Jubelkonfirmasjon

Preludium med prosesjon

Inngangssalme - No takka alle Gud

No takka alle Gud

med hjarta, munn og hender,

som overmål av godt

så ufortent oss sender,

som heilt frå fyrste stund

til oss har nådig sett,

og alt som me treng til,

så rikleg oss har tétt.

 

Den evig rike Gud,

han òg heretter unne

oss fryd og hjartefred,

han gjeve at me kunne

få hjelp i all vår naud

og fast i nåden stå

og vinna i vår strid,

og så hans åsyn sjå!

 

Gud Fader og Guds Son,

ha takk og evig ære,

Guds Ande, trøystarmann,

han òg høglova vere!

Du eine sanne Gud,

som evig var og er,

me deg med audmjuk ånd

vårt takkeoffer ber.

Nådehelsing

L: Kjære kyrkjelyd.

Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus.

Inngangsbøn med minning

Det har gått 50 år.. Vi klarer å sjå mykje som har skjedd med oss fram til denne dagen. Gud du tok vare på oss, du verna oss mot ulykke, vi var lykkeleg og vi har opplevd tunge stunder. Herre vi ber deg om  hjelp slik at vi ikkje gløymer det som ligg bak oss. Herre vær du med oss slik at vi ikkje blir hengande fast  i fortida, slik at vi klarer å ta imot med takk det som møter oss i dag og ikkje blir redde for morgondagen.

Herre når vi no er samla her i dag minnast vi og  dei tre  som og blei konfirmerte i lag med oss  og som ikkje lengre er iblant  oss på denne jorda. Vi minnast:

Salme

Jeg er i Herrens hender

når dagen gryr i øst.

Hver morgen han meg sender

sitt ord med lys og trøst.

Hva dagen meg vil bringe

av glede og av savn,

jeg kan på bønnens vinge

få kraft i Jesu navn.

 

Jeg er i Herrens hender

i alt som med meg skjer.

I smil og gråt jeg kjenner

at Herren er meg nær.

Om jeg i dype daler

må gå den tunge vei,

fra himlens høye saler

hans øye følger meg.

 

Jeg er i Herrens hender

når dagen dør i vest.

Min synd jeg stilt bekjenner

for ham, min høye gjest.

Han gir meg himlens nåde

og setter englevakt,

for natten han vil råde

med hellig guddomsmakt.

 

Jeg er i Herrens hender

når dødens bud meg når.

Mens lyset stilt nedbrenner,

fra ham jeg hilsen får.

Han gir meg stav i hånde,

han gir meg trøst i sinn,

og glemt er ve og vånde

på vei til himlen inn.

 

Tekstlesing

Rom 5:1-5

Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.

Preike

Av og til blir eg spurt kva som motiverer meg til å være prest her ute i Haram. Og eg kan gi dokke eit nok så enkelt og direkte svar: Jesu Kristi nåde. Det er flott her ute, fint landskap og flinke folk. Men livet er ikkje berre ros og kos heller ikkje for ein prest på Haramsøya. Det er også mørke dagar med skyer og storm. Sjølv om dei aller fleste her i landet lever på den lyse sida av livet har livet og sine tunge stunder. Men sjølv i all motgang kan vi prise oss lukkeleg. Eg kan prise meg lukkeleg. Eg kan prise med lukkeleg sjølv i mørke stunder, lykkeleg fordi eg har guds nåde. Dei som har den kristne trua er ikkje betre menneske , men dei har det betre. Vi har det betre fordi livet vårt har eit nytt perspektiv. Den har ikkje lengre berre eit tidsavgrensa perspektiv, men også eit evighhetsperspektiv. Livet har fått ein ny dimensjon. Det var i alle fall det eg fekk oppleve då eg vart konfirmerte ikkje lenge før konfirmasjonen min.

Kvifor er eg i dag prest på Haramsøy der mange prester har reist etter berre ei kort stund? Eg er her ute fordi eg har Jesu Kristi nåde. Gud er nådig han ser ikkje på feilane, verken mine eller dei til andre. Gud ser på trua mi og han ser på meg med nåde. Og eg kan prise meg lukkelege fordi eg kan tene han i denne nåden. Det er kanskje litt vanskeleg å sei det slik som Paulus at ”vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre”. Men vi kan prise oss lykkeleg  ikkje berre på solskinsdagar, men også når det regner og stormar. Vi kan prise oss lykkeleg fordi vi  har eit håp utover dette livet her på jorda.

