Det var i haustferiane eg sist var i Tsjekkia. I ei veke var eg gjest i ein kyrkjelyd for å følgje med korleis dei er kyrkje der dei er. Eg var i ein småby ikkje så langt unna frå Pilsen. Det er berre 10% av befolkninga der som er med i eit kristen trussamfunn og berre 10 % av dei igjen er protestantar. Dvs. berre litt over 1 % av befolkninga er protestantar. Kanskje 60 av 50.000.

Det er det eg kallar ei misjonssituasjon. Men korleis klarer dei å være kyrkje når dei er så få?

Dei er få og det er nok så krevjande. Dei er i eit dobbelt mindretal. Dei er eit mindretal som kristne i samfunnet og som protestantar blant kristne. Og sjølv om kyrkjesamfunnet deira er godt over 500 år gamal har dei vært fri berre rundt 50 år i slutten av 1500tale og dei siste 20 åra. Det som klarer å halde dei saman er ikkje kyrkjebygg, men ein tanke: Tanken om at dei er ei ”communio viatorum”, eit fellesskap på vegen, eit fellesskap som blir leia av gud. Og det er han som leiar dei gjennom alle utfordringane og som tar vare på dei.

Omgrepet ”communio viatorum” har dei frå ei av dei siste bøkane i bibelen. Hebrearbrevet og det er også der vi finn dagens preiketekst:

 

Det står skrive i Brevet til hebrearane i det 3. kapitlet:

Difor, som Den heilage ande seier:

I dag, om de høyrer hans røyst,

så gjer ikkje hjartet dykkar hardt

som den gongen dei trassa meg,

den dagen dei utfordra meg i øydemarka.

Der utfordra dei meg, fedrane dykkar, og sette meg på prøve,

endå dei i førti år hadde sett mine gjerningar.

Difor fekk eg uvilje mot denne ætta

og sa: Dei fer alltid vill i sitt hjarte,

dei kjenner ikkje mine vegar.

Så svor eg i min vreide:

Aldri skal dei koma inn til mi kvile!

Sjå til, sysken, at ikkje nokon av dykk blir vond og vantruande i hjartet og fell frå den levande Gud. Set heller mot i kvarandre kvar dag, så lenge det heiter «i dag», så ikkje nokon av dykk skal la seg forføra av synda og bli forherda. For vi har del i Kristus, så sant vi heilt til det siste held fast på det grunnlaget som vi hadde i den første tida.

Slik lyder Herrens ord.

 

I dag får vi ofte høyra at trua er ei privatsak. Noko som høyrar heime berre i det private. Vi får høyre det når UDI bestemmar at kristne konvertittar trygd kan sendast heim att til Iran, Pakistan eller Somalia.  ”Dei kan nå leve trua si der. Dei kan leve den i det private.” Å engasjere i kyrkja eller å gå på gudsteneste? Kvifor det? Trua er nå ei privatsak. Men er trua ei privatsak?  Nei! I alle fall den kristne trua er ingen privat, men ei fellesskapssak. Den kristne trua treng fellesskap. Den klarer ikkje å overleve heime åleine i det private. Heime åleine er det mykje som kan trekkje oss borte frå gud. Heime åleine støvar trua ned som bibelen bokhylla.

Trua treng fellesskap. Den treng eit fellesskap som er på veg til gud. Ingen av oss klarer å skjønne heile sanninga så langt. Vi er på veg. Vi er framleis på veg til gud. Vi er på veg i lag. Vi er på veg i lag ikkje for å fordømme kvarandre, men for å ta vare på kvarandre. Vi er på veg som ei ”communio viatorum” slik at gud kan leie oss.  Jesus Kristus er Gud som og han lova oss at der to eller tre er samla i hans namn der er han midt i blant dei. Men det er nok to eller tre eller gjerna ennå fleire som må samlast først. Trua er ikkje privat.  Trua overlever ikkje som dåps lys på bokhylla som støvar ned. Trua må levast og den kan ikkje levast berre i det private. Den treng fellesskapet, den trenger at den kan levast opent.

Vi skal ikkje forherdast, vi skal ikkje fordømme kvarandre. Vi skal ikkje skyve kvarandre borte og vi skal ikkje skyve gud borte frå oss. Vi skal ta vare på kvarandre og vi skal ta vare på trua i fellesskap slik  at vi kan være ei ”communio viatorum” eit fellesskap på vegen, på veg til gud.

AMEN