Logo
   
  • Startseite / Startsida
  • Deutsch
  • Norsk
   
↑↑↑
  • Om oss
  • Über uns
  • Kontakt
  • Impressum
  • Fotos
  • Webcams
Freitag, 10. April 2026

Jentungen er gravid ! - Luk 1:26-38

Preiketekst: Luk 1:26-38

 

Tenk deg at du har ei jente. Det er ikkje så lenge sidan ho gjekk for presten. No ryktast det at ho har funne seg ein kjæraste. Dei to er forelska, dei snakkar om ei framtid i lag og til og med om å gifte seg. Litt for tidleg kanskje, men dei gjer det og det er nok berre ein gong dei er ungdomar. Plutseleg ein kjem ho heim og er gravid. Dette er ikkje planlagd, verken for deg eller for ho. Dette er krise og til alt overmål er det heller ikkje kjærasten som er barnefaren. Kva kjem han til å gjere? Dette er krise. Dette er krise i dag og dette var ei krise før i tida. Likevel er dagen i dag ein festdag, ein festdag midt i fastetida. Ein dag der vi feirar at ei jente for 2000 år sidan vart gravid og der kjærasten ikkje var barnefaren.

Weiterlesen: Jentungen er gravid ! - Luk 1:26-38

Brødet - 4:1-11

Brødet

Fritt etter Gianni Rodari

Om eg hadde vært baker, hadde det ikkje vært nød,
Fordi for heile verda ville eg bake eit kjempestort brød.

Brødet skulle skinne som sola så gull,
Og lufta skulle vere av godlukta full.

Og det skulle gi næring, til fattig og rik, til gamal og ung.
Denne dagen måtte ingen mage bli tom.

Dette ville vere ein store dag, som ingen gløyme kan
”Dagen utan  svolt” – Den beste dagen på jorda -  Gjekk det an?

Weiterlesen: Brødet - 4:1-11

Livet i 21 fot

På måndag mekka eg  litt på båten min. Det ei 21 fots plastsnekke med ein 10 hestars Saab. Og nå har den stått på land alt for lenge. Nei eg skal ikkje blir medlem i hage – båteigaranes – mannsforeining. Ein båt skal være på sjøen og ikkje på land.

Ein båt skal være ute på sjøen og eg gler meg til å kome att på sjøen. Eg liker å være ute, eg trenger ikkje å fiske. Det er nok at eg berre er ute for slappe av og kose meg. Men når ein er ute er det viktig at ein ikkje mister orienteringa. Det er viktig at ein held seg i kjent farvatn eller at ein har med seg kart og kompas og at ein held peiling på dei rette fyrlyktene. Båten må være på rett kurs for at eg skal kome meg trygg heim att.

Weiterlesen: Livet i 21 fot

”Alle ser når eg drikk, men ingen ser når eg tørster!”

”Alle ser når eg drikk, men ingen ser når eg tørster!” Slik stå det på eit morsamt bilete inne i gangen i eit hus. Bilete er moro, men det er også alvorleg. Fylledrikkinga er ikkje noko å spøke med, den kan øydeleggje både menneske og relasjonar rundt eit menneske.

”Alle ser når eg drikk, men ingen ser når eg tørster!” Det nok mange som drikk fordi dei har tørst. Dei drikk fordi dei lengtar etter å få nok.

Weiterlesen: ”Alle ser når eg drikk, men ingen ser når eg tørster!”

Treeinig Gud vi lovar deg - Joh 17

Det er kanskje nokre som har undra seg kvifor vi har syngje ein julesong nå. Nå då jula endeleg skulle være slutt. Men eg må nok innrømme at eg hadde eit poeng då eg tok ut denne salmen. Riktig nok ligg poenget først og fremst i det siste verset, men det hadde vært litt lite å syngje berre eit vers.

Treeinig Gud, vi lovar deg,
vi lovar deg,
for frelsa no og æveleg!
Halleluja, halleluja!

 

Weiterlesen: Treeinig Gud vi lovar deg - Joh 17

  • Ljoset for verda og ute på Haram
  • Trua må vokse - Såmannssundagen med frø - Luk 8
  • Rettferd - Vingardssundag
  • Astronomske fenomen og betlehemsstjerna
  • Vin og vin

Seite 15 von 23

  • 10
  • 11
  • 12
  • 13
  • 14
  • 15
  • 16
  • 17
  • 18
  • 19