S97 127 Nå er det morgen

Nå er det morgen,

tåkene letter.

Fuglesang vekker

livet på jord.

 

Takk, Gud, for sangen,

dagen og lyset,

sannhetens kilde,

som er ditt ord.

Skapelsens morgen,

solen og vinden

stryker din nåde

mykt mot mitt kinn.

Takk, Gud, for marken,

skogen og gresset.

Nyfødt er jorden,

dagen er min.

Jesus, du oppstod

ren og forklaret,

langs våre stier

har du din vei.

Vakker er jorden,

mektig er håpet:

Alt skal fornyes

herlig i deg.

Nådehelsing

L: Herren vere med dykk.

K: Og med deg vere Herren.

Fyrste lesinga: 1 Mos 1:1-5,26-31,2:1-2

SKAPING OG NYSKAPING VED GUDS ORD

L: I denne natta reiste Gud vår Herre Jesus Kristus opp frå dei døde og førte liv og udøyelegdom fram i ljoset. Lat oss høyra korleis Gud i opphavet skapte alt ved sitt mektige ord.

I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. Jorda var aud og tom, og mørker låg over havdjupet. Men Guds Ande sveiv over vatnet. Då sa Gud: ”Det verte ljos!” Så vart det ljos. Og Gud såg at ljoset var godt, og han skilde ljoset frå mørkret. Gud kalla ljoset dag, og mørkret kalla han natt. Og det vart kveld, og det vart morgon, fyrste dagen.

Då sa Gud: ”Lat oss skapa menneske i vårt bilete, i vår likning! Dei skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen, over feet og alle villdyra og alt krypet som krælar på jorda.” Så skapte Gud mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, til mann og kvinne skapte han dei. Og Gud velsigna dei og sa til dei: ”De skal veksa og aukast, fylla jorda og leggja henne under dykk. De skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen og alle dyr som det kryr av på jorda!” Og Gud sa: ”Sjå, eg gjev dykk alle planter som set frø, så mange som finst på jorda, og alle tre som ber frukt med frø i. Dei skal vera til føde for dykk. Og alle dyr på jorda, alle fuglar under himmelen og alt som kryp på jorda, alt som har livsande i seg, gjev eg alle dei grøne plantene til føde.” Og det vart så. Og Gud skoda alt det han hadde gjort, og sjå, det var overlag godt. Og det vart kveld, og det vart morgon, sjette dagen.

Såleis vart himmelen og jorda fullførte med heile sin hær. Den sjuande dagen hadde Gud fullført heile sitt verk. Så kvilte Gud den sjuande dagen etter at han hadde gjort alt dette.

Te deum laudamus (Kanon)

Te Deum laudamus, vi lovar deg å Gud!.
Orbis terrae te laudat, å jorda lovsyng Gud!.

Te Deum laudamus, vi lovar deg å Gud!.
Orbis terrae te laudat, å jorda lovsyng Gud!.

Herrens bøn

A:  Fader vår, du som er i himmelen!

Lat namnet ditt helgast.

Lat riket ditt koma.

Lat viljen din råda på jorda så som i himmelen.

Gjev oss i dag vårt daglege brød.

Forlat oss vår skuld,

som vi òg forlét våre skuldmenn.

Før oss ikkje ut i freisting,

men frels oss frå det vonde.

For riket er ditt,

og makta og æra i all æve.

Amen.

NoS 184 Påskemorgen slukker sorgen 1-3

Påskemorgen

slukker sorgen,

slukker sorgen til evig tid;

den har oss givet

lyset og livet,

lyset og livet i dagning blid.

Påskemorgen

slukker sorgen,

slukker sorgen til evig tid.

Redningsmannen

er oppstanden,

er oppstanden i morgengry!

Helvede greder,

himlen seg gleder,

himlen seg gleder med lovsang ny.

Redningsmannen

er oppstanden,

er oppstanden i morgengry!

Sangen toner,

vår forsoner,

vår forsoner til evig pris;

han ville bløde

for oss å møte,

for oss å møte i paradis.

Sangen toner,

vår forsoner,

vår forsoner til evig pris.

Fjerde lesinga: Mark 16:1-8

L: Dette heilage evangeliet står skrive hjå evangelisten Markus i det 6. kapitlet:

Då sabbaten var til ende, kjøpte Maria Magdalena og Maria, mor til Jakob, og Salome angande olje; for dei ville gå og salva han. Tidleg om morgonen fyrste dagen i veka kom dei til grava, med det same sola rann. Dei sa seg imellom: ”Kven skal vi få til å velta steinen frå gravopninga?” Men då dei såg opp, fekk dei sjå at steinen var fråvelt. Han var svært stor.

Då dei kom inn i grava, såg dei ein ung mann som sat på høgre sida, kledd i ein lang, kvit kjortel. Dei vart forfærde, men han sa til dei: ”Ver ikkje redde! De leitar etter Jesus frå Nasaret, han som vart krossfest. Han er oppstaden, han er ikkje her. Sjå her er staden der dei la han! Men gå av stad og sei til læresveinane hans og til Peter at han går føre dykk til Galilea. Der skal de få sjå han, som han har sagt dykk.” Då gjekk dei ut att og rømde frå grava, skjelvande av redsle. Og dei sa ikkje eit ord til nokon; for dei var redde.

Slik lyder Herrens ord.

Tenning av påskeljoset

Påskeljoset vert tent...

Kor og kyrkjelyd syng salme.

NoS 187 Deg være ære

Deg være ære,

Herre over dødens makt!

Evig skal døden være

Kristus underlagt.

Lyset fyller haven,

se, en engel kom,

åpnet den stengte graven,

Jesu grav er tom!

Omkved:

Deg være ære,

Herre over dødens makt!

Evig skal døden være

Kristus underlagt.

Se, Herren lever!

Salig morgenstund!

Mørkets makter bever.

Trygg er troens grunn.

Jubelropet runger:

Frelseren er her!

Pris ham, alle tunger,

Kristus Herre er!

Omkved

Frykt ikke mere!

Evig er han med.

Troens øye ser det:

Han gir liv og fred.

Kristi navn er ære,

seier er hans vei,

evig skal han regjere,

aldri frykter jeg.

Omkved

Velsigning og sending

Lovprising

L: Lat oss prisa Herren.

K: Gud vere lova. Halleluja. Halleluja. Halleluja.

Velsigning

L: Herren velsigne deg og vare deg.

Herren late sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig.

Herren lyfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred.

Amen

K: Amen. Amen. Amen

Fredshelsing

L: Gå i fred. Fortel om Guds nåde!

 

Anhänge:
DateiBeschreibungErstellerDateigröße
Diese Datei herunterladen (tenning av påskeljoset-s.doc)tenning av påskeljoset-s.doc Michael Hoffmann44 kB