Drucken

Er det nokon som har sett dette treet før?  Dette treet er gamal, veldig gamal. Den står i ei oase eit stykke frå Jerusalem i ein by som vi allereie har høyrt om i dag.

Er det nokon som veit kva by eg snakkar om? Byen heiter Jeriko og den er verda si lavast  liggande by – 260 meter under havets nivå.  I tillegg den ei av verda sine eldste byer om ikkje den eldste. Den ligg som palmebyen, som ei oase ikkje ein gong ei mil frå daudehavet. Byen er den siste stasjonen før den vanskelege vegen opp til Jerusalem. Det er her vegane frå aust, frå den arabiske halvøya, og frå nord, frå Galilea møtast. Med eit det er eit trafikknutepunkt. Og kva er det ein gjer der? Ein sett opp ei bomstasjon. Og for å få mest mogleg ut av den sett ein den ut på anbod. Den som lover å få mest mogleg ut av bomstasjonen får anbodet. Kva gjer det då om dei etter kvart ikkje ta heilt nøye med servicen og tar litt høgare takstar? Bomstasjonen som eg snakkar om står der ikkje lengre i dag, men den stå mest sannsynleg rett att med treet vårt for to tusen  år sidan. Kanskje nokon har hørt om han som fekk anbodet på bomstasjonen?

Sakkeus er namnet hans. Han er ein liten man. Han er blitt rik. Men han er alt anna enn godt likt i byen. Folk peiker på han som tar for mykje. Det går så langt at han ikkje ein gong har lov til å vitne i rette. Men ein dag skjer det noko i livet hans. Noko som skal forandre heile livet hans. Det er evangelisten Lukas  som har skrevet ned kva som skjedde denne dagen:

Luk 19, 1-10  Så kom Jesus til Jeriko og drog gjennom byen.  Der var det ein mann som heitte Sakkeus; han var overtollar og svært rik. Han ville gjerne sjå kven Jesus var, men kunne ikkje koma til for folkemengda, for han var liten av vekst.  Difor sprang han i førevegen og klatra opp i eit morbærtre så han kunne få sjå han, for der kom han til å gå forbi.  Då Jesus kom dit, såg han opp og sa til han: «Sakkeus, skund deg og kom ned! For i dag må eg ta inn i ditt hus.»  Då skunda han seg ned og tok imot Jesus med glede.  Men alle som såg det, murra og sa: «Han har teke inn hos ein syndig mann.»   Men Sakkeus steig fram og sa til Herren: «Herre, halvparten av alt eg eig, gjev eg til dei fattige, og har eg truga pengar frå nokon, gjev eg fire gonger så mykje tilbake.»  Då sa Jesus til han: «I dag er frelse komen til dette huset. For han er òg ein Abrahams son. For Menneskesonen er komen for å leita etter dei bortkomne og berga dei.»

Her har vi manne oppe i treet. Han ser fornøgd ut. Kanskje han er det til og med?
Men kvifor sitt han oppe i treet? Han er liten.

Men kvifor går han då ikkje berre litt lengre frem men klatrar opp i treet? Han er jo ein voksen man og ingen barn lengre. Så kvifor klarar han opp i treet?

Han er nysgjerrig på Jesus og det er ingen som liker han? Han er tollar, det er ingen som liker tollarar i Israel. Dei tar så mykje dei  berre kan og puttar mest mogleg i eigen lomme. Ingen er glad for å sjå dei alle er berre glad når dei ikkje ser dei lengre.

Og så kjem Jesus. Sakkeus er nysgjerrig på Jesus. Kanskje har Sakkeus hørt at ein av læresveinane til Jesus, Levi, også var tollar, eller kanskje er han berre nysgjerrig.

Og Jesus ser Sakkeus. Han ser denne tollaren som ingen er glad i. Men Jesus er glad i han. Han ser ikkje alt det gale Sakkeus har gjord. Han ser ikkje mannen som ingen er glad i. Han ser mennesket Sakkeus som sitt oppe i treet.

Og Jesus inviterar seg sjølv heim til Sakkeus. Og Sakkeus? Han gler seg. Dette er ein stor dag. Det er lenge sidan sist nokon var på besøk hos han eller han var på besøk hos nokon. Og så kjem Jesus. Ikkje berre at Jesus har sett han han skal til og med vere på besøk hos han. Eg trur noko at mange rynka på nesa når Jesus seier han  skal vere gjest hos Sakkeus. Men Jesus bryr seg ikkje så mykje om det. Han ynskjer ikkje å vere venn berre med dei som alle er venner med. Han ynskjer å vere venn med dei som trenger ein venn. Sakkeus trenger ein venn. Dette forandrar livet hans. Han angrar på det gale han har gjort. Det er sikkert ikkje mykje som er att i lommeboka til Sakkeus. Og likevel er han rikare no enn før. Han er rik fordi han var open for Jesus og fordi han fekk Jesus som venn. AMEN