Norsk

Gratulerar med dagen! Eg ynskjer dokke alle saman ein riktig god 17. mai! 17. mai er for dessutan den finaste nasjonaldagen eg veit om. Og eg har erfaring med slikt. 17. Mai er faktisk den tredje nasjonaldagen eg er med på å feire.

Eg er glad for at det er nokre som har funne vegen hitt i dag. Tenk deg at du ber folk på ein fest. Du har lagd mykje arbeid i det og nå er tida inne. Maten er klar klokkeslette er inne, men det er ingen som dukkar opp. Du skjekker innbedinga – klokkeslettet er korrekt og du er 100 % sikker på at dei veit om det. Du går ut for å sjekke om nokon er på veg.

Det står skrive i Salmane i det 8. kapitlet:

Når eg ser din himmel,
eit verk av dine fingrar,
månen og stjernene som du har sett der,
kva er då eit menneske,
sidan du kjem det i hug,
eit menneskebarn, sidan du tek deg av det?

Eg er i takkehumor. Eg har lyst til å takke. Eg har lyst til å takke for at de tek imot meg, at eg få være gjest her. Eg har lyst til å takke. Eg har lyst til å takke gud. Eg har lyst til å takke han for dette fantastiske landet, for medmenneska mine og for alt det veks rundt om kring. Eg legg merke til at eg nærmarer meg haustakketida. Og den teksten som eg skal bruke i hausttakke gudstenestene i år står skrive hjå evangelisten Lukas i det 12. kapitlet:

Då eg var ein liten gut – kanskje 6 eller 7 år gamal, hadde eg eit problem: Eg var god i det å huske ting, men utover det … Eg var litt større enn dei fleste i alderen min, men med mine lange armer og beiner var musklar i grunn eit framandord for meg. I tillegg er eg født mei ei lita muskelsvekking og utan far med bondegard der eg kunne har trena kreftane mine.

Unterkategorien