Drucken

 

Ei "forteljing" dannar seg i hovudet mitt. Forteljinga bærer namnet: ”Guds ord kjem til byen.” Eg ser skikkelsar, scenar blir synleg for meg.

Plutseleg gjekk det eit rykte gjennom byen og det ville ikkje stilne. Dokumenta frå kyrkja og avisene kom ut med åtvaringar: Ingen skal la seg lure! Guds ord kan ikkje "kome", det kom for veldig lenge sidan. Vi har det i Dei heilage bøkene, og vi har "ekspertar" som tolkar det for "lekfolket", som forklarer det, som gjer det velsmakande.

 

Men Guds ord kom til byen, likevel .(...)

 

Det var søndag. Guds ord kom inn i kyrkja i byen. Presteskapet ga ham en høgtideleg mottakking. Det blei laga til ein trone i alterromet, og Guds Ord satt seg ned. Dei kalla saman dei beste musikkarane. Og så byrja presten å preike, han lovprisa og rosa Guds ord og sa at Guds ord snakka eit gamalt og at det hadde lånt tunga hans for å forklare seg til folket. Og slik snakka han om Guds ord, men guds ord kom ikkje til ordet, det fekk aldri snakke for seg sjølv. Folket skjønte det. Dei syntes at talen til presten er flat og begynte å rope for ordet. Ordet! Ordet! skreik dei !

 

Men Guds ord var ikkje lengre i kyrkja. Det var borte. På trona var ein gamal bok. (...)

 

Og så kom Guds ord til en kjent bibelforskar ren, som om kort tid skulle gi ut ei ny og stor bok om ”Naturen, eigenarten og resultata til Guds ord” " De kommer ubeleilig for meg.”  sa professoren," de har vel hørt om boken min ? Jeg ville gjerne lese noe frå den for dem. " Guds ord nikka: «Berre les det, vyrde professor, eg skal lytte " Han las, og guds ord var stille. Då han hadde lest seg ferdig, la han manuskriptet til side, han såg opp og såg blikket... Han våga ikkje å spørje. Endeleg sa Guds ord "meisterlig, vyrde herre professor, mine komplimenter Men, eg veit ikkje om de forstår det: Å bli omskrevet, diskutert og observert som eit objekt, det vekker rare kjensler i meg. Det er slik som å sjå mitt eiget lekam... Når du skriver, og det synes eg er midt i blinken, at eg ikkje først og fremst ynskjer å avsløre sanningar (sanningar som skal aksepterast som sant, skriv de), men at eg ynskjer mennesket sjølv.  Det er det, vyrde herre professor.” Og der ver blikket igjen. Guds ord reiste seg og gikk mot døra. "Kva er det du vil frå meg?" Ropte professoren etter det. "Eg vil deg," sa Guds ord, "Deg!" Døra lukka seg sakte.

 

Fridolin Stier, Vielleicht ist irgendwo Tag (Herder Spektrum 4234), Freiburg - Basel - Wien 1993 (1981), 26f

 

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Johannes i det 1. kapitlet:

I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. Han var i opphavet hjå Gud. Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til. I han var liv, og livet var ljoset for menneska. Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det.
[Det stod fram ein mann, send av Gud; Johannes var namnet hans. Han kom for å vitna; han skulle vitna om ljoset, så alle kunne koma til tru ved han. Det var ikkje han som var ljoset, men han skulle vitna om ljoset.]
Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud. Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.

Slik lyder Herrens ord.

"Eg vil deg," sa Guds ord, "Deg!" – Guds ord, det er menneskesonen, det er Jesus Kristus. Han bil bu hos oss. Han vil busetje seg fast hos oss om vi gir han rom. Han kjem ikkje berre på besøk han har tenkt å bli om han får …

I Jesus Kristus blei gud menneske. Guds ord blei konkret. Og han vil deg. Med Jesus kom eit nytt lys i verda og det er vi som skal spreie dette lyset. Vi skal engasjere oss der vi er og med det vi kan for å gjere verda litt lysare? Kjenner du nokon som kunne ha godt av ei lita oppmuntring? Kvifor ikkje ringe eller skrive eit ekstra julekort? Vi alle har fått gåver då vi vart født, men det gjelder ikkje berre å ha dei, men å bruke dei.

 

"Eg vil deg," sa Guds ord, "Deg!"

God jul!

AMEN