Drucken

Opent brev etter homofilievedtaket i kyrkjemøtet 2007

 

Kjære medlemmer av Den Norske Kyrkja,

Eg er glad i kyrkja vår, men det som skjedde dei siste dagane gjer vondt.

Kyrkjemøtet for Den Norske Kyrkja har vedtatt at den: ”ut frå ei samla forståing av dei bibelske skriftene, er delt i vurderinga av homofilt samliv i partnarskap.” Og det er difor det skal verta mogleg å tilsetje homofilt samlevande som prester, diakonar, kateketar og kantorar i Den Norske Kyrkja..

«Den norske kirke er i mine øyne i ferd med å revne i to». seier Kyrkjemøtemedlem Tania Randby Garthus. Splittinga i kyrkja vår er eit faktum og det er trist og det gjer vondt. Eg er glad i denne kyrkja. Det er difor eg blei prest her og det er difor eg skal forsetje som prest i Møre bispedøme. Det at kyrkjemøtet ”er delt i vurderinga av homofilt samliv i partnarskap”, meiner også at ein framleis kan stå på det gamle synet. Det er det eg skal gjer.

Då eg blei vigsla til presteteneste lovde eg å forkynne ”Guds ord klårt og reint, som det er oss  gjeve i Den heilage skrifta, og som vår kyrkje vitnar om  i vedkjenninga si, ”, at eg ”trufast rettleier og formaner til sann omvending, levande tru på Kristus og eit heilagt liv i kjærleik til Gud og nesten,” og at eg ”sjølv òg av hjarta legg vinn på å leve etter Guds ord, …”. Dette skal eg halde fram med og som eg kjenner dei andre prestane i Haram forventar eg heller ikkje noko anna frå dei. Kvifor gjer eg det? Eg gjer det ikkje fordi eg vil dei homofile vondt eller fordi eg synes at det ikkje er plass for dei i kyrkja. Eg er glad for alle som engasjerer seg for Gud.

Eg skal framleis være prest i Den Norske Kyrkja. Vedtaket i kyrkjemøtet er beklageleg fordi det gløymer at Den Norske Kyrkja ikkje er kyrkje for seg sjølv, men at den er del av eit fellesskap av menneske på heile jorda. Og ein del av dette fellesskapet held allereie på å sprekke. I den anglikanske kyrkja som har 80 millionar medlemmer er det allerei fleire biskopar og erkebiskopar som ikkje lengre snakker med kvarandre på grunn av homofilispørsmålet og 400 000 medlemmer av har allreie søkt overgang til den katolske kyrkja. Eg håper at vi slipp noko slikt i Den Norske Kyrkja som er ei evangelisk-luthersk kyrkje. I vedkjenningsskriftene for Den Norske Kyrkja står det: ”Men kirken er forsamlingen av de hellige, der evangeliet blir lært rent og sakramentene forvaltet rett.” (CA VII) Kyrkja er i følgje dette fellesskapet av alle dei som trur på Jesus Kristus. Det er dette fellesskapet vi  skal byggje og styrkje i Haram. Vi skal ha stor takhøgd for alle som ynskjer å være med i dette fellesskapet. Vi skal heller ikkje stengje ut homofile. Dei er Guds born og dei er elska av Gud slik som dei er. Eg skal ikkje uttale meg om homofili er synd, men ingen av oss er utan feil og vi alle er syndarar framfor Gud. Det er trua på Jesus Kristus som gjekk gjennom liding, død og grav for oss som gjer oss rettferdig, ikkje livet vårt eller gjerningane våre. Som synder lever vi aller under dommen og blir frikjent av Jesus Kristus. Uavhengig av om homofili er synd eller ikkje er det synd og forkasteleg å presse fram ei splitting i kyrkja:

”Legg vinn på å vera eitt i Anden, i den fred som bind saman: Ein lekam, ein Ande, liksom de fekk ei von då de vart kalla, ein Herre, ei tru, ein dåp, ein Gud og Far for alle, han som er over alle, gjennom alle og i alle.” (Ef 4:3-6)

Det er Guds ord som må ha prioritet i kyrkja og ikkje kva som er politisk korrekt. Og det er andre krav til ein prest eller diakon enn til eit anna medlem av kyrkja: Dei skal væra ”edrueleg, visleg, høvisk, gjestmild, dugeleg til å læra frå seg, ikkje drikkekjær eller hardhendt, men mild, ikkje stridshuga eller pengekjær …”.(1 Tim 3:2-3 )

Dette er høge krav som eg prøver å strekkje etter. Og ofte må ein ta val. Det er ikkje alt går overens med alt. Eg måtte velje å være prest eller å kunne preike på morsmålet mitt. Katolske prester har i over 1000 år måtte bestemme seg for enten familie eller prestegjerning. Også mange protestantiske prester held seg til Paulus: ”at det er godt for eit menneske at det vert verande ugift.” (1 Kor 7:26 ). Homofile har heller ikkje vore utestengt frå prestetenesta. Men fram til no måtte dei tar eit val , enten prestetenesta eller homofilt samliv. Eg håper at det framleis skal være slik i Møre bispedøme.

Eg skal framleis halde meg til apostelen Paulus: ”Eg prøver å vera alle til lags. Eg søkjer ikkje det som gagnar meg sjølv, men det som gagnar andre, så dei kan verta frelste.” (1 Kor 10:33)

 

”Lat oss difor streva etter det som tener til fred og til oppbygging oss imellom!  Det er rett å […] gjera noko […] som fører bror din til fall.” (Rom 14:19+21 )

 

Som prester er eg som mange andre glad i kyrkja vår, det er her eg er kalla til forkynne Guds ord og til å være hyrding for kyrkjelyden.

Det er difor eg skal leve med dette såret, med splittinga i kyrkja vår.
Eg skal fortsetje som før:

 

Så lenge eg og dei andre prestane i Haram få stå på dette ber eg dykk om å trekkje ein anna konklusjon enn kyrkjemøtemedlem Tania Randby Garthusbli som melder seg ut av Den Norske kyrkja.

Eg ber dykk om å bli verande i Den Norske Kyrkja slik at vi i lag kan byggje den i eit opent fellesskap av dei som trur på Jesus Kristus og som har sitt fundament i Guds ord. Eg ber dykk om å bli sjølv om de kjenner det vondt slik som eg.

 

Michael Hoffmann

(Sokneprest i Haram)