Beitragsseiten

2.4.2 Armenarane ved dei heilage stadane

Då sultanen Abdul Majid i 1852 skreiv ned kva som var ”Status Quo”, den aktuelle tilstanden, fekk armenarane stadfesta at dei var ein av dei ”three major rites”[31], ein av dei tre hovudkonfesjonane, ved sidan av dei gresk ortodokse og dei romersk-katolske  som alltid skulle takast med i forvaltninga av dei heilage stadane.

Sjølv om det skal ha vært ei tid der armenarane forvalta gravkyrkja åleine, så er  det området som dei forvaltar i dag forholdsvis lite. Dei forvaltar Helenakapellet, som på armensk blir kalla for kapellet til Gregor opplysaren. I tillegg eig dei ”det andre Golgata” eit område med eit galleri rett til venstre frå hovudinngangen.

I fødselskyrkja i Betlehem eig armenarane eit område til venstre frå hovudalteret i den ortodokse basilikaen og deler alteret med dei gresk ortodokse. Dette skaper ofte konflikt mellom dei 2 armenske prestane med sine 4 diakonar og dei gresk ortodokse geistlige, som av og til også kan bli voldelege. Prestane og diakonane bur i det armenske klosteret som er bygt  til kyrkja på sørsida. Saman med dei to andre konfesjonane har armenarane likt tilgang til og eigarskap i fødsleskvelvet og vestibylen til kyrkja.

Også Mariakyrkja ved hagen Getsemane[32] deler armenarane med dei gresk-ortodokse.

I Himmelferdskyrkja på Oljeberget har armenarane den same statusen som grekarane og romarane og eig eit stort alter der. I tillegg eig armenarane pottemakaren sin åker, Haceldama (Hagg ed Dumm), sør frå gamlebyen og to kloster i Jaffa og Remla.