Norsk

Det er alltid ei ufordring å finne den rette teksten til ei konfirmasjonspreike. Kva er dei rette ord til å bruke på ein sånn dag. Eg er glad i dag, eg er glad fordi vi hadde det kjekt i lag. Eg er glad i kvar einaste av dykk. Eg veit at eg kan være nok så strenge, men eg håper at dokke hadde det kjekt med. Kva skal eg sei på ein sånn dag? Eg kjenner meg litt trist, sidan eg veit at eg kan gled med nå om eg få sjå dei aller fleste av dokke i gudstenesta maksimalt 2-3 gonger for året og ikkje åtte eller meir som vi hadde det dette året. Konfirmasjon er på ein måte også ein avskjed, det kjenner eg i hjerte mitt. Så det eg skal preike om på ein sånn dag bør være noko som gjer det enkelt for dokke å kome att. Det børe være noko inviterar dokke til å kome att til både gudstenesta og kyrkja.

Dokke veit korleis oss prester snakkar om konfirmasjon? Nei?

Tre prester har alle saman det same problemet: Flaggermus i kyrkja. Dei er verna så det hjelper ikkje å drepe dei. Men korleis å bli kvitt dei da når dei forstyrrar samlingane? Den eine har fange dei og kjørt dei langt borte, men dei kom att. Den andre har prøvd å jage dei borte med forskjellig lukt, men det var berre kyrkjelyden som blei borte av heile lukta. Då fortel den tredje: ”Eg har klart det! Eg har fanga dei, konfirmert dei og aldri sett dei igjen.”

Eg håper at det ikkje blir slik med dokke. Eg skal i alle fall prøve mitt, slik at dokke oppelever kyrkja som ein plass der dokke kan være. Og kyrkja det er ikkje først og fremst kyrkjebygget eller bedehuset. Kyrkja det er fellesskapet av dei som trur på Jesus Kristus. Kyrkja kan dokke finne over heile verda, der to eller tre er samla i Jesu namn. Og det er mykje rart ein kan oppleve med Jesus.

Også disiplane til Jesus hadde ein del litt spesielle opplevingar med han:

 

Matt 14:25-31

I den fjerde nattevakta kom Jesus gåande mot dei på sjøen.  Og då læresveinane såg han gå på vatnet, vart dei forfærde. "Det er eit skrømt!" sa dei, og var så redde at dei skreik.  Men i det same tala Jesus til dei: "Ver frimodige, det er eg. Ver ikkje redde!"

Då sa Peter til han: "Herre, er det du, så sei at eg skal koma til deg på vatnet."  "Kom!" sa Jesus. Peter steig ut or båten og gjekk på vatnet, bort til Jesus. Men då han såg kor hardt det bles, vart han redd og tok til å søkka. "Herre, frels meg!" ropa han.  Med det same rette Jesus ut handa og greip han og sa: "Kor lite tru du har! Kvifor tvila du?"

 

Det finnes også ein litt nyare versjon av denne historia:

Ein prest frå Østlandet og ein frå vestlandet er i lag med ein bedehuspredikant på fisketur. Dei får litt tørst etter kvart. ”Ok” seier bedehuspredikanten. Han stiger ut av båten og går på sjøen for å hente noko brus og kjem att med den. Etter ei stund oppdagar dei at dei har lyst på  pølse. Denne gongen er det vestlandspresten sin tur. Han stig ut av båten går og hentar pølse. Men så gløymde han sennep. Denne gongen er det østlendingen som må av garde. Han er litt forsiktig på veg ut av båten, men seier til seg sjølv. ”Det dei to kan det kan eg med!” Men det går ikkje så bra med han, han er i ferd med å søkke. Då seier vestlandspresten til bedehuspredikanten: ”Skulle vi ikkje har sagt til han kor steinane låg?” ”Kva steinar?” spør da bedehuspredikanten.

 

Konfirmasjon har noko med tru å gjer og forhåpentleg vis noko meir tru enn berre den på store gåver. Orde konfirmasjon kjem frå det latinske konfirmare og tyder stadfesting. Og sjølv om konfirmasjonen i dag først og fremst er ei forbønshandling, så er det at konfirmasjonen er ei stadfesting av trua ikkje heilt gløymd.

