Drucken

Tvil og tru

Det er ei ny rute for fergja i dag med fleire anløp på Lepsøya slik at det skulle passe betre å reise mellom Øyane. Trur du det? Tviler du på det?  Kva er det som må til for at du skal tru det? Må du då få det svart på kvit? Men når du har det svart på kvit, trur du då eller veit du det?

Kva meiner det å tru? Å tru på noko det meiner å vere trygge på noko og og tvile på noko det meiner å vere utrygge på noko. Tvil og tru dei to ting høyrer saman. Å tru det meiner ikkje vite noko, men å vere trygge på noko. Men det er nok ikkje alle som klarer å tru utan å vite:

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Johannes i det 20. kapitlet:

Det var om kvelden same dagen, den fyrste dagen i veka. Læresveinane var samla og hadde stengt dørene, for dei var redde jødane. Då kom Jesus; han stod midt imellom dei og sa: "Fred vere med dykk!" Då han hadde sagt det, synte han dei hendene sine og sida si. Læresveinane vart glade då dei såg Herren. Atter sa han til dei: "Fred vere med dykk! Som Faderen har sendt meg, sender eg dykk." Med desse orda anda han på dei og sa: "Ta imot Den Heilage Ande! Tilgjev de nokon syndene deira, er dei tilgjevne. Held de dei att for nokon, er dei atthaldne." Tomas, ein av dei tolv, han som vart kalla Tvillingen, var ikkje i lag med dei andre læresveinane då Jesus kom. "Vi har sett Herren!" sa dei til han. Men han svara: "Det trur eg ikkje før eg får sjå naglemerket i hendene hans og leggja fingeren i det og stikka handa i sida hans."
Åtte dagar etter var læresveinane hans atter samla, og Tomas var med dei. Då kom Jesus medan dørene var stengde; han stod midt imellom dei og sa: "Fred vere med dykk!" Så seier han til Tomas: "Kom med fingeren din, og sjå hendene mine. Kom med handa di og stikk henne i sida mi. Og ver ikkje vantruen, men truande!" "Min Herre og min Gud!" sa Tomas. Jesus seier til han: "Fordi du har sett meg, trur du. Sæle dei som ikkje ser og endå trur."
Jesus gjorde mange andre teikn for augo på læresveinane, teikn som det ikkje er skrive om i den-ne boka. Men desse er oppskrivne for at de skal tru at Jesus er Messias, Guds Son, og for at de som trur, skal ha liv i hans namn.

Slik lyder Herrens ord.

 

Det er tvilaren som kjenner seg utrygge på noko, mens den som trur kjenner seg trygge. Å tru det meiner ikkje å vere uforsiktige, men det er å våge noko.  Dokke har ein fin gapahug oppe på Seth. Og når isen frys der oppe om vinteren er det vel  gøy å gå på skøyter der. Men før ein kan kose seg på isen,må ein våge seg ut på den. Ein må vere trygge på at den berar. Ein må stole på isen.

Og dette er nok ikkje heilt farleg. Om ikkje isen er tjukk nok så kan ein dette gjennom og både blir våt og sjuk. Ein kan til og med døy under isen. Men ein kan også ha det skikkeleg gøy på isen når ein trur på den.

Å tru det er å våge noko. Å tru, det er å bli trygge på noko som ein ikkje veit, som ein kanskje aldri kan vite 100%. Men det er ikkje alle som har det like lett for å tru. Tomas har det vanskeleg å tru at Jesus er oppstod. Han har levd i lag med det ekte menneske. Jesus var læraren og kompisen hans. Og Jesus var død. Han var så død som det berre gjekk an å vere. Det var vanskeleg nok å fatte dette. Og Tomas blir ikkje akkurat meir trygge av det dei andre læresveinane seier: at Jesus lever at de har møt han, at han er oppstod. Dette klarer han ikkje å forholde seg til. Dette klarer han ikkje å bli trygge på. Nei nå må han sjølv møte Jesus og sjå såra hans.

Det er nok ikkje alle som har det like lett å tru, verken på Jesus eller på isen. Men trua er også noko som han vokse. Når ein går på isen så er ein nok kanskje litt meir forsiktig i starten men når ein kjenner at det berar, då blir ein meir og meir trygge.

Også trua på Jesus må vokse og slå rot. Den største utfordringa er kanskje den at ein våger å tru, at ein stoler på Jesus, at ein gir han rom slik at ein kan bli trygge på han. Slik at ein kan kjenne at trua berar. Og det er nok ikkje heilt ufarleg å tru heller. Trua kan bli utnytta og misbrukt, og ein kan oppleve at Gud hjelper annleis enn vi forventar det. Ein kan bli utrygge igjen og det han kjennast nesten slik som om trua ikkje held. Men den gjer det. Jesus held. Han kan vi stole på. Han held oss fast i si hand og han gav alt han hadde for oss. Og det er mykje å vinne på å tru. Tenk på kor mykje ein vinner på å våge seg ut på isen. Kor uendeleg mykje er då å vinne med Jesus, som ikkje kjem og går, men som er der for alltid, for oss?

Amen