Beitragsseiten

5. Forskjellige løysningar

Eg skal først og fremst sjå etter løysningar for Den Norske Kyrkja, men til dette skal eg sjølvsagt sjå meg rundt i Europa. Ein kan gjere det med å tenkje radikalt, med å gløyme alle dei strukturane som finnes. Ein kan da tenkje heilt nytt, fritt og kreativt. Ei sånn tenking vil gjerne gå den prinsipielle vegen, frå eit prinsipp til den konkrete utforminga. Her diskuterer ein for eksempel om ein skal sjå på strukturen horisontalt[3]. Det vil sei at ein må sjå på det ut i  frå dei som er med i kyrkja eller som skal bli med i kyrkja. Eller ein ser på saka vertikalt ut frå Gud.

Og ut frå desse kan perspektiva kan ein etterpå sjå på dei forskjellige modellane for eksempel med å sjå på eit kyrkjesamfunn som:

  • Ei kinokjede, der folket går når dei liker programmet, men der dei ikkje høyrer til.
  • Ein franchisebedrift, der folket er som konsumentar som bestemmer seg for eit konsept som passer for dei.
  • Ein bedrift, som prøver å produsere fleire læresveinar for Kristus.
  • Eit speil, som tilpassar seg samfunnet, slik at folket kjenne seg heime i kyrkja.

Det er gøy å diskutere slikt, særleg når ein skal utvikle visjonar for kyrkja si framtid og fordelen er at ein kan få ei kyrkje som agerer i staden for å reagere. Det som er ulempa med dette er at ein sånn prosess vil ta lang tid og ei folkekyrkje som Den Norske Kyrkja vil sannsynlegvis aldri bli einige om eit sånt konsept. I tillegg tviler eg på at kyrkja i vår raske tid  har tid og rom til ein sånn prosess.

Eg skal difor sjå korleis ein kan reagere på utfordringane ut frå dagens organisering. Med dette går eg same vegen som mission-shaped church[4]. Eg skal difor først sjå på dei modellane som dei tilbyr som organisasjonsform for kyrkjelydsplanter som ein reaksjon på postmodernismen. Etterpå skal eg sjå på dei modellane som kyrkjerådet diskuterer i si saksorientering om valkyrkjelydar. Til slutt skal eg sjå på eit eksempel for eit meir fleksibelt parochialsystem i Tyskland.