Dokke har tatt eit første val, dokke valde å bli konfirmert i kyrkja. Dokke blir meir og meir vaksne nå. Det er meir og meir dokke sjølv som tar avgjersler. Og eg unnder dokke ikkje dei mange val som ventar på dokke: Kva linje på skulen skal eg velje? Skal eg bu heime eller pendle? Kva yrke skal eg velje? Kor skal eg bu? Skal eg med på denne festen? Kva skal eg prøve? Alkohol? Narkotika? Kven skal eg bli kjæraste med? Skal eg gifte meg? Korleis er det med eigne barn? Korleis skal eg tene pengar for  sørgje for meg sjølv? og mykje meir …

Det hjelper heller ikkje å  vike unna avgjerslene. Foreldre, lærare, familien og for ein gongs skuld også presten og dei andre i kyrkjelyden, vi har bed for dokke, men det blir mindre og mindre vi får bestemme for dokke. Vi kan håpe på at vi få være rådgivarar for dokke.

Og dårlegast likt er alltid det rådet som ingen har spurt om. Men husk: Dumt er  berre den som ikkje spør. Og når dokke spør skal vi prøve å hjelpe så godt vi kan.

Og dokke når dokke ikkje våger å spørje nokon helst på jorda har ein til som dokke kan spørje: Uansett kor dokke er, korleis det går med dokke, om utfordringa er så komplisert at dokke ikkje tåler å snakke med nokon som helst: Gud er der alltid! Dokke husker vel slutten av misjonsbefalinga: Og sjå eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.

Når dokke ber til han kjem han til å lytte på dokke og han vil prøve å hjelpe dokke. Ingenting er for stor for han og ingenting for liten. Han gler seg når dokke kjem til han med både glede og sorg.

Eg veit at dokke har ein tru. Ta vare på den! Uansett kor dokke er finn dokke eit kristent fellesskap der kyrkje skjer. Ingen tro er så personleg at den kan overleve berre for seg sjølv. Trua på Jesus Kristus treng fellesskapet. Det er Jesus Kristus som er ljoset for verda: "Eg er ljoset for verda. Den som fylgjer meg, skal ikkje ferdast i mørkret, men ha livsens ljos." Joh 8:12.

Vi er så få her ute vi har ikkje ein einaste å miste. Eg ynskjer at dokke tar vare på trua og at dokke alltid finn ei kyrkje, eit fellesskap, der dokke kan leve trua,  slik at gud kan ta vare på  dokke og slika at dokke alltid kan finne ein rett veg  i lag med han som er ljoset for verda. Difor ynskjer eg å tenne eit ljos for kvar og ein av dokke.

 

 

 

 

 

 

 

 

Preiketekst: Luk 2:21

Då åtte dagar var lidne og han skulle omskjerast, kalla dei han Jesus; det var det namnet engelen hadde nemnt før han var komen i mors liv.

 

Det er den åtande dagen eit jødisk gutebarn blir omskjera. Med denne seremonien blir barnet del av det jødiske fellesskapet og barnet får namnet sitt. I dag er foreldre nok så fritt i det å bestemme namna til borna sine. Det barnet som vi døypte i dag har til og med 3 fornamn Emma Olin Pirrette. Det er noko spesielt med det namnet eller dei namn eit menneske.

Preiketekst: Matt 2:1-12

Det var i Betlehem i Judea Jesus vart fødd, medan Herodes var konge. Då kom det nokre vismenn frå Austerland til Jerusalem

 

 


Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står. Det var det siste Jesus sa før han for opp til himmelen. Jesus er Guds son og gjennom han ynskjer Gud å være med oss. Han ynskjer å være med oss i dag, i morgon og alle dagar. I dåpen tok gud oss imot som  sine born. Og slik som ein god far ynskjer han å ta vare på borna sine, på oss.  For å få til dette ynskjer Gud o leie oss. Det er Bibelen, Guds ord, og bøna som han bruker for å leie oss.  Og i guds ord, i bibelen finn vi historier om mange menneske som lét seg leie av gud.

Anhänge:
DateiBeschreibungErstellerDateigröße
Diese Datei herunterladen (070101.ppt)070101.ppt Michael Hoffmann294 KB

Preiketekst: Luk 3:15-17,21-22 (NT2005)

Dette heilage evangeliet står skrive hos evangelisten Lukas i det 3. kapitlet:

Folket gjekk no i venting, og alle tenkte i sitt hjarte: Tru om Johannes kan vera Messias? Då tok han til orde og sa til dei alle: «Eg døyper dykk med vatn. Men det kjem ein som er sterkare enn eg,

Unterkategorien