Eit viktig element i konfirmasjonen er å bli minna om dåpen sin. Då eg blei døypt ikkje lenge før konfirmasjonen min vart det ein ny dimensjon som opna seg for meg i livet mitt: Evighetsdimensjonen. For gud er ikkje tida ei grense slik som den er det for oss. Og vegen til gud er open for oss.  Av nåde døde Jesus Kristus på korset for oss. Han byggja ei bru for oss. Ei bru utover dette livet er opna. Autobanen til gud er fri og uansett kva vær vi møter på denne sida av brua på den andre sida er det lys og varme. Gud tar oss imot med sin nåde det kan vi juble over uansett korleis vi har det her.

Forsakinga og truvedkjenninga

Kjære jubilantar, det er femti år sidan de i konfirmasjonen vedkjente  forsakinga og trua som de blei døypte til. Dette skjedde med dei orda som frå gamalt av minner kyrkjelyden om kva som er grunnvollen, kva den lever av og kva som er orienteringa og målet. Språket forandrar seg, tida forandrar seg, men grunnvollen i den kristne trua bli ståande. Jesus Kristus og trua på han er den same i går, i dag og i morgon. I dåpen frelste Gud oss ut av mørkets makt og gav oss rett til å vera born av lyset. Vi vart kalla til å følgja Kristus og leva vårt liv i fellesskap med han. Lat oss derfor vedkjennast forsakinga og trua som lydde då vi vart døypte.

A: Eg forsakar djevelen

og alle hans gjerningar

og alt hans vesen.

 

A: Eg trur på Gud Fader, den allmektige,

som skapte himmel og jord.

 

Eg trur på Jesus Kristus,

Guds einborne Son, vår Herre

som vart avla ved Den Heilage Ande

fødd av Maria møy,

pint under Pontius Pilatus,

vart krossfest, døydde og vart gravlagd,

fór ned til dødsriket,

stod opp frå dei døde tredje dagen,

fór opp til himmelen,

sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader,

skal koma att derifrå og døma levande og døde.

 

Eg trur på Den Heilage Ande,

ei heilag, allmenn kyrkje,

eit samfunn av dei heilage,

forlating for syndene,

oppstoda av lekamen og evig liv.

Amen.

Salme - Det er makt i de foldede hender.

Det er makt i de foldede hender.

I seg selv er de svake og små.

Men mot allmaktens Gud du dem vender,

han har lovet at svar skal du få.

 

Omkved

Det er svar underveis,

engler kommer med bud.

Om det drøyer, det fram dog skal nå.

For det lovet jo løftenes trofaste Gud:

Kall på meg, og du hjelpen skal få!

 

Du som ber for ditt barn, dine kjære,

er i forbønn fra år og til år,

om du tålmodets lekse må lære,

himlens bønnesvar engang du får.

Omkved

 

Det er makt i de foldede hender

når i Frelserens navn du får be.

Og engang når du livsløpet ender,

hvert et bønnesvar klart skal du se.

Omkved

Forbøn med handspålegging

Kjære jubilantar: kom no fram til Herrens alter slik at vi kan be for kvar einskild av dykk. I ein første omgang ber eg  ….. om å kome fram. ,

 

  1. 1. Trufaste Gud. Vi bed deg for (namnet vert nemnt). Gjev han/henne styrke. Hald han/henne fast i trua på Jesus Kristus.
  2. 2. Gode Gud, vi bed deg for (namnet vert nemnt). Vara han/henne frå alt vondt og ver hans/hennar vaktar og hjelpar i dag og alle dagar.
  3. 3. Evige Gud, vi bed deg for (namnet vert nemnt). Ver med han/henne, og hald han/henne fast i din fred.
  4. 4. Herre, treeinige Gud, vi bed deg for (namnet vert nemnt).Ver nær han/henne med din nåde og styrk han/henne i trua, vona og kjærleiken.
  5. 5. Miskunnsame Gud, vi bed deg for (namnet vert nemnt). Du har kalla han/henne til å leva i fellesskap med deg. Vis han/henne din kjærleik og den vona som han/ho eig i deg.
  6. 6. Livsens Gud, vi bed deg for (namnet vert nemnt) (namnet vert nemnt). Hjelp han/henne til å leva til di ære og til glede og velsigning for andre.
  7. 7. Allmektige Gud, vi bed deg for (namnet vert nemnt). Lat han/henne alltid sjå at Jesus er vegen, sanninga og livet.
  8. 8. Evige uforanderlege Gud, vi bed deg for (namnet vert nemnt). Lat han/henne få kjenna din nærleik og alltid følgja den vegen som fører til frelse.
  9. 9. Nådige, trufaste Gud, vi bed deg for (namnet vert nemnt). Styrk han/henne ved din Heilage Ande, til eit liv i tru og teneste.

