Beitragsseiten

6.     Konklusjon

Det er alltid krevjande å meddele ” brå, uventa  dødsfall som ulykker, sjølvmord, og liknande.  Formelt sett er det Politiet som har ansvaret for å melde de nærmeste pårørende om dødsfallet”[74]. Det er ei særskild utfording for ein kristen prest i Den norske kyrkja å måtte informere ein muslimsk familie om eit slikt dødsfall. Eg er overbevist om at muslimar vil oppleve det som ein fordel at det er presten dei møter i døra og ikkje politiet.

På grunn av kulturforskjellane kan eit  møte i sorg med ein muslim vere krevjande, men ein kan lykkast med det. I refleksjonane mine har eg funne nokre moment som det kan være lurt å ha med når ein skal ut i eit slikt oppdrag:

  • Eg bør bli bevisst på mi eiga mellomkulturell kompetanse, slik at eg kan handtere det som kan stenge for kommunikasjon i meg.
  • Dei aller fleste muslimar vil oppleve det som ein fordel at det er presten som kjem, ein som trur på gud. Eg vil difor anbefale at ein gir uttrykk for presteyrket sitt og går med rundsnipp.
  • Det kan være lurt å skaffe seg ein tolk som ein kan tilkalle ved behov, men eg vil fråråde  å møte opp med tolk i døra.
  • Om det  let seg ordne, bør ein går i lag med nokon av det andre kjønnet, ein kollega, diakon eller liknande.
  • Ein bør skaffe seg så mykje informasjon som råd. Særleg om korleis familien kan få tak i kroppen til den avdøde sidan gravferd ofte skal skje så fort som råd.
  • Det kan også være lurt å vite kor familien har opphavet sitt i frå og kor lenge dei har budd i Noreg, slik at ein kan få ein peikepinn om kva sosialt nettverk ein eventuelt kan spele på.
  • Ein bør gje seg god tid til å vente ved døra, tid til å snakke utan å gå rett på sak, gode sokkar og eit skjerf for kvinner.
  • Det kan være godt å huske at sjølvmord og rusmisbruk er tabubelagd i islam.

Det viktigaste ein må huske er at vi møter menneske med si personlege og kanskje dramatiske historie i ein vanskeleg situasjon og at dei treng all vår omsorg.


 

Anhänge:
DateiBeschreibungErstellerDateigröße
Diese Datei herunterladen (110613 Eit møte i sorg.pdf)110613 Eit møte i sorg.pdfEi hjelp i nauden - eit møte i sorgMichael Hoffmann1080 KB