Haram Kyrkje

 NORSK

Hjerteleg velkomen i kyrkja vår! Visjonen for kyrkjelyden vår er: Varme tryggleik, openheit, fellesskap, menneskefiskar: Jesus blir synleg.

Først eit blikk att i historia og til den gamle kyrkja som låg ute på Haram fram til 1838.

Det blir antatt at det er sirka 1100 år sidan den første kyrkja blei byggja på Haramsøy. I over 700 år var det kyrkje ute på Haram, tvers over fjorden frå den gamle prestegarden på Lepsøy. Kyrkja ute på Haram var ei stavkyrkje, og seinast på 1800 blei det alt for synleg at den blei for liten for kyrkjelyden på Lepsøy, Haramsøy og Flemsøy / Skuløy (Longva). Nykyrkja skulle byggjast litt meir sentralt og etter mykje diskusjon blei det bestemt at den skulle ligge på Austnes. I 19837/38 byggja dei kyrkja her og rev den gamle ute på Haram. Gjenbruk var også aktuelt denne gongen og mykje av trevirket frå den gamle kyrkja blei brukt oppatt i den nye.  Etter at kyrkja på Haram var revet var tomta i mange år i privat eige. I dag er det en liten romantisk offentleg park som Haram kommune si tusenårsstad. Påskemorgonen og på Olsok blir det feira  gudsteneste der. Om de har lyst på ein tur ut til Haram er det enklast å parkere bilen att med hamna der ut og så sirka 100m innover igjen på nedre vegen. På høgre sida er det ei lita port som leiar inn på tomta der det står ein stor baute av betong med nokre gravsteiner på toppen. Nede i graset kan ein leite etter spor frå kyrkja.

På returen frå Haram kan det lønne seg å ta ein liten stopp ved Åkre Bedehus. Rett før ein kjem til Åkre mekaniske på oppsida av vegen står det der litt for seg sjølv noen meter mot have på nedsida av vegen. Åkre bedehus som blei byggja i 1896/99 er det eldste bedehuset på Sunnmøre og det nest eldste i heile landet.

 

Dagens Haram kyrkje blei byggja i 1838 og har plass til sirka 600 personar. Som mange andre kyrkjer frå denne (for eksempel Geiranger) tida er ho ei åttekanta trekyrkje. Våpenhuset, alterromet og sakristiet er tilbygg til dette. Mykje av inventaret blei flytta frå den gamle til nykyrkja:

Alteret blei i 1670 laga for den gamle kyrkja av ein ukjent kunstnar. Sjølv om namnet hans ikkje er kjent så veit vi likevel at det var den same kunstnaren  som laga alter for kyrkjene i Grytten (Åndalsnes) og Eid (Romsdal). Altertavla blei laga i absolutismen si tid i Danmark Noreg etter 1660. Det er difor vi finn krona som det dominerande symbolet på toppen av altertavla. Rett under den er det initialane til ein bestemt konge C5, Christian den femte. Løvene er symbol for kongen si makt. Ved sidan av krona er det to englar med sverd.. Den eine med vekta i handa er eit symbol for den verdslege makta som kongen har som herre i landet. Den med boka står for kongens åndelege makt som herre over kyrkja.

I midten av altertavla fortel bileta påskehistoria: frå nattverden, til korsfesting og oppstoda som blir symbolisert av Kristus med sigersflagga. På sidene finn ei nede brødrane Moses og Aron frå det gamle testamentet og oppe eit menneske, ein løve, ein okse og ein adlar. Desse er symbola for evangelistane Matteus, Markus. Lukas og Johannes.  Det er bileta bak alteret som viser evangelistane, mens vi fin symbola att på maleriet i taket på alterromet, der det er Kristus som herre over verda som står i sentrum. Seteplassane under apostlane i alterromet  er i dag reservert for konfirmantane under konfirmasjonsgudstenesta.

I tillegg til alteret  er det også ei gamal klokke laga av Gert de Wou den eldre, preikestolen, ei kollektpose og ein døypefont som følgde med frå den gamle stavkyrkja. I tillegg har kyrkja også eit nytt døypefont som blei laga etter den utsmykkinga som kyrkja fekk tidleg på 1900tallet. Det var kunstmalaren Lars Osa med assistenten sin, Johan Flem, som stå for utsmykkinga av kyrkja i 1911. Det er kunsten deira som gjer Haram kyrkje til eit spesielt klenodium.

Kyrkja fekk sin første orgel i 1892 men den måtte skiftast allereie etter rundt 20år. I 1964 kom dagens orgel. Den er ei elektro-pneumatisk orgel med 16 stemmer fordelt på 2 manualar og eit pedal. Orgelet blei byggja av orgelfabrikken Vestre på Haramsøy. Orgelfabrikken var ei stund lokalisert i den bygningen  som i dag blir brukt av samverkelaget og der de også finn kyrkjekontoret.

Seinare blei omnane fjerna og erstatta med elektrisk oppvarming.  Under malingsarbeid i 1993 oppstå det eit brann, men kyrkja er i dag nesten fullstendig restaurert igjen.

Vi håper at de har glede av å besøke kyrkja vår og anbefaler ein tur til den gamle kyrkjeplassen ute på Haram. Skulle de har spørsmål, vennlegast ta kontakt med kyrkjekontoret (ved sidan av COOP / postboks 73 – 6290 Haramsøy / Tel. 70 20 93 90 / Fax: 70 20 9391 email:   Diese E-Mail-Adresse ist vor Spambots geschützt! Zur Anzeige muss JavaScript eingeschaltet sein. )

 {phocagallery view=categories|imagecategories=1|imagecategoriessize=0|hidecategories=5}