Drucken

Kor har eg dei? Eg veit at eg hadde dei for berre nokre få minutt sidan. Er det noko som har sett bilnøklane mine? Det står fornamnet mitt på dei, så det skulle være enkelt å finne ut kven sine et er.

 

Eg hater det å leite etter ting. Det går nokolunde bra med ting, der eg berre må tenkje litt tilbake, kva eg har gjord med dei. Men det verste eg veit er ting som ser ut som om dei ikkje ynskjer å bli funnet.

Men det er ikkje berre ting ein kan leite etter det er også folk. Dette kan være ei stor utfordring i ein storby, men også her på øyane, der det for ukjente ikkje er så enkelt å orientere seg utan gatenamn og med hus som skifter farge. Men vanlegvis finn alle nok frem til den dei leiter etter – i alle fall før eller sidan.

Og det ser i alle fall ut som om dokke alle saman har funne vegen hitt i dag og det utan spesielle vanskar.

Verre er det folk som ein har leita etter i fleire hundre år – slik som denne karen som vi får høyre om i dagens preiketekst:

Det står skrive i Apostelgjerningane i det 1. kapitlet:

I den fyrste boka mi, Teofilus, skreiv eg om alt det Jesus gjorde og lærte, frå det fyrste og heilt til den dagen han vart oppteken til himmelen. Før det hende, hadde han ved Den Heilage Ande gjeve sine påbod til dei apostlane som han hadde valt ut. Etter at han hadde lide og døytt, steig han fram for dei og gav dei mange klåre prov på at han levde. I førti dagar synte han seg for dei og tala om det som har med Guds rike å gjera. Ein gong han åt saman med dei, sa han: "De skal ikkje fara bort frå Jerusalem, men venta på det som Faderen har lova og som eg har tala om. For Johannes døypte med vatn; men de skal døypast med Den Heilage Ande om nokre få dagar."
Medan dei var samla, spurde dei han: "Herre, er det på den tid du vil atterreisa riket for Israel?" Han svara: "Det er ikkje dykkar sak å kjenna tider og stunder som Faderen har fastsett i si eiga makt. Men når Den Heilage Ande kjem over dykk, får de kraft, og de skal vera mine vitne i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og alt til heimsens endar."
Då han hadde sagt dette, vart han opplyft medan dei såg på, og ei sky tok han bort for augo deira. Som dei no stod og stirte opp mot himmelen då han fór bort, stod det med eitt to menn i kvite klede framfor dei og sa: "Kvifor står de og ser opp mot himmelen, galilearar? Denne Jesus, som vart teken opp til himmelen frå dykk, han skal koma att på same måten som de såg han fara opp til himmelen."

Slik lyder Herrens ord.

Sidan himmelfartsdagen  for nesten 2000 år sidan er det ingen som har sett Jesus. Jesus skal kome att. Men vi veit ikkje når og kor: Det er ikkje dykkar sak å kjenna tider og stunder som Faderen har fastsett i si eiga makt. Guds røynd ser ut til å være ei røynd utan tid, og kanskje er det difor at folk har leita etter Jesus so pass lenge. Men sjølv om Jesus ikkje er synleg att komen på jorda går det likevel an å møte han: For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt iblant dei. (Matt 18,20)

Men det er ikkje vi som kan finne Jesus, det er han som finner oss. Men det er vi som må gi han mogleik til å finne oss.  Vi må søke det kristne fellesskapet. Nor eg sitt åleine i kammerset mitt, då er det litt for få. Då er der ikkje to eller tre. Vi treng fellesskapet for trua, men det er ikkje så viktig kor dette fellesskapet møtast, men at det møtast. Og det kan være i kyrkja eller på bedehuset, men det kan også være her ute eller på tur. Det er viktig at vi samlast om tura slik at Jesus kan finne oss. AMEN