Drucken

Det hender at ein prest får telefoner. Telefoner som gjer at hjernen må starte frå 0 til 100 i løpet av 2 sekund. Ikkje alle desse telefonane er dramatiske eller triste. Av og til det folk som berre lurer på det eine eller andre. Dei lurer på noko og spør om å få svar. Og det er kjekt å bli spurt, det er kjekt når det ein kan og det ein veit blir etterspurt. Det er i grunn kjekt når ikkje alle svar kjem frå Google.

Men kva skal ein svare når ein så blir spurt kva advent er for noko. Hjernen må starte frå 0 til 100 på 2 sekund og så er det kanskje enklast å bruke desse 2 sekund for eksempel på eit langt ”jaaaaaaaaaa”. Og så må ein svare. Ein kunne starte med at kyrkjeåret startar første advent.  Det som er klart er også at advent tyder framkomst og at den minner oss på at Jesus  skal kome att. Den trenger ikkje å minne oss på at jula kjem, det tar nok handlestanden seg av frå midten av september. Så kunne ein fortelje at adventtida frå gamalt av er ei fastetid. Det er difor vi bruker lilla på i kyrkja og på presten og ikkje fordi han sklei på isen. Mykje av jule maten vår var eigentleg fastemat, som skulle være enklare og som kunne lagast før adventtida, slik at ein kunne bruke mindre tid på mat og meir på gud i adventtida. Ein kunne fortelje at ein skulle bruke adventtida å gjer seg klare for å møte Jesus når han kjem att og at vi ikkje veit når han kjem att og han vi difor skal være førebudd på at han kan kome att når som helst. Det er nok det ein kunne fortelje. Men eg tviler på om det er det den som ringer er ute etter. Dette er ting som du fint kan lese på Wikipedia – i alle fall sånn omtrent. Dette er ting som dei fleste har høyrt før, men dette er berre  kunnskap, dette er tørre fakta. Det er eg ikkje så sikker på?

Skal ein fortelje om kva advent handlar om då kan ein også starte ein heilt anna stad: (plustre melodien) kjenner dokke den? Ok, eg skal lese eit vers for dykk:

Kanskje kommer kongen
hit til middag nå i dag.
Vi har dekket på perrongen
med god mat av alle slag.

Det er det advent handlar om. Kanskje kommer kongen. Og Kongen heiter ikkje Harald. Han heiter Jesus . Men namnet og at han skal kome er omtrent det einaste vi verkeleg veit. Sjølv om det finns mange bilete av han, så er det ingen som verkeleg har sett han og i alle fall ingen som veit korleis han ser ut når han kjem. Og så var er det, det når han kjem. Adventtida skal minne oss på at vi skal være førebudd på at han kjem når som helst  også utanom adventtida. Men ingen veit korleis han kjem og når han kjem. Men i grunn skal vi starte kva dag med ein liten ”Kanskje kommer kongen…” Slik at vi er førebudd på at han kan kome, slik at vi kan møte han og ikkje aviser han slik som dei gjorde i Nasaret då han kom for første gong:

Dette heilage evangeliet står skrive hos evangelisten Lukas i det 4. kapitlet:

Han kom òg til Nasaret, der han var oppvaksen, og på sabbaten gjekk han inn i synagogen, som han brukte å gjera. Han reiste seg for å lesa frå Skrifta, og dei gav han boka til profeten Jesaja. Han opna bokrullen og fann den staden der det står:

Herrens Ande er over meg,

for han har salva meg

til å forkynna ein god bodskap for fattige.

Han har sendt meg for å ropa ut

at fangar skal få fridom,

og at blinde skal få sjå,

for å setja undertrykte fri

og ropa ut eit nådeår frå Herren.

Så rulla han bokrullen saman, gav han til synagogetenaren og sette seg. Og alle som var i synagogen, heldt auga feste på han. Då tala han til dei og byrja slik: «I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på.» Alle tala vel om han og undra seg over dei nådeorda som kom frå hans munn. «Er ikkje dette son til Josef?» spurde dei.

Slik lyder Herrens ord.

 

Ei kort og god forklaring på kva advent handlar om kan nok være den første linja frå Knutsen Og Ludvigsen: Kanskje kommer Kongen …

Kanskje kommer Jesus, i dag eller i morgon eller om mange, mange år. Vi skal være førebudd, men vi trenger ikkje å være redde for han. For alle dei som trur på han kjem han ikkje først og fremst som dommar, men som frelsar. Som ein som ynskjer å leie dei inn i ei ny og betre røynd. Som kjem for å ta vare på dei og ikkje for å straffe dei. Han kjem for å skape ei betre verd.

Men diverre. Kristne har venta på han i snart 2000 år. Så når ein startar dagen med ”Kanskje kommer kongen”, når ein prøver å fulle dagen med nestekjærleik. Så er det slik med ventinga at ein heller ikkje bør  vere skuffa når ein må avslutte den med:

Men kanskje kommer'n ikke
all vår oppdekning til tross.
Det gjør ikke så mye,
for da blir det mer til oss.

AMEN