10. Barmhjertige skapar og Herre, vi bed deg for (namnet vert nemnt). Lat han/henne få vandra i ditt lys og leva sitt liv omgjeven av din kjærleik.

11. Herre Jesus Kristus, vi bed deg for  (namnet vert nemnt). Velsign han/henne og bevare han/henne og velsign og vara  han/henne frå alt vondt og før han/henne  til det evige liv.

12. Gud, vi bed deg for  (namnet vert nemnt). velsign han/henne og vara han/henne i dåpsnåden fram til det evige liv.

13. Herre, treeinige Gud, vi bed deg for (namnet vert nemnt). Du har gjort oss til dine born i den heilage dåpen; gjev han/henne ei fast tru så han/henne kan vinna det evige livet.

14. All nådes Gud, vi bed deg for (namnet vert nemnt). I Kristus har du kalla oss til evig herlegdom; hald han/henne fast i dåpsnåden til Jesu Kristi dag.

15. Himmelske Far, vi bed deg for (namnet vert nemnt). I dåpen har du fria oss ut frå mørkers makt og sett oss over i ditt rike; styrk han og verna om han/henne  til det evige liv.

16. Trufaste Gud, vi bed deg for (namnet vert nemnt). Du har i dåpen kalla oss til samfunn med deg; verna om han/henne  med di kraft, så han/ho kan vinna evig frelse i trua på Jesus Kristus.

17. Himmelske Far, vi bed deg for (namnet vert nemnt). I dåpen har du født oss på nytt og gjeve oss ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde; styrk han/henne med din Heilage Ande til det evige liv.

18. Herre, vår Gud, vi bed deg for (namnet vert nemnt). Du har frelst oss og kalla oss med eit heilagt kall då vi vart døypte; gjev han/henne ved Den Heilage Ande å stå fast i di frelse og få del i den evige herlegdomen.

  1. 19. Gud, vår Far i himmelen, vi bed deg for (namnet vert nemnt). Du har i dåpen reinsa oss og gjort oss til ditt eige folk; hjelp han/henne ved din Ande å strida den gode striden i trua, og nå det evige målet hjå deg.
  2. 20.

Lat oss saman be:

Herre Gud, vi takker deg for alle gåver du har gitt oss. Vi takkar deg for at du gir oss det vi treng for å leve. Herre, gi oss det som er godt for oss for kropp og sjel. Gi oss kvar dag ny kraft slik at vi klarer å sjå dei menneska som treng oss. Hjelp oss slik at vi kan gi medmenneska våre glede i livet.

Vi takkar deg Herre   for festen i dag. Vi takkar for dei som gler seg med oss, skulekamerater, familien og venner. Vær du med dei og med oss også når vi i morgon går kvar vår veg. La oss oppleve dei gode sidene av det å bli eldre. Vi takkar deg vår Gud for kjærleiken din som har bore oss fram til i dag og for ditt tålmod og din nåde.

Herre vi ber deg vara oss når vi går vidare og møter grensene til livet her på jorda, vara oss i sjukdom og død, hjelp oss mot angst og tunge tanker. Bær du oss med din kjærleik gjennom sonen din Jesus Kristus vår Herre og bror.

Amen

Salme

Fager kveldsol smiler

over heimen ned,

jord og himmel kviler

stilt i heilag fred.

 

Berre bekken brusar

frå det bratte fjell,

høyr, kor sterkt det susar

i den stille kveld!

 

Ingen kveld kan læra

bekken fred og ro,

ingi klokke bera

honom kvilebod.

 

Så mitt hjarta stundar,

bankande i barm,

til eg eingong blundar

i Guds faderarm.

Velsigning

L: Ta imot velsigninga.

 

Vår gud som vandrar med dykk gjennom livet, må han være med dykk og styrkje dykk på vegen til de når  målet.

Herren velsigne deg og vare deg.

Herren late sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig.

Herren lyfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred.