Konfirmasjon 2012 - Konfirmantane og flaggermus
I dag er det konfirmasjon. Ordet konfirmasjon tyder stadfesting og konfirmasjonen skal vere ei stadfesting av den kristne trua. I nesten eit år fekk eg vere i lag med ei flott gjeng. Og det er difor står her i dag både glade og likevel med ei tåre i augo. Glad fordi eg fekk vere med denne gjengen og trist fordi eg er heilt klar over at eg ikkje kjem til å sjå desse ungdomane like ofte nå lengre. Men eg håper at det ikkje går slik som prestane og flaggermusane:
Weiterlesen: Konfirmasjon 2012 - Konfirmantane og flaggermus
Avstand og nærleik - Luk 7
Det er ein gamal sikk i kyrkjene våre at dei fyllast bakfrå. Benkane bakarst i kyrkja er dei som er først opptatt. Det er ikkje berre ein gong eg har fundert på kvifor det er slik. Så langt har eg ikkje klart å finne eit god svar på det. Benkane er ikkje betre til å sitte på. Dei er ikkje varmare. Dei er ikkje penare heller. Ein verken høyrer eller ser betre der. Det er vel heller ikkje slik at det berre kjem folk til kyrkja frå dei gardane som frå gamalt av hadde benkane sine lengst bak i kyrkja. Eg er glad i kvar einskild som sitt her i dag og som sitt der elles, men av og til lurer eg på om den einaste fordelen er at benkane er lengre unna presten og alteret? Kanskje går det går det an å sitje der og halde desse to litt på avstand? Eg veit ikkje om denne tanken stemmer. Eg er glad for alle som sitt der og som ikkje held seg ennå lengre unna slik som dei som ikkje er her i det heile tatt.
Kven er du? - Mark 9
Kven er du? Du er eit menneske. Du er eit menneske med eit namn og ei historie. Kven er du for dine? Er du eit barn til foreldra dine? Er du ei mor eller ein far? Er du ei bestemor eller ein bestefar? Er du kanskje til og med ei oldemor eller ein oldefar? Er du tante eller onkel for nokon?
Kven er du? Kven er du for gud? Som prest kan eg trygd sei at du er eit gudsbarn. Du er elska av gud. Han skapa deg i mors liv. Han kjenner kvart hår på hovudet ditt og er uendeleg glad i deg. Det er i Jesus gud vart menneske for å vere deg nær, men kven er Jesus for deg?
Er Jesus barnet i krybba? Er han mannen på bilete på bedehuset eller på alteret i kyrkja? Er han den vesle kroppen som heng påeit lite krusifiks i stua eller rundt halsen? Er han redninsankeret som du bruker når du har prøvd alt anna? Kven er Jesus?
Jesus Kan vere alt dette. Men Jesus Kristus er først og fremst guds son, han som vi skal høyre på. Dette vitnar også dagens preiketekst om:
2 Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes og førte dei opp på eit høgt fjell, der dei var åleine. Då vart han forvandla for auga deira, 3 og kleda hans vart så skinande kvite at ingen som bleikjer klede her på jorda, kan få dei så kvite. 4 Elia synte seg for dei saman med Moses, og dei snakka med Jesus. 5 Då tok Peter til orde og sa til Jesus: «Rabbi, det er godt at vi er her. Lat oss byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.» 6 Han visste ikkje kva han skulle seia, for dei vart så redde. 7 Då kom det ei sky og la skugge over dei, og frå skya kom det ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar. Høyr han!» 8 Men best dei såg seg omkring, såg dei ingen annan enn Jesus; berre han var hos dei.
9 På vegen ned frå fjellet forbaud han dei å fortelja nokon kva dei hadde sett, før Menneskesonen hadde stått opp frå dei døde. 10 Dei merka seg det ordet og diskuterte med kvarandre kva det er å stå opp frå dei døde. 11 «Kvifor seier dei skriftlærde at først må Elia koma?» spurde dei. 12 Jesus svara: «Elia kjem først og set alt i rett skikk. Kvifor står det så skrive om Menneskesonen at han skal lida mykje og bli vanvørd? 13 Men eg seier dykk: Elia er alt komen, og dei gjorde med han som dei ville, slik det står skrive om han.»
Mark 9,2-13
Jesus er menneskesonen. Han er guds son er frelsaren. Men er han relevant? Er han relevant for deg og dei rundt deg? Eller er han berre ein del av kulturen rundt deg? Er han som ei gamal bok som støver til på bokhyller, slik som det går med mange biblar? Er han eit gamalt minnesmerke som held på å gro att? Kven er han for deg?
Jesus er guds son og du er eit gudsbarn. Jesus er min bror. Jesus er min bror som ynskjer å leve i lag med meg. Han ynskjer at eg lyttar på han. Han nøyer seg ikkje med at eg ringer han når livet skrantar. Jesus ynskjer å vere med meg. Han vil vandre i lag med meg. Men det er eg som må gi han husly hos meg. Det kan fort skje at huset mitt er opptatt. Eg er optatt. Det er så mykje som må gjerast og eg gidder ikkje ennå meir. Eg gidder ikkje å rydde plass.
Ikkje for å lage dårleg samvett. Men det lønner seg å rydde. Det lønner seg å rydde plass for Jesus. I dag er det det han som trenger oss. Han trenger oss ikkje til å bygge hytter på fjellet, men han trenger oss til å be. Han trenger oss med gåvene våre. Det er gjennom oss han skal fremje sitt rike her på jorda. Han trenger oss der vi er, som den vi er og med dei gåvene, dei emnar som vi har fått.
Jesus er guds son og difor skal vi lytte på han og gi litt av oss. Vi skal gi litt av oss for han som har gitt heile seg. Det var for oss Jesus tok på seg all spott og hån. Det var for oss han tålte allle psikeslag. Det var for oss han bar krossen. Det er for oss han lidde. Det er for oss han døde på Golgata. Og det for oss Jesus er oppstod. Jesus lever og difor skal vi leve. Vi skal leve for frelsaren vår. AMEN
Bomstasjonen i Jeriko - Sakkeus
Er det nokon som har sett dette treet før? Dette treet er gamal, veldig gamal. Den står i ei oase eit stykke frå Jerusalem i ein by som vi allereie har høyrt om i dag.
Er det nokon som veit kva by eg snakkar om? Byen heiter Jeriko og den er verda si lavast liggande by – 260 meter under havets nivå. I tillegg den ei av verda sine eldste byer om ikkje den eldste. Den ligg som palmebyen, som ei oase ikkje ein gong ei mil frå daudehavet. Byen er den siste stasjonen før den vanskelege vegen opp til Jerusalem. Det er her vegane frå aust, frå den arabiske halvøya, og frå nord, frå Galilea møtast. Med eit det er eit trafikknutepunkt. Og kva er det ein gjer der? Ein sett opp ei bomstasjon. Og for å få mest mogleg ut av den sett ein den ut på anbod. Den som lover å få mest mogleg ut av bomstasjonen får anbodet. Kva gjer det då om dei etter kvart ikkje ta heilt nøye med servicen og tar litt høgare takstar? Bomstasjonen som eg snakkar om står der ikkje lengre i dag, men den stå mest sannsynleg rett att med treet vårt for to tusen år sidan. Kanskje nokon har hørt om han som fekk anbodet på bomstasjonen?
Eit samlivsbrot - Joh 4
Han husker det godt då alt som hadde vert livet hans frem til då tok slutt. På onsdag fekk han på dramatisk vis med seg at det var ein konflikt mellom foreldra sine, på måndag var dei skilte og på sundagen deretter forlott dei tenestebustaden til faren som frem til då også hadde vert heimen for han, broren og mora.
Ikkje alle samlivsbrodd er like dramatiske som denne, veit eg ikkje om noko samlivsbrodd som har skjedd utan sår. Nokre sårar den andre med vilje, mens andre ikkje ein gong legg merke til når dei sårar. Men nesten alltid er det sår, arr og skyld som blir att. Og ved nesten eit kvart samlivsbrodd uansett om det er ei skilsmisse eller berre to sambuarar som flyttar frå kvarandre er det også sorg. Det er ei sorg utan blomar. Og det er vanskeleg og det kostar mykje kraft å reise seg igjen etter noko slikt.
Seite 7 von 23
