Norsk

Hei,

Veit dokke kva vi feirar i kyrkja om 3 veker?  På måndagen om tre veker kjem både skulen og barnehagen til å vere stengte, men kvifor det? Det må nok vere ein eller anna fest, men kva fest?

Det er pinse, men kva er det eigentleg vi feirar til pinse? Kva er det som gjer at vi feirar pinsedagen? Korleis gjekk det seg til? Skal eg fortelje det til dokke?

Tvil og tru

Det er ei ny rute for fergja i dag med fleire anløp på Lepsøya slik at det skulle passe betre å reise mellom Øyane. Trur du det? Tviler du på det?  Kva er det som må til for at du skal tru det? Må du då få det svart på kvit? Men når du har det svart på kvit, trur du då eller veit du det?

Kva meiner det å tru? Å tru på noko det meiner å vere trygge på noko og og tvile på noko det meiner å vere utrygge på noko. Tvil og tru dei to ting høyrer saman. Å tru det meiner ikkje vite noko, men å vere trygge på noko. Men det er nok ikkje alle som klarer å tru utan å vite:

Gratulerer med dagen! Eg tenkte at eg skulle ta to ting med meg opp på preikestolen i dag. Det eine er eit norsk flagg og det andre er eit norsk pass. Veit dokke kva desse ting er verdt? Vel, passet for ein voksen kostar vel rundt ein tusenlapp og omtrent ein fjerdedel for eit barn. Eit lite flagg får du for under 50 kroner og det er heller ikkje dyrt å kjøpe ei større.

Men er det det, dei er verdt?

Har du klart å lese noko i påska? Dette her er ein bok og det er til og med ein krimbok. Men eg må nok innrømme at eg berre har lånt den. Bortsett frå kanskje Sherlok Holmes er eg nemleg ikkje noko særleg glad i krim, verken på Tv eller mellom 2 permar. På ein eller anna måte verker det på meg slik som om det er alltid det same som skjer: Det skjer eit drap og så leiter etterforskaren etter drapsmannen for å finne den til slutt. Og forskjellen mellom god og dårleg krim er ofte kor tidleg du veit kven som er drapsmannen.

I dag er det Skjærtorsdag. Dagen då Jesus feira nattverd i lag med læresveinane sine. Dagen då han sa at vi skulle feire nattverd. De kjenner teksten for denne dagen.

Dette heilage evangeliet står skrive hos evangelisten Lukas i det 22. kapitlet:

Då tida kom, gjekk Jesus til bords og apostlane med han. Og han sa til dei: «Eg har lengta inderleg etter å eta dette påskemåltidet i lag med dykk før eg skal lida. For eg seier dykk: Aldri meir skal eg eta påskemåltidet før det har fått si fullending i Guds rike.» Så tok han eit beger, bad takkebøna og sa: «Ta dette og del det mellom dykk. For eg seier dykk: Heretter skal eg aldri drikka av frukta frå vintreet før Guds rike er kome.» Så tok han eit brød, takka og braut det, gav dei og sa: «Dette er min kropp, som blir gjeven for dykk. Gjer dette til minne om meg.» Like eins tok han begeret etter måltidet og sa: «Dette begeret er den nye pakt i mitt blod, som blir aust ut for dykk.

Slik lyder Herrens ord.

 

Nå kunne halde ei lang tale til dykk om kor viktig det er å ta dette oppdraget på alvor, men eg vil heller fortelje dykk ei historie:

Brød som smaker annleis

Det var på den sørlege delen av kysten i eit latinamerikansk land. Marco budde i eit fiskevær med sin kone Linda og deira tre barn Josè, Amalio og Lucia. I mange år var han fiskar. Men nå var det allereie i fleire månader at han var utan jobb. Selskapet som han jobba for slutta å fiske ved denne delen av kysten. De var ikkje nok pengar å tene på det. Arbeidstidsordningar for sjøfolk som vi er vante med frå Noreg var det ikkje å tenkje på.

Unterkategorien