Drucken

På måndag mekka eg  litt på båten min. Det ei 21 fots plastsnekke med ein 10 hestars Saab. Og nå har den stått på land alt for lenge. Nei eg skal ikkje blir medlem i hage – båteigaranes – mannsforeining. Ein båt skal være på sjøen og ikkje på land.

Ein båt skal være ute på sjøen og eg gler meg til å kome att på sjøen. Eg liker å være ute, eg trenger ikkje å fiske. Det er nok at eg berre er ute for slappe av og kose meg. Men når ein er ute er det viktig at ein ikkje mister orienteringa. Det er viktig at ein held seg i kjent farvatn eller at ein har med seg kart og kompas og at ein held peiling på dei rette fyrlyktene. Båten må være på rett kurs for at eg skal kome meg trygg heim att.

For livet finns det diverre ingen sjøkart og livet er heller ikkje kjent farvatn. Det er fulle av overraskingar. Men fyrtårn finns det. Jesus ynskjer å være eit slikt orienteringspunkt, eit slikt fyrtårn i livet vårt.

Joh 8:12

Atter tala Jesus til folket og sa: "Eg er ljoset for verda. Den som fylgjer meg, skal ikkje ferdast i mørkret, men ha livsens ljos."

Jesus ynskjer å gi oss orientering. Han ynskjer å være ein del av livet vårt. Han ynskjer å være ein del av livet vårt om vi slepp han til. Jesus er ingen som tvinger seg på, men han ynskjer å være med oss. Han ynskjer å være med alle dei som trur på han: her i denne røynda og utover den. Han ynskjer å gi livet vårt orientering og han ynskjer å gjer det lysare. Han gjer det om vi slepp han til.

Og han utfordrar oss. Han utfordrar oss til å bære dette lyset vidare:

Matt 5:14

De er ljoset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje døljast.

Vi er ljoset i verda og vi skal gjøre denne verda litt lysare. Og det kan vi alle. Ofte er det svært lite som må til: Det er ei helsing, eit smil, eit vennleg ord… Alle har ei gåve som kan brukast til å gjøre denne verda litt lysare, men vi må våge å bruke dei.

Jesus er ljoset for verda og vi skal også vere ljoset for verda, med det vi kan og som den vi er.

AMEN