrator for Betlehemskapellet i Praha. Han var frå 1396 professor på artistfakultetet, frå 1400 prest og i 1401/1402 også dekan for artistfakultetet.

Hus engasjerte seg sterkt i universitetsstriden og støtta kong Vladislav. Etter universitetsreforma i 1409 forlet mange tyske professorar og studentar Praha og danna blant anna universitetet i Leipzig. Hus vart valt til rektor for universitetet i Praha. Han var ein tilhengar av det å preike på folkespråket, talte mot avlat, var kritisk mot pavekyrkja og han tillèt at også lekfolk fekk kalken under nattverden. Det som skulle bli brukt mot han, var at han i diskusjonar både ved universitet og med kyrkja forsvarte John Wyclif[57].  Under Pave Johannes XXIII. blei skriftene til Wyclif i 1412 og 1413 forbodne og brente. Hus reiste i 1414 til konsilet i Konstanz etter at den tyske kongen Sigismund garantere for tryggleiken hans. Likevel blei han etter berre nokre få veker i Konstanz arrestert og den 6.7.1415 brent som kjettar.

Det var i grunnen først det som utløyste den husittiske reformasjonen. Symbolet for denne reformasjonen blei kalken, sidan alle skulle kunne få både brød og vin under nattverden, medan fram til då var det berre presten som fekk ta i mot Jesu blod. Med aksept frå kongen og støtte frå aristokratiet hadde dei husittiske reformprestane i 1416 tatt over alle kyrkjebygg i Praha.

Husittane blei ei brei folkerørsle med fleire strømmingar som engasjerte heile folket frå fattigmann til aristokratiet. I 1420 blei dei i Praha einige om fire artiklar: 1. Fri forkynning, 2. Nattverd med både brød og vin også for lekfolka, 3. Avkall på verdsleg makt og eigedom for presteskapet og 4. offentleg avstraffing av dødssyndene også for medlemmer av presteskapet.

Husittane klarte å forsvare seg militærært både mot den tyske kongen og pavekyrkja, men kriga til dels også mot kvarandre. Med den bøhmiske vedkjenninga, confessio bohemica, i 1535 og 1575, stadfestar to husittiske retningar og lutheranarane i Bøhmen sin einskap[58]. Mellom 1564 og 1593 får dei med ”Bible kralická” bibelen på folkespråket. Katolikkane var berre ein minoritet i landet[59].

I om lag 200 år frå 1400talet til 1600talet skulle det vere ei protestantisk folkekyrkje i dei bøhmiske landa som ei kyrkje som ”omfatta heile folket”[60] og kyrkje som folket ber og dei aller fleste i Bøhmen på denne tida var medlem av eit protestantisk kyrkjesamfunn.

Så kom Trettiårskrigen 1618-1648 og under ”Slaget ved Kvitefjellet”[61] tapte den protestantiske bøhmiske kongen mot den katolske keisaren.  Motreformasjonen fekk fri bane. Habsburgerane oreignar det protestantiske aristokratiet og hentar Jesuittane for å rekatolisere  landet. Protestantane må bli katolikkar, røme eller gå under jorda. Nokre av dei som rømer, finn etter kvart asyl hos Greven Nikolaus von Zinsendorf, som også er viktig for den norske pietismen.

I 1628 forlet den siste protestantiske biskop, Senior Jan Amos Comenius[62], dei bøhmiske landa. Etter dette eksisterer protestantane frå den bøhmiske reformasjonen i dei bøhmiske landa berre i løyndom. Comenius blir etter kvart aktiv i skulevesenet blant anna for den svenske kongen og meir kjent som pedagog enn som teolog[63] . I dag blir han kalla ”grunnleggaren av den moderne pedagogikken”[64] eller ”lærar for alle nasjonar”[65].

Det som kjem nå, er det som tsjekkiske historikarar sidan 1800talet kallar for ”Temo”, mørke.  I 160 år er det å vere  protestant totalt forbode.  Fram til opplysningskeisaren Joseph II. i toleransepatentet i 1781 tillet nokre lutherske og kalvinistiske ”kyrkjer”. Å vedkjenne seg til den bøhmiske konfesjonen er framleis ikkje lov. Det må vere minst 100 familiar eller 500 menneske som melder seg inn for å få eit slikt bedehus. Dei har ikkje lov til å ha tårn eller kyrkjeklokker og det er framleis den romersk-katolske kyrkja som får kyrkjeskatten.  Likevel etter berre 5 år er det 78 000 som har registrert seg som protestantar[66].  Full religionsfridom blir det først då staten Tsjekkoslovakia blir danna i 1918. Med Tomáš Garrigue Masaryk fekk den unge staten ein protestant som sin første president. Same året vart den augsburgske kyrkja og den helvetiske kyrkja gjenforeina til Den evangeliske kyrkja til dei bøhmiske brødrene. Denne kyrkja bruker igjen den bøhmiske vedkjenninga og vedkjenner seg til sine husittiske, kalvinistiske og lutherske tradisjonar.  Etter ti år hadde den 250 000 medlemmer i 120 kyrkjelydar over heile landet[67].

