Drucken

Tenk deg! Tenk deg at har opplevd noko som har fått deg til å bli mållause. Eller tenk på noko som ville gjer det mållause om du ville oppleve det? Eg veit ikkje kva du tenkjer på, men ville du teie om dette ?  Ville du teie om dette eller ville du heller fortelje andre om dette? Ville du leggje det ut på Facebook ? Ville du ringe rundt til familie og  venner om det?

 

Eg veit om noko fantastisk som framleis får meg til bli mållause når eg tenkjer på det. Eg må nok innrømme at det er ei stund sidan det skjedde , men det gjer meg framleis mållause når eg tenkjer på det. Eg tenkjer ikkje på borna mine sjølv om dei også klarer å få meg til å bli mållause med jamne mellomrom. Eg tenkjer på ein mann i min alder, midt i 30åra og det han gjorde for meg.  Namnet til denne mannen er Jesus Kristus. Og det han gjorde for meg, det gjorde han allereie for rundt 2000 år sidan. Han tok korset mitt, han tok feila mine, på skuldra sine og bar dei opp til Golgata. Jesus gjekk den tunge vegen for meg. Feila mine er framleis feil, dei er der framleis og dei er framleis gale nok, men dei tel ikkje lengre. Dei tel ikkje lengre for gud. For Gud er eg guds barn og berre det. Han er glad i meg og han gir meg eit evig liv, berre eg klarer å halde fast på trua på han?

Det er denne Jesus dei seier om : «Alt han har gjort, er godt. Han får døve til å høyra og stumme til å tala.» (frå Preiketekst: Mark 7:31-37).  Eg blir mållause når eg opplever kor mange som ser ut til å teie om han. Er eg åleine når eg tenkjer på det Jesus har gjord for meg? Eller er det mange som berre ikkje våger å seie i frå om det? Kvifor er vi så redde for å snakke om Jesus, kvifor er vi så redde for å vise trua vår. Alt kan misbrukast, men Alt han har gjort, er godt. Jesus er god og når vi snakkar om han med stemma eller med hendene, så er  han med. Dette gjeld også og ikkje minst i kvardagen.  (Matt 18:20) For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt imellom dei.. Ver modig, snakk om trua di!

Michael Hoffmann

P.S. Før du  blir heilt mållause: Bruk stemma di! Røyst i kyrkjevalet på måndag!