Drucken

Det er av og til at ein kan kjenne det i halsen. Ein veit ikkje kva det er for noko. Og ein veit ikkje kva ein skal gjera med det heller. Det liknar litt på ei forkjøling, en er det er nok ikkje det. Det er heller ikkje nokon skikkeleg klump i halsen eller kanskje litt meir ein klump i magen. Resultatet er uansett det same: Ein blir mållause. Ein blir mållause når det blir mogleg å vitne om trua si. Er ein redde for at nokon tenkjer ”Har han ikkje noko anna å snakke om?” Ein kjenner seg kanskje ikkje skikka til å snakke om trua. Ein er redde for at den andre kjenner seg utsett for misjon. Eller det berre ikkje høver der og då. Og det finns sikkert mange gode grunner for å ikkje snakke om trua si, sjølv vi veit at vi har eit  oppdrag til det.

Det er av og til at ein plutseleg kan kjenne det i øyrane. Det startar som eit øyresus og så blir ein døve. Heldigvis ikkje for alt,  men for noko. Ein blir ikkje døve for bråket rundt oss. Ein klarer framleis å høyre alle dei som skrik: Dette må du gjere! Dette må du være med på! Du må ikkje stå avsides! Dette må du kjøpe! Dette må du ha!

Det er dei stille stemmane, dei svake tonane som forsvinn først. Når andre lydar blir for høge er det dei ein ikkje klarer å høyre lengre: Først i periodar og så forsvinn dei kanskje for alltid.

Gud prøver å snakke til oss, men han skrik ikkje, han snakkar heller med lav røyst. Men han ynskjer at vi lyttar på han, sjølv om vi av og til må bli nok så stille:

 

Dette heilage evangeliet står skrive hos evangelisten Markus i det 7. kapitlet:

Sidan drog Jesus bort att frå Tyros-området. Han tok vegen om Sidon og drog mot Galileasjøen gjennom Dekapolis-landet. Der førte dei til han ein mann som var døv og hadde vondt for å tala, og dei bad han leggja hendene på han. Jesus tok han med seg bort frå folket. Han stakk fingrane sine i øyra hans, tok spytt og rørte ved tunga hans. Så såg han opp mot himmelen, sukka og sa til han: «Effata!» – det tyder: «Lat deg opp!» Med det same vart øyra hans opna, og bandet som batt tunga hans, vart løyst så han tala reint. Jesus forbaud dei å seia det til nokon. Men di meir han forbaud det, di meir gjorde dei det kjent. Folk undra seg storleg og sa: «Alt han har gjort, er godt. Han får døve til å høyra og stumme til å tala.»

Slik lyder Herrens ord.

Trur de at dette har skjedd? Eller er dette berre ei symbolforteljing? Trur de at mannen klarte å gjere som Jesus har sagt? Trur at han eller nokon av dei andre klarte å halde for seg det som har skjedd.

Eg trur på det som står der. Eg trur at dette har skjedd. Ikkje symbolsk, men verkeleg. Eg veit ikkje kva diagnose mannen hadde og om Jesus gjorde noko med han utover det som står i teksten. Men eg trur at mannen var stum og døv og at Jesus får han til høyre og til å tale. Eg veit at nokon som var døv og har fått hørsla gjennom ei operasjon treng ei god stund for å lære seg å høyre og at det tar ennå lengre tid å lære seg å snakke.

Og likevel Jesus kan det. Han er gud son. Han er Gud han har skapt oss og han er nær menneska. Han er ingen fjern gud som overlet det han skapa til det sjølv. Han skapa mennesket i sitt bilete. Det er menneska som skyver gud frå seg. Det er dei som sett han til side fordi ein meinar at dei har ting som er viktigare hen han. Dei gløymer kor dei kjemm i frå. Det er difor den treeinige gud blir menneske i Jesus Kristus. Han kjem til jorda som menneske for å være dei nær. Og han ynskjer at dei vender seg om til han.

«Lat deg opp!» Lat deg opp for gud. Jesus er den som får døve til å høyra og stumme til å tala. Dette gjeld ikkje berre mannen på andre sida av Genesaretsjøen. Dette gjeld også oss. Jesus forbaud dei å snakka om det. Han ynskjer ikkje å bli ein vindunderleg lækjar. Han ynskjer at dei lyttar på han og ikkje berre på det han gjer. Det han seier er og det han kjem til å gjøre er så mykje viktigare enn det han gjer der og då. Det vel difor dei ikkje får lov til å snakke om det. Og likevel dei klarer ikkje å teie om det. Dei berre må fortelje det vidare.

Han får døve til å høyra og stumme til å tala. Klarer han det også med oss? Klarer han på nytt å opne øyra våre og å løyse tunga vår? Er Jesus pinleg, eller er han framleis fasinerande. Kva er det som gjer et vi er redde for å snakke om han eller lytte på han?

Jesus er nok framleis ikkje den mest behagelege. Han er utfordrande. Han krev noko av oss. Men han har også så utroleg mykje å gi. Han er oss nære og han døde for oss, for meg for deg for kvar og ein av oss på korset på Golgata. Han får opp til himmelen, men han er ikkje borte. Han sende oss sin Heilage Ande. Og der to eller tre er samla i hans namn der er han midt i blant dei. Det er difor vi ikkje treng til å være redde. Jesus er med oss når vi snakkar om han, men han trenger oss. Han trenger stemmane vår og hendene vår til å vitne om. Han treng heile meg.

Han får døve til å høyra og stumme til å tala. Så lenge ikkje hørsla er heilt øydelagt ennå kan den oftast trenast igjen. Og det er faktisk rå å kutte ut dei høge støykjeldane. Det går an å skru dei av eller å vende seg borte frå dei.  Du klarer ikkje å være med på alt. Du klarer ikkje å ha alt. Men du klarer å bli stille, stille for gud. Du klarer det om du prioriterar det.

 

AMEN