Preiketekst: Joh 1:19-27

Dette er det vitnemålet Johannes gav då jødane sende nokre prestar og levittar frå Jerusalem,

som skulle spørja han: "Kven er du?" Då sa han beint ut og sanna: "Eg er ikkje Messias." "Kven er du då?" spurde dei. "Er du Elia?" "Nei, det er eg ikkje," svara han. "Er du profeten?" "Nei," sa han. "Sei oss då kven du er," sa dei, "så vi kan ha eit svar til dei som har sendt oss. Kva seier du om deg sjølv?" Han sa: "Eg er ei røyst som ropar i øydemarka: Gjer vegen bein for Herren, som profeten Jesaja har sagt." Nokre av dei som var sende, høyrde til farisearane, og dei spurde: "Kvifor døyper du då, når du ikkje er Messias og ikkje Elia og heller ikkje profeten?" Johannes svara: "Eg døyper med vatn. Men midt imellom dykk står ein som de ikkje kjenner, han som kjem etter meg, og som eg ikkje er verdig til å løysa skoreima åt."

 

Det finnes mange rare advents- og juletradisjonar rundt ikring i verda. Berre for å starte med maten pølse, surkol, ribbe, kanin, gås …. nokre støyper  andre dansar rundt juletreet. Og finnes mange forskjellige berre i Noreg og ennå fleire i utlandet.

Då eg kom til Noreg la eg merke til ein tradisjon som virka litt rart for meg: julevasken. Mange sa til meg at dei ikkje fikk oppleve skikkeleg jul før dei hadde vaske huset skikkeleg, før dei hadde fortent seg jul.

Ordet advent kjem frå det latinske ordet adventus og tyder framkomst. Adventstida skal minne oss om at Jesu skal kome att. "Han skal kome att for å dømme levande og døde." heiter det i truvedkjenninga. Adventstida, tida før jul, tida  der alle er stressa, denne tida har frå gammalt av vært ei fastetid, ei tid til ettertanke. "Gjer vegen bein for Herren" ropar døyparen Johannes. Alle disse julebord med vor - og nachspiel, kjøpepresset, alle dess møtene - det gir ikkje mykje tid til ettertanke, det gir ikkje mykje tid for gjer det som døyparen Johannes seier: "Gjer vegen bein for Herren".

Jul er ingen ting vi kan fortene oss. Det at Gud blei menneske og kom til jorda som Jesus, som en liten baby, det kan vi ikkje fortene oss. Men vi kan førebu oss på den dagen han skal kome att for å rydde opp med all urett og al det som vondt er. "Gjer vegen bein for Herren" Gjer veg for i deg sjølv.  Alle hus som eg kjem inn her er så reint å fint inne: Det er ikkje nødvendig med noko julevask. Til våren er likevel mykje lettare å sjå støvet. Drop julevasken i huset! Ta deg ein inderleg julevask! Sjå kva som står i vegen mellom Gud og deg? Kva skal Jesus helst ikkje møte deg med når han kjem? Ta deg ein inderleg julevask og ryd opp i forholdet mellom deg og Gud og mellom deg og medmenneskene dine. "Gjer vegen bein for Herren".

Ein god 4. advent

Michael Hoffmann