Så kom München- avtalen i 1938 og med denne den tyske invasjonen og andre verdskrig. Etter krigen hemna tsjekkarane og slovakane seg på den tysktalande befolkninga i landa og jaga dei ut. Så vart  40år med kommunisme etterfølgt av 20års materialisme som gjorde Tsjekkia til det kanskje mest sekulære landet i Europa[68].

Fram til i dag er det øvrigheita, dvs. staten som betaler størsteparten av lønna for prestane både hos protestantane og katolikkane. Til gjengjeld gjekk kyrkja på 1950-talet med på at prestane[69] måtte ha  løyve frå staten for å kunne utøve yrket sitt. Staten kunne også inndra dette løyvet eller bruke det til å presse prestar og det gjorde dei rikeleg med prestane som sympatiserte med eller som hadde underteikna Charta 77[70]. Det var nok mange protestantiske prestar som skreiv under dette dokumentet som kravde menneskerettar i Tsjekkoslovakia etter den russiske invasjonen der i 1968 og KSSE-konferansen i Helsingfors i 1973. Det var langt fleire protestantiske enn katolske geistlege som skreiv under og endå langt fleire som sympatiserte. Nokre av dei som var med frå starten av, kjenner eg personleg frå studietida i Praha og dei underviste både meg og presten der eg gjennomførte feltarbeidet i Tsjekkia.

4.3. Martin Luther, den tyske reformasjonen og utviklinga der

Reformasjonen i Tyskland var ei folkerørsle som engasjerte folket frå bøndene til aristokratane.  Etter reformasjonen og etter at religionsfreden i Augsburg i 1555 blei stadfesta i den westfalske freden i 1648, var ”ius reformandi” gjeldande i heile Tyskland. Herskaren i landet fekk bestemme konfesjonen i landet, om den skulle vere romersk-katolsk, luthersk eller kalvinistisk reformert. I utgangspunktet var alle fyrstane i Nord- og Aust-Tyskland enten lutherske eller reformerte. Difor måtte også folket bli det eller rømme. At fyrst Friedrich August I i Sachsen på 1700-talet blei romersk-katolsk utan å utøve ”ius reformandi”. kan vere ei av årsakene til at kyrkja der er nok den mest lutherske av folkekyrkjene i Tyskland. I Preussen derimot gjekk fyrst Johan Sigismund på 1600talet frå å vere luthersk til å vere kalvinistisk reformert. Også han gav avkall på ”Ius reformandi”. Då Preussen seinare opna porten for franske kalvinistar og fekk seg nye område i Nordvest-Tyskland vart det fleire reformerte i befolkninga.

I 1817 samla kong Friedrich Wilhelm III både dei mange lutherske og dei få reformerte kyrkjelydane i  statskyrkjene sine til eit evangelisk statskyrkjesamfunn. Denne unionen var i starten berre administrativ, men etter kvart vart det fleire kyrkjelydar som godtok både den augsburgske og den helvetiske vedkjenninga. Med ein reformert herskar i spissen som fram til 1918 også fungerte som ”summus episcopus”, fekk nok kyrkjestrukturen også eit tydeleg kalvinistisk reformert preg. Dette la eg merke til under feltarbeidet i eit område som i dag er ein del av den evangeliske kyrkja i Mellom-Tyskland, men som tidlegare var ein del av den preussiske kyrkjeprovinsen Sachsen.

Det var etter den første verdskrig i 1918 at det vart slutt for statskyrkjesystemet og kyrkja blei fristilt frå staten.

Etter nasjonalsosialismen, andre verdskrig og 40år med sosialisme er det mindre enn 10% av befolkninga i delstatane Thüringen og Sachsen-Anhalt som er medlem av det som framleis ser på seg sjølv som ei folkekyrkje. Samstundes minkar folketalet ute på bygda og det parokiale systemet eksisterer i praksis berre på papiret.

4.4. Statsreformasjonen i Danmark-Noreg og utviklinga fram til i dag

Etter at han erobra København i 1536, arresterte Christian III av Danmark-Noreg alle danske biskopar, mens dei norske biskopaner berre blei avsett. Han bestemte at klostra skulle ennå ikkje oppløysast, men munkane og nonnene fekk forlate dei. Så kalla han ein av medarbeidarane til Martin Luther, Johannes Buggenhagen, til København for å innføre reformasjonen. Buggenhagen leia også kroningsseremonien for kongen og seinare innsettinga av nye lutherske biskopar. I løpet av to år vart det innført ei luthersk kyrkjeordning  i begge land. I Noreg tok det nok i praksis litt lengre tid.

Ein brukte også i den no lutherske kyrkja, ”de prester og andre ansatte som fantes fra før”[71].Rett etter reformasjonen brukte ein superintendentar i staden for biskopar, men etter kvart kom omgrepet biskop i bruk igjen[72]. Biskopane fekk nå lønna si direkte frå statskassa, mens prestane levde av inntektene til kallet og eintredje del av skatten i prestegjeldet.

Prestane var eit viktig ledd i embetsaristokratiet. Dei var kongens menn ute i distriktet. I eineveldet si tid blei presten ”et viktig redskap for kongemakten inn i de enkelte lokalsamfunn. Presten ble statsmakten sin representant, både på det religiøse område og på andre samfunnsområder.”[73]

I 1629 fekk dei eit nytt organ, ”prestens medhjelpere”[74], som var starten på dagens sokneråd.  

Det var frå slutten av 1600-talet og særleg på 1700-talet at pietismen byrja å setje sitt preg på Noreg. På 1730-talet innførte Christian IV statspietismen, pietistisk kristendom via lovgiving[75]. Kongen gjekk her for ein pietisme som var prega av August Herrmann Francke i Halle. Men han var også i kontakt med Nicolaus von Zinsendorf. Greven Zinsendorf var den som gav bøhmiske protestantar lov til å busette seg på eigedomen hans, der dei grunnla byen Herrnhuth. Under opphaldet hans i København fekk han skulda for ei radikalpietistisk vekking og det gjorde nok at kongens val falt på Halle og ikkje Herrnhuth. Som ein del av statspietismen måtte ein for eksempel etter 1736 vere konfirmert for å kunne gifte seg. Men også på andre område, særleg i skulevesenet, sette pietismen sitt preg på land og kyrkje.

Namnet Hans Nielsen Hauge står for ein særnorsk tradisjon i den yngre kyrkjehistoria.  Rundt 1800 var han leiar for ei vellykka protestrørsle ”mot eneveldets embetsstand[76] og den mest vellykka vekkinga i Noreg. Gjennom sitt ”testamente til sine vener” sikra han at mange myndige pietistiske lekmenn likevel skulle bli i statskyrkja i staden for å danne frikyrkjesamfunn. Det er også i denne tida grunnlaget for det fram til i dag sterke norske misjonsengasjementet vart lagt.

I vekkelseskristendommen ble presten […] frakjent sin selvskrevne status som religiøs formidler og veileder.”[77] Han vart framleis respektert, særleg av dei utanfor kjernen i kyrkjelyden, men han møtte no også myndige lekmannsfolk.

Grunnlova i 1814 la det rettslege grunnlaget for statskyrkja slik som det skulle vere frem til 2012. Ein milepæl i denne tida er opphevinga av konventikkelplakaten i 1842 som gav lekfolka høve til å ha religiøse samlingar utan kontroll og tilsyn frå presten. I 1843 fekk katolikkar igjen høve til å danne ein kyrkjelyd i Christiania og med dissenterlova i 1843 vart det også lov med frie kyrkjelydar, medan forbodet mot munkeordenar blei oppheva først i 1897 og mot jesuittar først i 1956. Fram til 1880 måtte også alle statlege embetsmenn vedkjenne seg til den evangelisk-lutherske trua. I 1889 blei skulen frigjord frå den kyrkjelege administrasjonen og i 1911 blei konfirmasjonstvangen oppheva. I 1920 vart sokneråda lovfesta og i 1933 bispedømeråda.

Etter den tyske invasjonen i 1940 gav 645 av 699 prestar i statskyrkja avkall på embetsdelen av tenesta si då dei slutta seg til dokumentet ”Kirkens Grunn”. At kyrkja med biskop Eivind Berggrav i spissen valde side så tydleg kan vere ei av årsakene til at kyrkja i Noreg framleis står sterkare enn i dei fleste europeiske land. Med små steg skulle kyrkja etter krigen få meir fridom: I 1969 kom Kyrkjerådet[78], frå same året skulle kristendomsfaget i skulen ikkje lengre vere heimla i statskyrkjeordninga. I 1984 kom Kyrkjemøtet og i 1997 fellesråda på kommunalt plan.

Kyrkja er framleis ei statskyrkje, men den er i dag alt anna enn ei kyrkje som blir dominert av prestane, sjølv om ein framleis kan finne enkelte medlemmer som påstår dette.

4.5. Oppsummering

Presterolla er ikkje noko statisk, men noko dynamisk. Den er i endring. Så langt har prestane ikkje blitt overflodige. Alle tre kyrkjesamfunna der eg observerte prestetenesta, var ein gong kyrkje for heile folket. I Tsjekkia er dei i dag ein liten minoritet, i Aust-Tyskland klamrar dei seg til folkekyrkjestrukturen og i Noreg er dei ferd med å gå frå stats- til folkekyrkje. Nesten i alle europeiske land minkar oppslutninga om kyrkja. I alle fall er det godt å løfte blikket for å utvide horisonten slik at ein kan gå framtida i møte.

Anhänge:
DateiBeschreibungErstellerDateigröße
Diese Datei herunterladen (120925 Prestebilete og prestekvardag_kom HH.pdf)Prestebilete og prestekvardag Michael Hoffmann1341 KB